Gutta på Tur Stord på tur med Damene til Sunnmøre 3. juni til 6. juni 2024.

Dag nr.1  : Alt kl 8,00 om morgonen mandag 3. juni starta bussen frå Risdal Touring frå Vabakkjen retning nordover. 53 deltakarar var med på turen, så bussen var full. I Bergen svinga bussen innom Busstasjonen og henta gaiden vår, Ingrid Taule. Både ho, og sjåføren på turen, Bjarte Johannesen, har vore med oss på tur dei to siste åra. Det gjekk radig nordover, over Nordhordlandsbrua og til Ostereidet. Der hadde me stopp der det vart servert frukt, levert oss av Rema 1000 i Sagvåg og på Heiane, Kiwi på Heiane, i Sagvåg og i Sæ og Spar på Heiane, på Ådland og på Haga. Turen gjekk vidare over Sognefjorden til Vadheim der me hadde lunch på Sogn Hotel. Ferda gjekk vidare via Førde, langs Jølstravatnet til Skei. No var klokka nesten 5, og me hadde ny fruktstopp. Været passa ikkje heilt til uteservering, så Ingrid, gaiden vår, ordna med plass inne i ein souvenir butikk. Det gjekk radig langs Horningdalsvatnet, og kl.18 sjekka me inn på Nordfjord Hotel. Etter ein god middag, vart kvelden avslutta med sosialt samvær og quiz.

Dag nr. 2  : Tirsdag morgonen var me ute av hotellet og i bussen kvart på 9. Trilla ned på kaien til Sagastad Vikingsenter.  Det vrimla med turistar både inne og ute. To cruiseskip låg rett utanfor kaien. Det 30 meter lange og 6 meter breie vikingskipet (Myklebustskipet) er hovudattraksjonen. Skipet er rekonstruert, basert på funn i ein gravhaug rett ovanfor senteret. Dette skipet er det største vikingskipet som det er funne rester av i Norge. Huset som rommer skipet og utstillingen er 1000 kvadratmeter,  same areal som gravhaugen hadde. Heile turfylgjet var oppi skipet samstundes. Mange flotte utstillinger og illustrasjonar å sjå. Så bar det nordover mot Ålesund. Hadde ein fruktstopp i Grodås. Då det regna, vart det servering av frukt og kaffi i bussen. Tok ferja frå Festøy og kjørte til Atlanterhavsparken (akvariet) ved Ålesund. Har vart vi servert lunsj før me såg oss rundt i akvariet. Nokre trassa regnet og fekk med seg mating av selane i utebassenget. Flott akvarium, mange kjende og nokre ukjende skapningar frå store havdjup. Då klokka var 16.30, sjekka me inn på Hotel Noreg i Ålesund. Sosialt samvær om kvelden. Allsong og ymse innslag. Odd Winge spelte munnspel og las sjølvlaga dikt om stordabuen.

Dag nr. 3  :  Onsdag tok me avgårde mot Sulesund kl08.45 for å ta ferja mot Hareid og Runde. No var vi på heimtraktene til Kjell Molvær, og han hadde mykje lokalkunnskap å dela med oss. Han fortalde om oppveksten sin og meir generelt om Sula kommune. Og korleis han opplevde kampane mellom dei lokale fotballklubbane. Vi passerte passerte Ulsteinvik og kommunegrensa til Herøy kommune , der me såg bort til kommunesenteret Fosnavåg idet me nærma oss Runde. På miljøsenteret på Runde fekk me vera med å ta vassprøvar, og sjå både plante og dyreplankton i mikroskop. Fekk og sjå film, Havets Sølv, om silda og kor avhengig fuglelivet er av at sildeyngelen spreier seg nordover med straum og vind. Og me vart fortalt om alle fugleartane som bur i fuglefjellet på Runde. Dei fleste i tilbakegang men havsula er i framgang. Før me vart servert lunch, fekk me sjå avdelinga som synte den berømte «rundeskatten». Eit hollandsk handelsskip, Akerendam på veg til India, kom ut av kurs i ein storm og havarerte på Runde i 1725. Skipet førte med seg store verdiar i myntar av edelt metall.  Desse vart gjenfunne av dykkarar ved rein flaks i 1972. Ein del av skatten er oppbevart på senteret på Runde. I tillegg til omvisarane våre, som begge heiter Johannes, er der 10 andre forskarar på senteret. Det var eit flott og informativt opphald på Runde.

Klokka var nesten tre då me kom attende til Hareid og Brandal. Her ligg ishavsmuseet. Frå Bygda Brandal har det vore dreve selfangst sidan før 1900. Petter Brandal var pioneren som berre 20 år gammal drog på selfangst med eiga skute i1898. Me starta ombord i selfangstskuta Aarvak. Ho står på land, og det er bygd hus over. Omvisaren Lars fortalde soga om selfangsten generelt og om Brandal spesielt. Utfor bygget stod ein ståldorry, brukt som landgangsbåt, denne skal visst vera bygd av Leirvik Sveis i evjo. I bygninga rett ved er det ei stor samling som syner korleis selfangst vart drive. Fine installasjonar viste utstoppe eksemplar av dei forskjellige seltypane og andre polare dyr som moskus og isbjørn. Me fekk og sjå delar av ei ishavsskute som ein islandsk trålar fekk i trålen i 2023. Dette er no på museet. Med hjelp frå Fartøyvernsenteret i Hardanger, og datering av treverket, samt merke etter fire vant fester kunne ein fastslå at delene kom frå ishavsskuta Brattind som hadde 17 mann ombord. Desse var ein del av dei 78 som forsvann i ein orkan i 1952. Og delene låg på 350 m djup. Her hadde nok nokon fått eit minnesmerke etter sine, det låg blomar på skuterestane. Her var mykje å sjå og høyra, og tida vart litt knapp. Det var eit flott museum. Attende til hotellet kl. 17.20. Då hotellet var stappfullt måtte me ha middag alt kl. 18 . Då vart det tur rundt i Ålesund den kvelden med Ingrid Taule og Kjell Molvær som vegvisarar. Sjølv om det var litt kaldt var der fint og opplett. Rusla langs Brosundet og opp til kyrkja før retur til hotellet. Nokre tok seg og ein tur opp på Aksla.

Dag nr. 4  : Torsdag var det på heimveg alt kl 08.30. Kjørte via Stordalen og ferje til Stranda. Hadde fruktstopp ved utsiktspunkt rett før Hellesylt og såg litt av Geirangerfjorden. Kort stopp i Stryn, fleire merka seg det flotte offentlege toalettet dei hadde der. Neste stopp var hos Baker Jon i Byrkjelo. Siste stopp var i Sande der me hadde komlemiddag.

Då me nærma oss Bergen takka Sverre Vinje for turen, Takka spesielt sjåfør og gaid. Han takka og reisekomiteen Erling Lie og Kjell Molvær, og Jakob Thormodseter og Bjørn  Østrem for å ta bilete frå turen. Ellers takka han for alle andre bidrag, frå hjelp med frukt servering til verbale og skriftelige bidrag i bussen, og i samband med sosialt samvær om kveldane.

Bussen svinga innom Busstasjonen i Bergen der me tok farvel med gaiden Ingrid. Frå Busstasjonen til ferja gjekk det nett 23 minutt. Siste frukt servering var på ferja til Sandvikvåg. Ankom Vabakkjen  ca kl 21 etter ein ny vellukka tur. Været var ikkje med oss, men godt planlagt tur og positive og punktlige deltakarar var vel så viktig som været.

-o-o-o-

Diktet som Odd Winge les tirsdagskvelden:

Stordabuen 2024

Mellom hammar og haug utmed Aker
Der har stordabuen arbeid og gasje.
Og jobbar med petroleumsrelaterte saker
Har bobil og påhengs og dobbel garasje.

Han såg ut på det bårute havet
Under havet var olje og gass
Lat oss langt ned i havbotnen grave
Og la plattformar kome på plass

Han såg uti mot vikar og bakkar
Hyttetomter det finst på kvar strand
Til ein pris av 5 mill, for ein stakkar
Som vil byggja ei hytte foe hand.

Utpå vinteren vart det kaldt utpå vikjo
Han fekk trong for eit varmare land.
Tok då charter til Puerto Rico
Med paraplydrink og solvarma sand.

Og når neter er ljose som dagen
Og det laver av blomar på strå
Og med brunsnegl og ugras i hagen
Det er godt å ver`stordabu då.

               Odd Winge

-o-o-o-

Referent: Johannes Skorpen

-o-o-o-

Bilder frå turen:

Å leggje att kommentarar

Det er alltid hyggeleg med kommentarar til turane våre, og å skape litt samspel på sidene her. Så kanskje ei lita innføring i korleis me kan kommentere kan passa?

På stor skjerm (som t.d. ein PC) vil det til venstre for innlegget vera litt info om forfattar, dato og kategori – og eit valg om å koma med innspel. På liten skjerm (mobil) vil denne informasjonen og valget stå under innlegget.

Klikk på «Kom med innspel» og de vil kunna skriva kommentarar. Om de allereie har klikka på sjølve innlegget, vil de kunna kommentere under innlegget. Første gongen de kommenterer vil kommentaren måtta godkjennast – dette for å unngå søppelpost i kommentarane.

Då ser me fram til kommentarar og liv under innlegga!

Hei alle sammen , er det noen som har ein kommentar eller ønsker så er det berre å komme med innspill.
Sverre