Dugnad ved Djupedalen den 19.03.2024.

Dugnaden gjekk ut på å fjerna ei gammal og dårleg klopp, og erstatta den med ei ny klopp.

Harry Vorland og Arne Haugland hadde med seg materialer og verktøy til jobben som skulle gjerast.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Haugland, Harry Vorland, Roald Henriksen og Sigmund Erland.

Kartutsnitt som viser dugnadsstad. Foto: Sigmund Erland.

Gammal klopp som blei fjerna.
Foto: Arne Haugland
Harry har starta på jobben.
Foto: Arne Haugland.
Plankar blir lagt på plass.
Foto: Arne Haugland.
Ny klopp ferdig laga.
Foto: Arne Haugland.
Ny klopp.
Foto: Sigmund Erland.
Ein kopp kaffi etter utført jobb.
Foto: Arne Haugland.

Tur 904 Skytebane Litlabø (Isdal)-Ulvatjødno-Hytte-Skytebane den 14.03.2024

I alt møtte det opp 44 turdeltakarar denne dagen.

32 stk. gjekk turen frå Isdal skytebane, rundt Ulvatjødno, og tilbake til Isdal skytebane.

Turen starta og slutta på parkeringsplassen ved Isdal skytebane. Me gjekk først til Ulvatjødno. Deretter eit stykke i retning mot Øvre Økland, og så tilbake igjen forbi Hjartåsen til Isdal Skytebane. Viser til kartutsnitt med inntegna turtrase nedanfor.

Turttraseen er teikna inn med blå strek på kartutsnittet.


Turleiar John Førland. Foto: Jakob Thormodsæter.
GPT-medlem Egil Isdal, som var med på turen, stilte sin private karusell til disposisjon for dei ungdommelege turdeltakarane. Foto: Jakob Thormodsæter.
Her var nedslaget for tidlegare 600 m skytebane. Foto: Sigmund Erland.
Me gjekk frå Ulvatjødno mot Øvre Økland. Foto: Jakob Thormodsæter.
Nokon hadde flytta dette bordet heilt ned i Ulvatjødno. Nokre av turdeltakarane flytta det tilbake til der det stod før. Foto: Jakob Thormodsæter.
Ulvatjødno. Foto: Jakob Thormodsæter.
Me passerte dette skiltet. Foto: Jakob Thormodsæter.
Denne hytta tilhøyrer ein grunneigar på Øvre Økland. Foto: Jakob Thormodsæter.
Me hadde matpause ved hytta. Foto: Sigmund Erland
Her går me på den gamle vegen til Isdal skytebane. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi eit fint hus på slutten av turen. Foto: Jakob Thormodsæter.

-o-o-o-

Det var 12 stk. som gjekk alternativ tur frå Møllebrua til gapahuken i Stuvvika, og tilbake igjen.

Gapahuken i Stuvvika.
Ved gapahuken i Stuvvika.

Dugnad ved Buskasmogbekkjen den 12.03.2024.

Den 21.02.2024 sette Stord Gutta På Tur ut eit nytt bord som blei plassert oppå knust asfalt ved Buskasmogbekkjen. På dette bordet kan ein del av benken vippast opp slik at rullestolbrukarar kan koma heilt inntil bordplata.

Dugnaden den 12.03.2024 gjekk ut å på flytta bordet midlertidig til sides, dekka den knuste asfalten med tilkjørt veggrus, og planera denne grusen. Det blei lagt til rette for at rullestolbrukarar skulle kunne koma lett bort til bordet. Til slutt blei bordet sett tilbake oppå grusen og stabilisert.

Grusen vart køyrt med Arne Haugland sin bil og Harry Vorland sin tilhengjar.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Haugland, Harry Vorland, Johannes Skorpen og Sigmund Erland.

Kartutsnitt som viser dugnadsstad.

Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland
Foto: Johannes Skorpen
Foto: Sigmund Erland