Tur 938 GPT Bømlo-besøk. Vabakkjen-Linneavegen-Ås-Paviljongen-Havna-Evjo-Sjoarbakken-Vabakkjen den 20.02.2025.

Denne turen gjekk av ymse grunnar ikkje ned til Leirvik slik det går fram av Stord Gutta På Tur sitt turprogram for vinter-vår 2025. I staden for tur til Leirvik, gjekk turen i Landåsen-området.

Denne dagen møtte det opp 43 turdeltakarar.

36 av desse var med på hovedturen til Landåsvatnet og Eventyrskogen.

Turlengd: Ca. 5 km

Turleiar: Oddbjørn Kvålsvold

Turen starta frå parkeringsplassen ved E39 undergangen på Vabakkjen. Me gjekk inn til Landåsvatnet, og vidare på austsida av vatnet. Derifrå mot Hestatjørna og Mortjørna. Matpausen blei tatt litt før me kom til Eventyrskogen. Etter matpausen gjekk me forbi Eventyrskogen, og så tilbake til Vabakkjen igjen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund Erland
Namneopprop på Vabakkjen før turen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren. Foto: Sigmund Erland
Det var ein heil gjeng som skulle på tur, sidan Gutta På Tur Bømlo var med oss denne dagen.
Foto: Sigmund Erland
Turen starta gjennom E39 undergangen på Vabakkjen. Foto: Sigmund Erland
Lenger oppe i bakken fekk me utsyn over Tveitavatnet. Der fortalde turleiaren at det tidlegare blei saga is frå Tveitavatnet om vintrane. Isbitane blei mellomlagra i eit ishus som stod 20-30 m frå austre kanten av Tveitavatnet mot Vabakkjen. Isen blei m.a. brukt til kjøling av mjølk på meieriet. Meir om dette på heimesida til Stord Sogelag (Søk på «issaging»).
Foto: Sigmund Erland
Me tar til høgre i krysset litt før me kjem til Landåsvatnet. Foto: Sigmund Erland
Landåsvatnet i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Ein liten pause her. Turleiaren fortel om nærområdet. Foto: Sigmund Erland
Bra driv i denne motbakkan.
Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Ein av turdeltakarane underheldt oss med tussefløyte i matpausen.
Foto: Sigmund Erland

Og på denne videoen kan me høyra han spela.
Foto: Bjørn Østrem

Foto: Sverre Vinje
Foto: Bjørn Østrem
Matpausen er slutt, og me nærmar oss Eventyrskogen. Foto: Bjørn Østrem

Bilder frå Eventyrskogen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Me har no gått ein rundtur i Landåsen, og er tilbake til krysset i søraust-enden av Landåsvatnet. Det er her 0,9 km å gå tilbake til Vabakkjen der turen starta.
Foto: Sigmund Erland
Me er tilbake til E39 undergangen. Foto: Sigmund Erland
Og her blir turleiaren takka for ein fin og interessant tur i Landåsen. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 7 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

Fem av desse gjekk frå Vabakkjen og heilt fram til gapahuken i Skjepåsen, og tilbake til Vabakkjen igjen. De to andre snudde litt før gapahuken.

Det blei ikkje tatt bilder frå denne turen.

Tur 937 Ulvatjørna rundt den 13.02.2025.

Denne dagen møtte det opp 51 turdeltakarar.

34 av desse var med på turen rundt Ulvatjørna.

Turlengd: Ca. 4-5 km.

Turleiarar: Oddbjørn Kvålsvold og Arne Haugland

Bilane blei parkerte på parkeringsplass eit lite stykke frå klubbhuset til Stord skyttarlag på Isdal. Me gjekk først over Daleelva, og så til høgre ned til leirdueskytebanen. Der tok me til venstre inn på sti vestover gjennom skogen til me kom inn på ein skogsveg. Me gjekk på denne ca. 600 m nordover, vest for Ulvatjørna, og vidare på sti ca. 300 m austover, heilt fram til tjørna der me hadde matpause. Etter matpausen kryssa me bekken som kjem frå Ulvatjørndalen, og kom inn på ein annan skogsveg. Denne følgde me sørover, på austsida av Ulvatjørna og skytebanen, til me kom inn på Skytebanevegen, og gjekk vidare ca. 100 m bort til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Laga av: Sigmund Erland
Turleiarane Arne Haugland og Oddbjørn Kvålsvold. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta. Foto: Sigmund Erland
På veg mot leirdueskytebanen til Stord skyttarlag. Foto: Sigmund Erland
    Foto: Sigmund Erland
    Bilde frå leirdueskytebanen. Foto: Sigmund Erland
    Ein lokalkjent turdeltakar orienterer.
    Foto: Sigmund Erland
    Me forlet leirdueskytebanen. Foto: Sigmund Erland
    Og går vestover inn i skogen. Foto: Sigmund Erland
    Me er inne i skogen. Foto: Sigmund Erland
    Her er det vanlegvis blautt, men fint denne dagen på grunn av frost. Foto: Sigmund Erland
    Me nærmar oss Ulvatjørna. Foto: Sigmund Erland
    Og her ser me tjørna bak alle tuene.
    Foto: Sigmund Erland

    Bilder frå matpausen:

    Foto: Sigmund Erland
    Foto: Sigmund Erland
    Foto: Sigmund Erland
    Foto: Sverre Vinje
    Me kryssar bekken som kjem frå Ulvatjørndalen og renn ut i Ulvatjørna. Foto: Sigmund Erland
    Ulvatjørna i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
    Me kjem forbi «Stjernekarusellen», som tilhøyrer ein av turdeltakarane. Foto: Sigmund Erland
    Dei som ønskte det, fekk prøva karusellen. Foto: Sigmund Erland
    Her blei det også tatt gruppebilder. Foto: Sverre Vinje
    Ikkje alle kom med på det første gruppebildet.
    Foto: Sigmund Erland
    Turdeltakaren som eig karusellen, har også ei fin grillhytte her. Foto: Sigmund Erland
    Foto: Sigmund Erland
    Foto: Sigmund Erland
    Me er komne nesten ned til Skytebanevegen. Foto: Sigmund Erland
    Her er me komne tilbake til parkeringsplassen. Turleiarane blir takka for ein fin tur rundt Ulvatjørna. Foto: Sigmund Erland



    ALTERNATIV TUR

    Det var 17 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

    Turen starta ved Meatjødno på Heiane, og gjekk vidare bak Valvatnafeltet. Tilbake via brakkebyane på Heiane, og under hovudvegen mot Hatland skule. Matpausen var under tak i gamle vedlageret. Vidare derifrå under hovudvegen ved Haugaland kraft, og tilbake til der me starta.

    Bilder frå turen:

    Tur 936 Årsmøte i Skytterhuset på Isdal med tur i nærmiljø den 06.02.2025.

    Denne dagen møtte det opp 50 tur-/ årsmøtedeltakarar.

    Turlengd: Ca. 2 km

    Turleiar: Egil Isdal

    Årsmøtearrangør: Styret i Stord Gutta På Tur

    Bilane blei parkerte utanfor klubbhuset til Stord skyttarlag. Turen starta frå klubbhuset, forbi Myra, og ned til Daleelva. Derifrå til Nedre Dale, og vidare ned på Gruvevegen. Me følgde denne vegen ca. 40 m austover før me tok av til venstre opp til klubbhuset til Stord skyttarlag igjen. Etterpå var det årsmøte for 2024 i Stord Gutta På Tur, og matpause etter årsmøtet.

    Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
    Laga av: Sigmund Erland
    Frå parkeringsplassen framfor klubbhuset til Stord skyttarlag på Isdal.
    Foto: Sigmund Erland
    Turleiaren fortel om turen me skal gå. Foto: Sigmund Erland
    Turen har nett starta. Foto: Sigmund Erland
    Me har nett passert Myra, og nærmar oss Daleelva. Foto: Sigmund Erland
    Her går me langs Daleelva. Denne kjem frå Ulvatjødno, og renn ut i Storavatnet. Foto: Sigmund Erland
    Me har nett gått gjennom gardstunet på Nedre Dale. Foto: Sigmund Erland
    Og kjem her ned til Gruvevegen.
    Foto: Sigmund Erland
    Me tar av frå Gruvevegen, og går oppover mot Isdal. Foto: Sigmund Erland
    Bilde frå Isdalsvegen. Foto: Sigmund Erland
    Formannen i Stord Gutta På Tur ønskjer velkommen til årsmøte. Me er i klubbhuset til Stord skyttarlag på Isdal. Foto: Sigmund Erland

    Agenda for årsmøtet:

    Bilde frå årsmøtet. Foto: Sigmund Erland
    Bilde frå årsmøtet. Foto: Sigmund Erland
    Ordstyrar under årsmøtet.
    Foto: Sigmund Erland
    Sekretæren las opp årsmeldinga for 2024. Foto: Sigmund Erland
    Kasseraren orienterte om årsrekneskapen for 2024, og om budsjett for 2025.
    Foto: Sigmund Erland
    Revisor for årsrekneskapen 2024 sa at han aldri før hadde sett eit så fint og strukturert oppsett for årsrekneskap som det som blei lagt fram på dette årsmøtet. Foto: Sigmund Erland
    Representant frå valgkomiteen orienterte om valg av nye styremedlemmer. Foto: Sigmund Erland
    Årsmøtet blei halde på samenes nasjonaldag, og ein av medlemane nytta høvet til å fortelja samehistorier til årsmøtedeltakarane. Foto: Sigmund Erland
    Denne årsmøtedeltakaren skrytte av det å vera medlem i Stord Gutta På Tur.
    Foto: Sigmund Erland
    Det vart delt ut diplomar og gåver til dei som ikkje skulle vera med på årsfesten den 14. februar 2025. Foto: Sigmund Erland
    Nestformannen i Stord Gutta På Tur orienterte om HLR og arbeidet i dugnadsgruppa. Han delte også ut kursbevis til kursdeltakarar som hadde gjennomgått LHL førstehjelpkurs, og som ikkje skulle delta på årsfesten den 14. februar 2025. Foto: Sigmund Erland