Bilane blei parkerte på parkeringsplass ved Vatnadalsvegen der ein kan gå til Stua. Me gjekk først ca. 300 m nordover Vatnadalsvegen før me tok av denne og gjekk vidare på «Gerdastien». I nordenden av «Gerdastien» kryssa me Vatnadalsvegen, og gjekk vidare sørover og vestover til me kom fram til Iglatjødno der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me vidare sørover, svinga så austover rundt Baståsen, og følgde brei skogsveg vidare til Øvre Økland. Derifrå ca. 500 m på Vatnadalsvegen tilbake til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandMe er på Vabakkjen, og turleiaren fortel om turen me skal gå.
Foto: Sigmund ErlandMe er komne fram til parkeringsplassen ved Vatnadalsvegen.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren er klar til å starta turen. Hjertestartaren er med. Me kan sjå «Villa Vatne» i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland Turen har nett starta.
Foto: Sigmund ErlandMe er på veg oppover mot Øvre Økland der me skal gå på «Gerdastien». Foto: Sigmund ErlandMe har nett tatt av frå Vatnadalsvegen og gått inn på «Gerdastien». Turleiaren fortel om eit grustak som var der tilegare. Det blei brukt grus frå dette grustaket då dei laga gravplass ved Tysevegen, ca. 400 m nord for Stord kyrkje. Foto: Sigmund Erland Ein liten rest av grustaket, som ikkje er i bruk lenger. Foto: Sigmund ErlandBilde frå «Gerdastien». Foto: Sigmund ErlandTurleiaren fortel om, og viser oss, eit nybygg på Øvre Økland som skal brukast til vedtørking.
Foto: Sigmund ErlandDet er litt stigning i starten av stien opp frå Vatnadalsvegen. Foto: Sigmund ErlandMe er komne inn i skogen, og går sørover, parallelt med Vatnadalsvegen. Foto: Sigmund ErlandKvilepause, 2-300 m før me kjem til Iglatjødno.
Foto: Sigmund ErlandHer er me på veg inn i Iglatjødno naturreservat, som er eit myrreservat. Føremålet med vernet er å ta vare på eit fint døme på attgroingsmyr og rik flatmyr med svært sjeldne planteartar.
Foto: Sigmund ErlandHer ser me det store myrområdet nord for Iglatjødno. Ein kan såvidt sjå Iglatjødno i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar Iglatjødno, og staden der me skal ha matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpausebilder:
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandBilde tatt frå nordenden av Iglatjødno.
Foto: Sigmund Erland Me går vidare etter matpausen.
Foto: Sigmund ErlandOg dette bildet er tatt frå austsida av Iglatjødno.
Foto: Sigmund ErlandEin liten kvilepause inne i skogen. Foto: Sverre VinjeTurleiaren viser oss Baståsen, som er rett ovafor oss.
Foto: Sigmund ErlandMe er komne inn på brei skogsveg som går til Øvre Økland.
Foto: Sigmund ErlandHer kjem me inn på Vatnadalsvegen, ca. 300 m ovafor parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandMe er tilbake på parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland
Grunna ein del våt snø i terrenget, blei den planlagde turen kansellert. Det blei i staden tur i Sagvågs-området.
I alt møtte det opp 41 turdeltakarar denne dagen.
33 av desse var med på turen til Sagvåg.
Turlengd: Ca. 5 km
Turleiarar: Jens Arne Stautland og Harald Stautland
Bilane blei parkerte ved forsamlingshus der Almåsvegen startar. Me gjekk forbi Tjødnalio skule, inn på Sætravikvegen, og opp til Neshadlene. Me følgde Neshadlene, kom forbi Syljesmoget, følgde vegen Høgåsen til endes, og gjekk ned til Grunnavågen der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me over Podlabrua og vidare opp til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandTurleiarene Harald Stautland og Jens Arne Stautland.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå Vabakkjen der turleiarane fortel om turen me skal gå.
Foto: Sigmund ErlandBilane blei parkerte ved «losjehuset» i Sagvåg.
Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta. Almåsvegen i bakgrunnen. Foto: Sigmund ErlandTurleiar fortel om «Godakjeldo», ei god vasskjelde som blei brukt i tidlegare tider. No går vegen, som me ser på bildet, der denne kjelda var. Foto: Sigmund ErlandHer går me på gangvegen mellom Sagvågsvegen og Tjødnalio skule.
Foto: Sigmund ErlandMe går forbi Tjødnalio skule.
Foto: Sigmund ErlandTurleiar fortel om Tjødnalio skule og nærområdet der.
Foto: Sigmund ErlandMe møter nokre av turdeltakarane som hadde gått ein annan veg på litt av turen.
Foto: Sigmund ErlandMe ser Nestjørna i bakgrunnen der turleiarane hadde skeisa mykje.
Foto: Sigmund ErlandTurleiarane hadde også tidlegare brukt denne fotballbanen, som no ikkje tilfredsstiller dagens krav.
Foto: Sigmund ErlandBildet er tatt ved rundkøyringa der Sætravikvegen, Neshadlene og Nesvegen møtest. Turleieiarane fortalde om garden Nes der dei hadde vakse opp.
Foto: Sigmund ErlandBildet er tatt bortover Nesvegen i retning mot garden Nes.
Foto: Sigmund ErlandMe går forbi huset til ein av turdeltakarane ved Sætravikvegen.
Foto: Sigmund ErlandfHer går me oppover på ein sti mellom Sætravikvegen og Neshadlene.
Foto: Sigmund ErlandBildet er tatt frå vegen Høgåsen. Kringkastings- og mobilstasjon i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe er på veg nedover mot Grunnavågen.
Foto: Sigmund Erland
Matpausebilder:
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandfFoto: Sigmund ErlandFoto: Jakob ThormodsæterPå veg vidare etter matpausen.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå Grunnavågen.
Foto: Sigmund ErlandMe går forbi anlegget til ERKO settefisk.
Foto: Sigmund ErlandBildet er frå Grunnavågsvegen. Turleiar fortel om dette området.
Foto: Sigmund ErlandHer går me over Podlabrua.
Foto: Sigmund ErlandUtsikt frå Podlabrua innover mot Sjøpollen. Me ser den «nye» Grunnavågsvegen i bakgrunnen. Foto: Sigmund ErlandMe er tilbake på parkeringsplassen. Turleiarane blir takka for ein kjekk og interessant tur.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 8 turdeltakarar som gjekk alternativ tur i Landåsen.
Bilane blei parkerte på Vabakkjen. Me gjekk først opp til Stord ungdomsskule der me fekk informasjon om skulen av rektor. Etterpå var det omvisning på skulen. Etter omvisninga gjekk me bort til Fotballstova ved Stord stadion der me hadde juleavslutning med bevertning. Då denne var slutt, gjekk me tilbake til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Foto: Sigmund ErlandFormannen i Stord Gutta På Tur orienterer om programmet den siste turdagen før jul. Me skal først besøkja Stord ungdomsskule, og deretter ha juleavslutning i Fotballstova.
Foto: Sigmund ErlandHer går me frå parkeringsplassen på Vabakkjen opp mot Stord ungdomsskule.
Foto: Sigmund ErlandMe kjem fram til Stord ungdomsskule.
Foto: Sigmund ErlandFramfor hovudinngangen.
Foto: Sigmund Erland
Me blir mottekne av rektor Rune Valvatne Ask.
Foto: Sigmund ErlandOg Rune Nilsen frå administrasjonen.
Foto: Sigmund ErlandGruppebilde tatt i samlingsrommet på Stord ungdomsskule. Her informerer rektor om skulen. Foto: Rune Valvatne AskMe fekk omvisning. Her bilde frå kjemirommet.
Foto: Sigmund ErlandOg her bilde frå sløydrommet.
Foto: Sigmund ErlandRektor blei takka for at Stord Gutta På Tur fekk koma på besøk på Ungdomsskulen denne dagen.
Foto: Sigmund ErlandDenne skulpturen er plassert utanfor hovudinngangen.
Foto: Sigmund ErlandMe er på veg til Fotballstova der me skal ha juleavslutning.
Foto: Sigmund ErlandJuleavslutningskomiteen hadde dekka på langbord før me kom til Fotballstova.
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandProgram for juleavslutninga i Fotballstova.
Foto: Sigmund ErlandOrdstyrar på juleavslutninga.
Foto: Sigmund ErlandHan stod for tonefølgje og andre musikalske innslag på fiolin. Foto: Sigmund Erland Allsong til fiolinspel. Foto: Sigmund Erland
Desse las opp dikt og forteljingar, fortalde historiar, hadde musikalske innslag og fortalde om kjekke opplevingar som medlem i Stord Gutta På Tur:
Foto: Sigmund ErlandVideo: Bjørn ØstremFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandHer blir det orientert om busstur til Oslo 26.-29. mai 2025 der damene til medlemmene i Stord Gutta På Tur kan vera med.
Foto: Sigmund ErlandHer får me god suppe og brød.
Foto: Sigmund ErlandSuppa me fekk smakte veldig godt.
Foto: Sigmund ErlandFormannen i Stord Gutta På Tur sa nokre ord til slutt der han mellom anna skrytte av medlemmene og det gode miljøet og samhaldet som er i dette turlaget. Foto: Sigmund ErlandFormannen i Stord Gutta På Tur deler ut gåvekort som påskjønning til dei to medlemmene til høgre i bildet.
Foto: Bjørn Østrem