Tur nr. 903 til Svinavik (Svanevika) på Halsnøy den 07.03.2024.

I alt møtte det opp 42 stk. denne dagen.

25 stk. gjekk turen til Svinavik på Halsnøy der Jens Ivar Østvik og Toralf Røen var turleiarar.

Turen starta og slutta ved garden Sjoangen. Turen sørover gjekk på merka sti gjennom skogen til Svortevika, og vidare derifrå til Svinavik. Frå Svinavik gjekk turen tilbake til Svortevika, og derifrå langs kraftlinja forbi Hansavika og Sjoangevågen tilbake til Sjoangen.

Tur 903 er tegna inn med blå strek.
Tur 903 er tegna inn med blå strek.
Turen starta frå garden Sjoangen. Turleiar Toralf Røen orienterte om området rundt Sjoangen. Foto: Jakob Thormodsæter.
Hytte på Sjoangen. Foto: jakob Thormodsæter.
På merka sti sørover frå Sjoangen. Framme, frå venstre: Turleiar Toralf Røen, turleiar Jens Ivar Østvik, og Kjell Vestrheim. Foto: Sigmund Erland
På veg mot hellar , ca. 400-500 m sør for Sjoangen, der det blei tatt gruppebilde. Foto: Sigmund Erland.
Gruppebilde under hellaren. Foto: Jakob Thormodsæter.
Motiv frå turen sørover. Foto: Sigmund Erland
Svortevik kolerakyrkjegard der berre ein person er gravlagt. Foto: Sigmund Erland
Inngangen til kolerakyrkjegarden. Foto: Sigmund Erland
Den einaste gravstøtta på kolerakyrkjegarden. På denne står det: «Svortevik kolerakyrkjegard. Her kviler Knut Steffenson Sjøvangen. F. 1784. D. 15.03.1849.» Foto: Jakob Thormodsæter.
På veg ned mot Svortevika. Foto: Sigmund Erland.
Ovafor Svortevika. Foto: Sigmund Erland.
Gruppebilde. Foto: Jakob Thormodsæter.
Kårhuset i Svinavik. Foto: Sigmund Erland
Hovedtunet i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Gruppebilde i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Matpause i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Matpause i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Me blei tatt godt imot av dei som oppheldt seg på garden. Foto: jakob Thormodsæter.
Klar for turen tilbake til Sjoangen. Foto: Jakob Thormodsæter.
Det var utført mykje godt arbeid med stein i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Utsikt frå Svinavik mot Toftekalven. Foto: Sigmund Erland.
Bilde frå Svortevika. Turen tilbake gjekk langs kraftlinja frå Svortevika til Sjoangen. Foto: Sigmund Erland.
På veg frå Svortevika mot Sjoangen. Foto: Jakob Thormodsæter.
Denne «Treormen» låg på stranda i Hansavika. Foto: Sigmund Erland
«Litt» lekkasje i denne båten i Hansavika. Foto: Sigmund Erland
Utsikt ned mot Sjoangevågen. Foto: Sigmund Erland.

Det var 17 stk. som gjekk alternativ tur i området Møllebrua-Ådland-Ådlandsvatnet.

Deltakarar på alternativ tur, her på Møllebrua. Foto: Bjørn Østrem
Deltakarar på alternativ tur, her ved Ådlandsvatnet. Foto: Bjørn Østrem

Dugnad den 05.03.2024. Utplassering av bord i Grovalio.

Leif Arvid Grov hadde tidlegare transportert opp knust asfalt som bordet skulle stå på. Anders Grov har kjørt bordet opp med traktor. Den knuste asfalten vart planert av dugnadsgjengen med god hjelp av Anders Grov som hadde med traktor med skuffe.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Trageton, Arne Runnane, Anders Grov, Knut Reidar Borgenvik, Kjell Vestrheim, Johannes Haugland og Arne Haugland

Fotograf: Arne Haugland

Tur nr. 902. Rundtur Haugland-Presthaug den 29.02.2024.

I alt 41 stk. møtte opp denne dagen.

31 stk. gjekk denne hovedturen der Arne Haugland var turleiar. Turen starta og slutta ved Fjellgardane Bygdahus på Presthaug.

Tur 902. Rundtur Haugland-Presthaug. Lengde: 5-6 km.
Arne Haugland viser oss kjuke-sopp.
Arne Haugland fortel om Dyråsen som er verdt eit besøk.
GPT-leiar Sverre Vinje og turleiar Arne Haugland
Arne Haugland viste oss bru på kjerreveg mellom Haugland og Hauglandskvedno.
Matpause ved det nye bordet som er anskaffa og utplassert i 2024 av Stord Gutta På Tur med støtte frå Sparebanken Vest.
Dei som ikkje fekk plass ved bordet, sat godt på nyfelte tømmerstokkar i nærleiken.
Bildene er tatt av Jakob Thormodsæter , Oddbjørn Kvålsvold
og Sigmund Erland.

Det var 10 stk. som gjekk alternativ tur i området Landåsen-Skjephaugen den 29.02.2024.
Bilde her er tatt av Bjarte Gunnarson.