16 av desse var med på turen til Agdesteinfjellet.
Turlengd: ca. 5 km.
Turleiar: Arne Haugland.
Turen starta frå parkeringsplass på Heio, ca. 200 m nedanfor bommen på Kattnakkvegen. Me gjekk først bort til «Steinen» der me hadde ein liten pause. Derifrå gjekk me ca. 1 km nedover dalen før me snudde til høgre og følgde høgspentlina opp ein annan dal. Me tok ein avstikkar på 200 m til venstre ut til kanten av Agdesteinfjedlet der det var matpause. Frå denne staden er det vid utsikt søraustover mot store delar av Sunnhordland. Frå Agdesteinfjedlet gjekk me same vegen tilbake til høgspenlina, men gjekk derifrå inn på sti som går aust for Hetlesætertjødno tilbake til parkeringsplassen. På turen fekk me sjå hoggorm, spretne froskar og hjort, og gauken gol rett som det var. Det var stor semje om at dette hadde vore ein kjekk tur.
Kartutsnitt der turtraseen er teikna inn med blå strek.
Foto: Sigmund ErlandHer startar me frå parkeringsplassen på Heio.
Foto: Sigmund ErlandInformasjonstavle på Heio. Turleiaren orienterer om turen til Agdesteinfjedlet. Foto: Sigmund ErlandEin hoggorm som me traff på veg mot «Steinen». Foto: Sigmund ErlandKort pause på veg mot «Steinen».
Foto: Sigmund ErlandPause ved «Steinen».
Foto: Sigmund ErlandPause ved «Steinen».
Foto: Sigmund ErlandUtsikt i retning mot Rosendal og Folgefonna.
Foto: Sigmund ErlandStaden der me snudde til høgre oppover mot Agdesteinfjedlet. Foto: Sigmund ErlandStaden der me snudde til høgre oppover mot Agdesteinfjedlet. Foto: Sverre VinjeTurleiaren oppfordra turdeltakarane til å drikka nok vatn på tur, særleg når det er varmt. Her følgjer ein av turdeltakarane oppfordringa.
Foto: Sigmund ErlandHer følgjer me høgspentlina oppover mot Agdesteinfjedlet. Me ser Hodnaneset, Skjeleviksundet og Skorpo i bakgrunnen. Foto: Sigmund ErlandHer kjem me fram til Agdesteinfjedlet. Foto: Sigmund ErlandDet er god og vid utsikt søraustover frå Agdesteinfjedlet. Foto: Sigmund ErlandMatpause på Agdesteinfjedlet. Foto: Sigmund ErlandMatpause på Agdesteinfjedlet. Foto: Sigmund ErlandTurdeltakarane skreiv seg inn i turboka på Agdesteinfjedlet. Foto: Sigmund ErlandMe såg mange froskar på turen. Denne prøvde å gøyma seg så godt han kunne for fotografen. Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det vart 17 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Johannes Belsvik leia turen som gjekk rundt Frugardselva, med matøkt ved Ådlandsvatnet.
Nordbygdo ungdomsskule hadde utflukt ved vasskanten. Ein flott ungdomsgjeng, med eksemplarisk oppførsel. Dei hadde ikkje noko i mot å koma på heimesida vår (stordgutta.no).
Oddbjørn Kvålsvold
Alle bildene er tatt i Ådlandsvikjo. Foto: Oddbjørn Kvålsvold. Samtykke til fotografering av ungdomsskuleelevane frå Nordbygdo ungdomsskule er innhenta.
21 av desse var med på turen til Bjoa og Vikebygd.
Turlengd Eikås-Vikestølen: 2,7 km Turlengd Vikestølen-Vikebygd: 4,8 km Turlengd Eikås-Vikebygd: 7,5 km
Turleiar: Oddbjørn Kvålsvold
Bilane blei parkerte på parkeringsplassen ved Arquebus-minnesmerket på Eikås. Alle turdeltakarane gjekk frå Eikås til Vikestølen der det var matpause med medbrakt niste. Etter matpausen gjekk 14 deltakarar vidare til Vikebygd. Dei sju andre, som var sjåførar, gjekk tilbake til bilane sine på Eikås. Dei køyrde derifrå via Innbjoa og Utbjoa til Vikebygd der dei møtte dei som hadde gått heile turen frå Eikås til Vikebygd. Der var det bestilt viltgryte med tilbehøyr og kaffi på «Gamlatunet» til heile turgjengen. Både fotturen, og måltidet etterpå, blei ei fin og minnerik oppleving.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde ved Arquebus-minnesmerke på Eikås før turen starta.
Foto: Sigmund ErlandOversiktsbilde der minnesmerket er.
Foto: Sigmund ErlandFrå Arquebus minnesmerket på Eikås. Foto: Sigmund ErlandPå veg mot Vikestølen. Turleiar Oddbjørn Kvålsvold framme i midten. Foto: Sigmund ErlandDrikkepause mellom Eikås og Vikestølen.
Foto: Jakob ThormodsæterMe nærmar oss Vikestølen.
Foto: Sigmund ErlandMatpause i sola på Vikestølen. Foto: Sigmund ErlandNokre åt nista der det var skugge. Foto: Sigmund ErlandAvstandsskilt på Vikestølen. 14 stk. gjekk 7,5 km frå Eikås til Vikebygd. Sjåførane gjekk 5,4 km Eikås-Vikestølen-Eikås.
Foto: Sigmund ErlandAvstandsskilt litt vest for Vikestølen.
Foto: Arne HauglandHer startar me frå Vikestølen.
Foto: Arne HauglandRøytetjørn, som ligg ca. 400 m sør-vest for Vikestølen.
Foto: Arne HauglandMe nærmar oss Langavatnet.
Foto: Arne HauglandLangavatnet, som er drikkevatn for Vikebygd, var noko nedtappa.
Foto: Arne HauglandGruppebilde ein stad mellom Langavatnet og Våbrekkerinda.
Foto: Arne HauglandStålbru over elv ved Våbrekkerinda.
Foto: Arne HauglandMe såg ein ungdomsleg hoggorm, ca. 20 cm lang, eit stykke frå Vikebygd.
Foto: Arne HauglandNedstigning mot Vikebygd. Utsikt mot Ålfjorden.
Foto: Arne HauglandVikebygd vassverk sitt renseanlegg bygd i 2003-2004, ca. 1 km frå Vikebygd sentrum.
Foto: Arne HauglandSteinhellebru over bekk ved Vikebygd Vassverk sitt renseanlegg.
Foto: Arne Haugland«Gamlatunet» sett frå hovudvegen.
Foto: Sigmund ErlandEldhuset. Foto: Sigmund ErlandInne i Eldhuset som var under restaurering. Foto: Sigmund ErlandMe fekk lov til å sjå oss rundt i «Gamlatunet» før matservering. Bildet er frå eit rom i 2. etasje. Foto: Sigmund Erland.Me gjekk til dekka bord i «Gamlatunet». Her er ein del av turdeltakarane. Foto: Jakob ThormodsæterOg her er det fleire turdeltakarar som ventar på mat. Foto: Jakob Thormodsæter Me fekk pavlova til dessert. Foto: Jakob ThormodsæterVert på «Gamlatunet»: Jakob Rødde. Han fekk skryt av turdeltakarane for kjekk stad og god mat. Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 14 turdeltakarar som gjekk alternativ tur frå Vabakkjen til Aker Solutions sitt administrasjonsbygg, og vidare til Eldøyane. Tilbaketuren til bilane gjekk over Bjelland med matpause i hagen til Johannes Belsvik.
Turleiar: Johan Torkelsen Ankermann: Dagfinn Hellen
Bilane blei parkerte på parkeringsplass ved Goddo-enden av brua som går over til Goddo. Der møtte me turdeltakarane frå Gutta På Tur Bømlo. For å letta oppstigninga i starten på turen, gjekk me ikkje på turstien heilt frå parkeringsplassen, men gjekk ca. 400 m nordover på hovudvegen før me tok av til venstre opp til stien mot dagsturhytta. Me gjekk fram til hytta, og tok matpausen der. På tilbaketuren gjekk me på den vanlege turstien til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turtraseen er tegna inn med blå strek.
Foto: Sigmund ErlandUtsnitt frå heimesida til GPT Bømlo, http://turgutane.no/Oppmøte på Vabakkjen før turstart.
Foto: Sigmund ErlandHer parkerte me bilane.
Foto: Sigmund ErlandVegvisarar ved parkeringsplassen. Me gjekk til dagsturhytta «Kurebu» (øverst).
Foto: Sigmund ErlandMe gjekk først ca. 400 m nordover på hovudvegen. Foto: Sigmund ErlandHer tar me den «lette» oppstigninga frå hovudvegen.
Foto: Sigmund ErlandMed gjekk langs Araskarsvatnet.
Foto: Sigmund ErlandEin arm av Araskårvatnet til høgre. Ei tjørn til venstre. Dagsturhytta kan skimtast mot himmelleitet.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss dagsturhytta.
Foto: Sigmund ErlandDagsturhytta har fått namnet «Kurebu».
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandDagfinn Hellen i GPT Bømlo orienterer om området rundt dagsturhytta.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMe kan sjå verradaren og mobilmasta på Klovafjellet, ca. 3 km frå dagsturhytta.
Foto: Sigmund ErlandFin dagsturhytte med fin utsikt.
Foto: Sigmund ErlandFerdig med matpausen, klar for tilbaketuren.
Foto: Sigmund ErlandHer går me på den vanlege turstien på nedstigninga til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandTilbake til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR TIL LUNDSÆTER
Det var 17 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Lundsæter.
Her er bilder frå turen:
Foto – alle bilder frå alternativ tur: Jakob Thormodsæter.