Dugnad på strekningen Vassenden-Dalelva den 23.04.2025. Bygging og utplassering av tre nye klopper, og omlegging av sti.

Dugnaden var bygging og utplassering tre nye klopper i tillegg til dei åtte kloppene som blei utplassert den 19. mars 2025 på denne strekninga. Deler av stien blei lagt om.

Dugnadsgjengen denne dagen var :                                                      

Knut Reidar Borgenvik, Sigurd Riise, Egil Isdal og Harry Vorland.

Bilder frå dugnaden:

Foto: Harry Vorland
Foto: Harry Vorland

Dugnad i Fossabrekko den 09.04.2025. Utplassering av nytt bord .

Dugnaden var i samband med utplassering av nytt bord ved Fossen i Fossabrekko.

Viser til kartutsnitt nedanfor.

Sjølve bordet var frakta opp til Fossen med helikopter nokre dagar tidlegare. Dugnaden gjekk først ut på å frakta 4 betongheller frå Kattnakkvegen og opp til Fossen. Med tralle på stien opp til trappene, og så vidare i ryggsekker opp til Fossen. Betonghellene blei lagt på pukk frå elva, og bordet sett på plass oppå hellene.

Dugnadsgjengen denne dagen var:

Arne Trageton, Bjørn Helle, Johannes Nordtveit, Egil Isdal og Arne Haugland

Kartutsnitt som viser kvar det nye bordet er utplassert. Laga av: Sigmund Erland

Bilder frå dugnaden:

Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland

Dugnad i Fossabrekko den 02.04.2025. Planering for utplassering av nytt bord.

Dugnaden blei utført i Fossabrekko der det skal utplasserast nytt bord.

Viser til kartutsnitt nedafor.

Store steinar blei først velta til rett posisjon. Etterpå blei mindre steinar fylt på, bakom dei store steinane, opp til tilnærma horisontalt nivå. På toppen blei det lagt jord og torv. Det er no klart for utplassering av nytt 2 m langt bord her.

Dugnadsgjengen denne dagen var:

Knut Reidar Borgenvik, Arne Trageton, Sverre Vinje, Arne Runnane, Johannes Nordtveit, Jens Ivar Østvik, Johannes Skorpen og Arne Haugland.

Kartutsnitt som viser kvar dugnad blei utført den 02.04.2025, der det skal utplasserast nytt bord. Laga av: Sigmund Erland

Har fått desse bildene frå dugnaden av Arne Haugland: