Tur 942 Gruvemuseet-Stordal-Hjartåsen-Rødkleiv-Gruvemuseet.

I alt møtte det opp 47 turdeltakarar denne dagen.

31 av desse var med på turen rundt Hjartåsen.

Turlengd: Ca. 6-7 km

Turleiar: Egil Isdal

Bilane blei parkerte på parkeringsplassen ved Gruvemuseet. Me gjekk opp Storedalen, rundt Hjartåsen, innom Storsynken, og tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Laga av: Sigmund Erland
Frå parkeringsplassen. Heistårnet i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren (nr. 3 frå venstre) fortel om turen me skal gå. Administrasjonsbygget i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland
Toget som dei køyrer inn i gruvene med, var ute og køyrde denne dagen.
Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta. Foto: Sigmund Erland
Gruvemuseet. Foto: Sigmund Erland
Her var det tidlegare dynamittfabrikk. Etter tre års drift gjekk den i lufta i 1880 p.g.a. feil behandling av nitroglyserin. Foto: Sigmund Erland
Her held Stord knivklubb til. Foto: Sigmund Erland
Her var det tidlegare ein jernbane som vart kalla «Fitjarbanen». Den gjekk ikkje til Fitjar, berre eit kort stykke. Den blei brukt til å fakta vekk stein som det ikkje var kis i. Foto: Sigmund Erland
Me går oppover mot Rødkleiv. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå Rødkleiv. Foto: Sigmund Erland
Me går i retning mot Dalskardvatnet. Foto: Sigmund Erland
Me er i starten av Storedalen. Foto: Sigmund Erland
Her er det jaktplass for hjort. Foto: Sigmund Erland
Kryssing av bekken i Storedalen. Foto: Sigmund Erland
Me er på nordsida av Hjartåsen, og skal snart snu og gå sørover igjen. Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Anders Stavland
Me er på veg til Storsynken som ligg 200-300 m lenger framme. Foto: Sigmund Erland
Kusymre i nærleiken av Dale-setra. Foto: Sigmund Erland
Me er komne fram til Storsynken i Høgåsen. Foto: Sigmund Erland
Storsynken er ca. 40 m djup, 10-20 m brei, og 150 m lang. Den var i drift frå 1874 til 1900. Foto: Sigmund Erland
Foto: Sverre Vinje
Her går me på austsida av Jappaløken.
Foto: Sigmund Erland
Me er komne fram til «Rødkleiv idrettspass», som var mykje i bruk tidlegare.
Foto: Sigmund Erland
Idrettsplassen ser ikkje ut til å ha vore i bruk i det siste. Foto: SIgmund Erland
Me er komne tilbake til parkeringsplassen. Bilde av «Heishuset».
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blir her takka for ein kjekk tur med mykje interessant informasjon om området me gjekk i. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 16 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

13 av desse gjekk Føyno rundt. 3 gjekk i Landåsen.

Bilder frå turen på Føyno:

Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Tur 941 Hauglandsmarka (Haukareiret-Stokkliåsen) den 13.03.2025

I alt møtte det opp 44 turdeltakarar denne dagen.

25 av desse var med på turen i Hauglandsmarka.

Turlengd: Ca. 4,5 km

Turleiar: Arne Haugland

Bilane blei parkerte på parkerinsplassen ved Vadvegen. Turen gjekk som innteikna på kartutsnittet nedanfor.

Kartutsnitt der tur nr. 941 er teikna inn med blå strek. Laga av: Sigmund Erland
Parkeringsplassen ved Vadvegen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren vår denne dagen. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta oppover Vadfvegen. Foto: Sigmund Erland
Ved vegkrysset ned til Vad. Foto: Sigmund Erland
Me tar av til venstre inn på ein sti i skogen, ca. 200 m forbi vegkrysset ned til Vad. Foto: Sigmund Erland
Ein liten pause inne i skogen. Foto: Sigmund Erland
Me har gått ca. 400 m frå vegkrysset ned til Vad, og er her ca. 40 m frå Vadelva. Turleiaren fortel om, og peikar mot, «Gytehølen» i denne elva, der dei tidlegare tok aure. Foto: Sigmund Erland
Bilde tatt mot «Haukareiret». Foto: Sigmund Erland
Me kjem ned på vegen mot Hauglandskverna. Foto: Sigmund Erland
Me går ca. 200 m mot Hauglandskverna før me på nytt tar av til venstre inn i skogen igjen. Foto: Sigmund Erland
Me har gått ca. 250 m inn i skogen, og turleiaren fortel at ein herifrå kan gå på sti vestover til Stemmelia og Vatnadalen. Foto: Sigmund Erland
Bilde tatt mot Stokkliåsen. Foto: Sigmund Erland
Her fortel turleiaren at me skal gå ca. 200 m uten sti ned til stien som går mellom Hauglandskverna og Fjellstova. Foto: Sigmund Erland
Og her er me komne ned på denne stien. Foto: Sigmund Erland
Me går sørover langs Vadelva mot Hauglandskverna der me skal ha matpause. Foto: Sigmund Erland
Her endar stien frå Fjellstova, og me tar til venstre mot Hauglandskverna. Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Jakob Thormodsæter.
Hauglandskverna. Foto: Sigmund Erland
Oversiktsbilde.Hauglandskverna til venstre, og gapahuken og turdeltakarane til høgre. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren har vakse opp på garden som Hauglandskverna tilhøyrer, og han fortel her om kverna. Foto: Sigmund Erland
Me har starta på tilbaketuren til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Me har nett gått forbi vegkrysset der vegen går ned til Vad.
Foto: Sigmund Erland
Me er tilbake på parkeringsplassen, og turleiaren blir her takka for ein kjekk tur på stader der dei fleste turdeltakarane ikkje hadde vore før. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 19 turdeltakarar som gjekk alternativ tur i området Tysemarkjo-Prestagarden/Golfbanen-Brotåsen.

Turlengd: 4,2 km

Bilder frå alternativ tur:

Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Tur 940 Meatjødno-Djupadalen-besøk Norsk Katapult Senter den 06.03.2025

I alt møtte det opp 48 turdeltakarar denne dagen

Ca. 28 av desse var med på turen til Valvatnavågen.

44 turdeltakarar besøkte katapultsenteret på Heiane.

Turlengd: Ca. 4,5 km

Turleiar: Johannes Skorpen

Turen starta frå parkeringsplassen i vestenden av Meatjørna. Me gjekk langs Valvatna-feltet ned til Valvatnavågen der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me sørover og kryssa E39, gjekk så austover, og kryssa E39 på nytt. Me kom då inn på Heiane Vest området, og gjekk vidare til Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre. Der fekk me omvisning på anlegget deira. Etter omvisninga, gjekk me tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Laga av: Sigmund Erland
Turleiaren vår denne dagen. Foto: Sigmund Erland
Me parkerte i vestenden av Meatjørna. Her startar me på turen.
Foto: Sigmund Erland
Me forlet Heiane industriområde, og går inn i skogen. Foto: Sigmund Erland
Me går på sørsida av Valvatna-feltet. Foto: Sigmund Erland
Her går me på klopper som Stord Gutta På Tur har laga på dugnad. Foto: Sigmund Erland
Siste huset i Valvatna-feltet før me går inn i skogen igjen. Foto: Sigmund Erland
Endå ei klopp som Stord Gutta På Tur har laga. Foto: Sigmund Erland
Her går me over bekken som kjem frå Krokatjørna og renn ut i Valvatnavågen. Foto: Sigmund Erland
Me kryssar denne bekken ein gong til, nesten heilt nede ved Valvatnavågen. Foto: Sigmund Erland
Ein liten pause innerst i Valvatnavågen. Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Dette bordet har Stord Gutta På Tur plassert ut på dugnad. Valvatnavågen i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sverre Vinje
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Anders Stavland
Turdeltakar fortel fiskehistore frå Valvatnavågen. Foto: Sigmund Erland
Me går sørover frå Valvatnavågen, og kryssar E39 etter ca. 250 m.
Me svingar etter kvart austover, og kjem ned til E39 igjen. Heiane Vest området i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me skal på bedriftsbesøk til Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre. Hydrogenfabrikken til venstre, og Energy House i midten. Me ser noko av Wartsilabygget til høgre. Foto: Sigmund Erland
Bilde av Energy House. Her testar m.a. Wartsila ut bruk av ammoniakk som drivstoff til skipsmotorar. Testar så langt viser at ein kan bruka minst 90 % ammoniakk i drivstoffet til slike motorar. Foto: Sigmund Erland
Me passerer Energy House. Foto: Sigmund Erland
Og blir tatt godt imot av Oddgeir Randa Heggland og John Bjordal som skal visa oss rundt på anlegget til Sustainable Energy.
Foto: Sigmund Erland
Her inne blir ammoniakk-drivstoff testa. Foto: Sigmund Erland
Her fekk me komma inn og m.a. sjå brenselceller. Me fekk også informasjon om aktivitetane på katapultsenteret, og fekk svar på spørsmål me hadde. Foto: Sigmund Erland
Hydrogenfabrikken. Foto: Sigmund Erland
Hydrogenfabrikken til venstre, og Energy House til høgre. Me ser også Wartsilabygget i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
På denne plakaten står det:
-Stord Hydrogen produserer grønt hydrogen ved hjelp av vannelektrolyse. Hydrogenet blir trykksatt og distribuert til kunder innen transport, bygg og anlegg, industri, og maritim sektor.
-Hydrogenanlegget er en integrert del av testsenteret «Energy House», der utføres små- til fullskala tester for med nye og grønne energibærere.
-Ordinær drift startet i 2023 med HYDS som driftsoperatør, på vegne av Stord Hydrogen AS. Foto: Sigmund Erland
Omvisarane frå Sustainable Energy blei takka for at me fekk komma på besøk, og for mykje interessant informasjon om aktivitetane på katapultsenteret. Foto: Sigmund Erland
Eit oversiktsbilde henta frå heimesida til Sustainable Energy – https://sustainableenergy.no
Kopiert av: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var ca. 14 turdeltakarar som gjekk alternativ tur i Hatland-området medan resten av gjengen gjekk til Valvatnavågen.

Bilder frå alternativ tur:

Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold