Dugnad ved Buskasmogbekkjen den 12.03.2024.

Den 21.02.2024 sette Stord Gutta På Tur ut eit nytt bord som blei plassert oppå knust asfalt ved Buskasmogbekkjen. På dette bordet kan ein del av benken vippast opp slik at rullestolbrukarar kan koma heilt inntil bordplata.

Dugnaden den 12.03.2024 gjekk ut å på flytta bordet midlertidig til sides, dekka den knuste asfalten med tilkjørt veggrus, og planera denne grusen. Det blei lagt til rette for at rullestolbrukarar skulle kunne koma lett bort til bordet. Til slutt blei bordet sett tilbake oppå grusen og stabilisert.

Grusen vart køyrt med Arne Haugland sin bil og Harry Vorland sin tilhengjar.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Haugland, Harry Vorland, Johannes Skorpen og Sigmund Erland.

Kartutsnitt som viser dugnadsstad.

Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland
Foto: Johannes Skorpen
Foto: Sigmund Erland

Dugnad den 05.03.2024. Utplassering av bord i Grovalio.

Leif Arvid Grov hadde tidlegare transportert opp knust asfalt som bordet skulle stå på. Anders Grov har kjørt bordet opp med traktor. Den knuste asfalten vart planert av dugnadsgjengen med god hjelp av Anders Grov som hadde med traktor med skuffe.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Trageton, Arne Runnane, Anders Grov, Knut Reidar Borgenvik, Kjell Vestrheim, Johannes Haugland og Arne Haugland

Fotograf: Arne Haugland