Tur 939 Rundløype på Fylkesnes (Bømlo) den 27.02.2025.

I alt møtte møtte det opp 37 turdeltakarar denne dagen.

17 av desse var med på turen til Fylkesneset.

Turlengd: Ca. 4-5 km.

Turleiar: Anders Stavland

Me parkerte bilane på ein liten parkeringsplass ved Fylkesnesvegen 140. Derifrå gjekk me sørover til Ljosnahaugen («Ljosnaren») der det var godt utsyn over området. Me gjekk vidare sørover, rundt sørspissen av Fylkesneset, og så litt nordover til Skjeljavika der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me vidare nordover til Fylkesnes, og tok så til venstre tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå parkeringsplassen. Langøya i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren vår. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren orienterer her om nærområdet, og om næringsliv og aktivitetar i Mælandsvågen på 1900-talet. Foto: Sigmund Erlanfd
Turen har nett starta. Foto: Sigmund Erland
Sola skin, og det er fint turvær. Foto: Sigmund Erland
Me har gått i 10 min, og ser ned på innløpet til Melandsvågen. Foto: Sigmund Erland
Sørspissen av Langøya. Foto: Sigmund Erland
«Tenk positive tanker» står det på denne hella som låg ved stien. Foto: Sigmund Erland
Bilde tatt mot Hillesholmen. Foto: Sigmund Erland
Me er komne opp på Ljosnahaugen der det er vidt utsyn mot nord, vest og sør. Foto: Sigmund Erland
Og turleiaren fortel kva me kan sjå herifrå. Foto: Sigmund Erland
Bildet er tatt innover Melandsvågen. Foto: Sigmund Erland
Her er me nett komne ned frå Ljosnahaugen. Foto: Sverre Vinje.
Bildet er tatt mot Tuvesundet der det går bru over til Hiskjo. Me ser fyrlykta på Søre Bleikja heilt nede til høgre. Foto: Sigmund Erland
Me går vidare sørover. Sørenden av Langøya i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Nytt ordtak langs stien: «Hør på Mamma». Foto: Sigmund Erland
Me er komne nesten til sørspissen av Fylkesneset. Her er det bilde av ei steinrøys som truleg ikkje er ei gravrøys. Foto: Sigmund Erland
På denne steinrøysa kan ein lesa dette ordtaket: «Alt som glitrer er gull». Foto: Sigmund Erland
Me kjem fram til Skjeljavika der me skal ha matpause. Foto: Sigmund Erland

Matpausebilder:

Der får me besøk av ei svane. Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Svana freste mot fotografen då han spurde om løyve til å publisera bilde av henne på heimesida til Stord Gutta På Tur. Foto: Sigmund Erland
Bilde av fotografen som forhandlar med svana. Foto: Jakob Thormodsæter
Foto: Sverre Vinje
Foto: Sigmund Erland
Her blir turdeltakarane oppmoda om å delta på GPT-dugnad dagen etter. Foto: Sigmund Erland
Me går vidare etter matpausen. Foto: Sigmund Erland
Me går langs Grunnavågen, og nærmar oss der det bur folk. Foto: Sigmund Erland
Me er komne inn på Fylkesnesvegen. Foto: Sigmund Erland
Me går på Fylkesnesvegen heilt fram til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Der blir turleiaren takka for ein fin og interessant tur rundt Fylkesneset. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 20 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Hauglandskverna.

Bilder frå turen:

Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Dugnad på Rossneset den 28.02.2025. Drenering og rydding på stien mellom traktorveg på Rossneset og bru over Daleelva ved Storavatnet.

Den 28.02.2025 blei det utført drenering og rydding på stien mellom traktorveg på Rossneset og bru over Daleelva ved Storavatnet. Dugnaden blei utført på heile denne strekninga som vist på kartutsnittet nedanfor.

Dugnadsgjengen denne dagen var: Egil Isdal, Toralf Røen, Sverre Vinje, Arne Haugland og Sigmund Erland.

Kartutsnitt der dugnadsstrekninga er teikna inn med raud strek.
Laga av: Sigmund Erland

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sverre Vinje
Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Arne Haugland
Brua over Daleelva, ca. 100 m frå Storavatnet. Foto: Sigmund Erland

Tur 938 GPT Bømlo-besøk. Vabakkjen-Linneavegen-Ås-Paviljongen-Havna-Evjo-Sjoarbakken-Vabakkjen den 20.02.2025.

Denne turen gjekk av ymse grunnar ikkje ned til Leirvik slik det går fram av Stord Gutta På Tur sitt turprogram for vinter-vår 2025. I staden for tur til Leirvik, gjekk turen i Landåsen-området.

Denne dagen møtte det opp 43 turdeltakarar.

36 av desse var med på hovedturen til Landåsvatnet og Eventyrskogen.

Turlengd: Ca. 5 km

Turleiar: Oddbjørn Kvålsvold

Turen starta frå parkeringsplassen ved E39 undergangen på Vabakkjen. Me gjekk inn til Landåsvatnet, og vidare på austsida av vatnet. Derifrå mot Hestatjørna og Mortjørna. Matpausen blei tatt litt før me kom til Eventyrskogen. Etter matpausen gjekk me forbi Eventyrskogen, og så tilbake til Vabakkjen igjen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund Erland
Namneopprop på Vabakkjen før turen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren. Foto: Sigmund Erland
Det var ein heil gjeng som skulle på tur, sidan Gutta På Tur Bømlo var med oss denne dagen.
Foto: Sigmund Erland
Turen starta gjennom E39 undergangen på Vabakkjen. Foto: Sigmund Erland
Lenger oppe i bakken fekk me utsyn over Tveitavatnet. Der fortalde turleiaren at det tidlegare blei saga is frå Tveitavatnet om vintrane. Isbitane blei mellomlagra i eit ishus som stod 20-30 m frå austre kanten av Tveitavatnet mot Vabakkjen. Isen blei m.a. brukt til kjøling av mjølk på meieriet. Meir om dette på heimesida til Stord Sogelag (Søk på «issaging»).
Foto: Sigmund Erland
Me tar til høgre i krysset litt før me kjem til Landåsvatnet. Foto: Sigmund Erland
Landåsvatnet i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Ein liten pause her. Turleiaren fortel om nærområdet. Foto: Sigmund Erland
Bra driv i denne motbakkan.
Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Ein av turdeltakarane underheldt oss med tussefløyte i matpausen.
Foto: Sigmund Erland

Og på denne videoen kan me høyra han spela.
Foto: Bjørn Østrem

Foto: Sverre Vinje
Foto: Bjørn Østrem
Matpausen er slutt, og me nærmar oss Eventyrskogen. Foto: Bjørn Østrem

Bilder frå Eventyrskogen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Me har no gått ein rundtur i Landåsen, og er tilbake til krysset i søraust-enden av Landåsvatnet. Det er her 0,9 km å gå tilbake til Vabakkjen der turen starta.
Foto: Sigmund Erland
Me er tilbake til E39 undergangen. Foto: Sigmund Erland
Og her blir turleiaren takka for ein fin og interessant tur i Landåsen. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 7 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

Fem av desse gjekk frå Vabakkjen og heilt fram til gapahuken i Skjepåsen, og tilbake til Vabakkjen igjen. De to andre snudde litt før gapahuken.

Det blei ikkje tatt bilder frå denne turen.