Bilane blei parkerte på parkeringsplass eit lite stykke frå klubbhuset til Stord skyttarlag på Isdal. Me gjekk først over Daleelva, og så til høgre ned til leirdueskytebanen. Der tok me til venstre inn på sti vestover gjennom skogen til me kom inn på ein skogsveg. Me gjekk på denne ca. 600 m nordover, vest for Ulvatjørna, og vidare på sti ca. 300 m austover, heilt fram til tjørna der me hadde matpause. Etter matpausen kryssa me bekken som kjem frå Ulvatjørndalen, og kom inn på ein annan skogsveg. Denne følgde me sørover, på austsida av Ulvatjørna og skytebanen, til me kom inn på Skytebanevegen, og gjekk vidare ca. 100 m bort til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandTurleiarane Arne Haugland og Oddbjørn Kvålsvold.
Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta.
Foto: Sigmund ErlandPå veg mot leirdueskytebanen til Stord skyttarlag.
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund ErlandBilde frå leirdueskytebanen.
Foto: Sigmund ErlandEin lokalkjent turdeltakar orienterer. Foto: Sigmund ErlandMe forlet leirdueskytebanen.
Foto: Sigmund ErlandOg går vestover inn i skogen.
Foto: Sigmund ErlandMe er inne i skogen.
Foto: Sigmund ErlandHer er det vanlegvis blautt, men fint denne dagen på grunn av frost.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss Ulvatjørna.
Foto: Sigmund ErlandOg her ser me tjørna bak alle tuene. Foto: Sigmund Erland
Bilder frå matpausen:
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sverre VinjeMe kryssar bekken som kjem frå Ulvatjørndalen og renn ut i Ulvatjørna. Foto: Sigmund ErlandUlvatjørna i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe kjem forbi «Stjernekarusellen», som tilhøyrer ein av turdeltakarane.
Foto: Sigmund Erland Dei som ønskte det, fekk prøva karusellen.
Foto: Sigmund ErlandHer blei det også tatt gruppebilder.
Foto: Sverre VinjeIkkje alle kom med på det første gruppebildet. Foto: Sigmund ErlandTurdeltakaren som eig karusellen, har også ei fin grillhytte her. Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandMe er komne nesten ned til Skytebanevegen.
Foto: Sigmund ErlandHer er me komne tilbake til parkeringsplassen. Turleiarane blir takka for ein fin tur rundt Ulvatjørna.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 17 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen starta ved Meatjødno på Heiane, og gjekk vidare bak Valvatnafeltet. Tilbake via brakkebyane på Heiane, og under hovudvegen mot Hatland skule. Matpausen var under tak i gamle vedlageret. Vidare derifrå under hovudvegen ved Haugaland kraft, og tilbake til der me starta.
Denne dagen møtte det opp 50 tur-/ årsmøtedeltakarar.
Turlengd: Ca. 2 km
Turleiar: Egil Isdal
Årsmøtearrangør: Styret i Stord Gutta På Tur
Bilane blei parkerte utanfor klubbhuset til Stord skyttarlag. Turen starta frå klubbhuset, forbi Myra, og ned til Daleelva. Derifrå til Nedre Dale, og vidare ned på Gruvevegen. Me følgde denne vegen ca. 40 m austover før me tok av til venstre opp til klubbhuset til Stord skyttarlag igjen. Etterpå var det årsmøte for 2024 i Stord Gutta På Tur, og matpause etter årsmøtet.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Laga av: Sigmund ErlandFrå parkeringsplassen framfor klubbhuset til Stord skyttarlag på Isdal. Foto: Sigmund ErlandTurleiaren fortel om turen me skal gå.
Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta.
Foto: Sigmund ErlandMe har nett passert Myra, og nærmar oss Daleelva.
Foto: Sigmund ErlandHer går me langs Daleelva. Denne kjem frå Ulvatjødno, og renn ut i Storavatnet.
Foto: Sigmund ErlandMe har nett gått gjennom gardstunet på Nedre Dale.
Foto: Sigmund ErlandOg kjem her ned til Gruvevegen. Foto: Sigmund ErlandMe tar av frå Gruvevegen, og går oppover mot Isdal.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå Isdalsvegen.
Foto: Sigmund ErlandFormannen i Stord Gutta På Tur ønskjer velkommen til årsmøte. Me er i klubbhuset til Stord skyttarlag på Isdal.
Foto: Sigmund Erland
Agenda for årsmøtet:
Bilde frå årsmøtet.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå årsmøtet.
Foto: Sigmund ErlandOrdstyrar under årsmøtet. Foto: Sigmund ErlandSekretæren las opp årsmeldinga for 2024.
Foto: Sigmund ErlandKasseraren orienterte om årsrekneskapen for 2024, og om budsjett for 2025. Foto: Sigmund ErlandRevisor for årsrekneskapen 2024 sa at han aldri før hadde sett eit så fint og strukturert oppsett for årsrekneskap som det som blei lagt fram på dette årsmøtet.
Foto: Sigmund ErlandRepresentant frå valgkomiteen orienterte om valg av nye styremedlemmer. Foto: Sigmund ErlandÅrsmøtet blei halde på samenes nasjonaldag, og ein av medlemane nytta høvet til å fortelja samehistorier til årsmøtedeltakarane.
Foto: Sigmund ErlandDenne årsmøtedeltakaren skrytte av det å vera medlem i Stord Gutta På Tur. Foto: Sigmund ErlandDet vart delt ut diplomar og gåver til dei som ikkje skulle vera med på årsfesten den 14. februar 2025.
Foto: Sigmund ErlandNestformannen i Stord Gutta På Tur orienterte om HLR og arbeidet i dugnadsgruppa. Han delte også ut kursbevis til kursdeltakarar som hadde gjennomgått LHL førstehjelpkurs, og som ikkje skulle delta på årsfesten den 14. februar 2025.
Foto: Sigmund Erland
Bilane blei parkerte på parkeringsplass i enden av Idrettsvegen, nær Svortland skule. På vegen mot Fet gjekk dei fleste turdeltakarane «Refleksløypa» gjennom skogen fram til nordenden av Raunavatnet. Derifrå rundt rundløypa på Fet, og vidare fram til gapahuken til Bømlo turlag der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me ned til Raunavatnet brygge. På tilbaketuren til parkeringsplassen gjekk me lysløypa, der det var brei og fin turveg.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandMe er på parkeringsplassen nær Svortland skule. Turleiaren fortel om turen me skal gå.
Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta. Me ser Svortland skule framfor oss.
Foto: Sigmund ErlandDei grøne skilta viser oss kva som er i området me går inn i. Foto: Sigmund ErlandLitt meir orientering om dette området.
Foto: Sigmund ErlandMe har nett passert Svortland skule.
Foto: Sigmund ErlandDei fleste av oss valde å gå «Refleksløypa» gjennom skogen mot Fet.
Foto: Sigmund ErlandMedan nokre av dei andre turdeltakararne valde å gå på den breie turvegen mot Fet. Foto: Sigmund Erland Informasjon om «Refleksløypa». Foto: Sigmund ErlandHer er me komne inn i skogen i «Refleksløypa». Det er festa refleksstrimler på trestammane bortetter løypa. Foto: Sigmund ErlandBilde frå «Refleksløypa». Foto: Sigmund ErlandDet var laga mange gode klopper i «Refleksløypa».
Foto: Sigmund ErlandHer er det slutt på «Refleksløypa». Det var slike trange portar i begge endane av løypa. Foto: Sigmund Erland Og no er også me komne inn på den breie turstien mot Fet.
Foto: Sigmund Erland«Vi vandrer med freidig mot».
Foto: Sigmund ErlandMe går først rundløypa i Fet-området, og ikkje direkte til gapahuken der me skal matpause. Foto: Sigmund ErlandEtter å ha gått rundløypa i Fet-området, går me ned til gapahuken der me skal ha matpause. Gapahuken ligg på austsida av Raunavatnet.
Foto: Bjørn ØstremHer kjem me fram til Bømlo turlag sin gapahuk. Her er det også grillhytte. Foto: Sigmund Erland
Bilder frå matpausen:
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandGruppebilde tatt rett etter matpausen.
Foto: Sverre VinjeHer er me nede på Raunavatnet brygge, ca. 300 m frå gapahuken.
Foto: Sigmund ErlandGruppebilde tatt ved same brygga.
Foto: Bjørn ØstremMe er på veg opp frå brygga. Raunavatnet i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe har starta tilbaketuren, og går forbi Knutahaugen Aktivitetspark.
Foto: Sigmund ErlandMe er i nordenden av Raunavatnet, og bildet er tatt mot sør.
Foto: Sigmund ErlandI lysløypa er det brei og fin turveg.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss parkeringsplassen. Svortland skule i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandTilbake på parkeringsplassen blei turleiaren takka for ein fin og kjekk tur til Fet.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 8 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen starta ved Meatjødno på Heiane, og gjekk vidare bak Valvatnafeltet. Tilbake via brakkebyane på Heiane, og under hovudvegen mot Hatland skule. Matpausen var under tak i gamle vedlageret. Vidare derifrå under hovudvegen ved Haugaland kraft, og tilbake til der me starta. Ein god tur i godt lag.