Tur 935 Svortland Turløype til Fet – rundløype-den 30.01.2025.

I alt møtte det opp 45 turdeltakarar denne dagen.

37 av desse var med på turen til Svortland.

Turlengd: Ca. 5 km

Turleiar: Anders Stavland.

Bilane blei parkerte på parkeringsplass i enden av Idrettsvegen, nær Svortland skule. På vegen mot Fet gjekk dei fleste turdeltakarane «Refleksløypa» gjennom skogen fram til nordenden av Raunavatnet. Derifrå rundt rundløypa på Fet, og vidare fram til gapahuken til Bømlo turlag der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me ned til Raunavatnet brygge. På tilbaketuren til parkeringsplassen gjekk me lysløypa, der det var brei og fin turveg.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Laga av: Sigmund Erland
Me er på parkeringsplassen nær Svortland skule. Turleiaren fortel om turen me skal gå. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta. Me ser Svortland skule framfor oss. Foto: Sigmund Erland
Dei grøne skilta viser oss kva som er i området me går inn i.
Foto: Sigmund Erland
Litt meir orientering om dette området. Foto: Sigmund Erland
Me har nett passert Svortland skule. Foto: Sigmund Erland
Dei fleste av oss valde å gå «Refleksløypa» gjennom skogen mot Fet. Foto: Sigmund Erland
Medan nokre av dei andre turdeltakararne valde å gå på den breie turvegen mot Fet.
Foto: Sigmund Erland
Informasjon om «Refleksløypa».
Foto: Sigmund Erland
Her er me komne inn i skogen i «Refleksløypa». Det er festa refleksstrimler på trestammane bortetter løypa.
Foto: Sigmund Erland
Bilde frå «Refleksløypa».
Foto: Sigmund Erland
Det var laga mange gode klopper i «Refleksløypa». Foto: Sigmund Erland
Her er det slutt på «Refleksløypa». Det var slike trange portar i begge endane av løypa.
Foto: Sigmund Erland
Og no er også me komne inn på den breie turstien mot Fet. Foto: Sigmund Erland
«Vi vandrer med freidig mot». Foto: Sigmund Erland
Me går først rundløypa i Fet-området, og ikkje direkte til gapahuken der me skal matpause.
Foto: Sigmund Erland
Etter å ha gått rundløypa i Fet-området, går me ned til gapahuken der me skal ha matpause. Gapahuken ligg på austsida av Raunavatnet. Foto: Bjørn Østrem
Her kjem me fram til Bømlo turlag sin gapahuk. Her er det også grillhytte. Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde tatt rett etter matpausen. Foto: Sverre Vinje
Her er me nede på Raunavatnet brygge, ca. 300 m frå gapahuken. Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde tatt ved same brygga. Foto: Bjørn Østrem
Me er på veg opp frå brygga. Raunavatnet i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me har starta tilbaketuren, og går forbi Knutahaugen Aktivitetspark. Foto: Sigmund Erland
Me er i nordenden av Raunavatnet, og bildet er tatt mot sør. Foto: Sigmund Erland
I lysløypa er det brei og fin turveg. Foto: Sigmund Erland
Me nærmar oss parkeringsplassen. Svortland skule i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Tilbake på parkeringsplassen blei turleiaren takka for ein fin og kjekk tur til Fet. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 8 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

Turen starta ved Meatjødno på Heiane, og gjekk vidare bak Valvatnafeltet. Tilbake via brakkebyane på Heiane, og under hovudvegen mot Hatland skule. Matpausen var under tak i gamle vedlageret. Vidare derifrå under hovudvegen ved Haugaland kraft, og tilbake til der me starta. Ein god tur i godt lag.

Det blei ikkje tatt bilder på denne turen

Tur 934 Øvre Økland-Iglatjødno rundt den 23.01.2025.

I alt møtte det opp 47 turdeltakarar denne dagen.

31 av desse var med på turen til Iglatjødno.

Turlengd: Ca. 5 km

Turleiar: Arne Haugland

Bilane blei parkerte på parkeringsplass ved Vatnadalsvegen der ein kan gå til Stua. Me gjekk først ca. 300 m nordover Vatnadalsvegen før me tok av denne og gjekk vidare på «Gerdastien». I nordenden av «Gerdastien» kryssa me Vatnadalsvegen, og gjekk vidare sørover og vestover til me kom fram til Iglatjødno der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me vidare sørover, svinga så austover rundt Baståsen, og følgde brei skogsveg vidare til Øvre Økland. Derifrå ca. 500 m på Vatnadalsvegen tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Laga av: Sigmund Erland
Me er på Vabakkjen, og turleiaren fortel om turen me skal gå. Foto: Sigmund Erland
Me er komne fram til parkeringsplassen ved Vatnadalsvegen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren er klar til å starta turen. Hjertestartaren er med. Me kan sjå «Villa Vatne» i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta. Foto: Sigmund Erland
Me er på veg oppover mot Øvre Økland der me skal gå på «Gerdastien».
Foto: Sigmund Erland
Me har nett tatt av frå Vatnadalsvegen og gått inn på «Gerdastien». Turleiaren fortel om eit grustak som var der tilegare. Det blei brukt grus frå dette grustaket då dei laga gravplass ved Tysevegen, ca. 400 m nord for Stord kyrkje.
Foto: Sigmund Erland
Ein liten rest av grustaket, som ikkje er i bruk lenger.
Foto: Sigmund Erland
Bilde frå «Gerdastien».
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om, og viser oss, eit nybygg på Øvre Økland som skal brukast til vedtørking. Foto: Sigmund Erland
Det er litt stigning i starten av stien opp frå Vatnadalsvegen.
Foto: Sigmund Erland
Me er komne inn i skogen, og går sørover, parallelt med Vatnadalsvegen.
Foto: Sigmund Erland
Kvilepause, 2-300 m før me kjem til Iglatjødno. Foto: Sigmund Erland
Her er me på veg inn i Iglatjødno naturreservat, som er eit myrreservat. Føremålet med vernet er å ta vare på eit fint døme på attgroingsmyr og rik flatmyr med svært sjeldne planteartar. Foto: Sigmund Erland
Her ser me det store myrområdet nord for Iglatjødno. Ein kan såvidt sjå Iglatjødno i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me nærmar Iglatjødno, og staden der me skal ha matpause.
Foto: Sigmund Erland

Matpausebilder:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Bilde tatt frå nordenden av Iglatjødno. Foto: Sigmund Erland
Me går vidare etter matpausen. Foto: Sigmund Erland
Og dette bildet er tatt frå austsida av Iglatjødno. Foto: Sigmund Erland
Ein liten kvilepause inne i skogen. Foto: Sverre Vinje
Turleiaren viser oss Baståsen, som er rett ovafor oss. Foto: Sigmund Erland
Me er komne inn på brei skogsveg som går til Øvre Økland. Foto: Sigmund Erland
Her kjem me inn på Vatnadalsvegen, ca. 300 m ovafor parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Me er tilbake på parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland

Gruppebilder som blei tatt ved parkeringsplassen:

Foto: Sverre Vinje
Foto: Sverre Vinje
Foto: Sigmund Erland

Etter at gruppebilder var tatt, blei turleiar takka for ein fin og kjekk tur til Iglatjødno.

ALTERNATIV TUR

Det var 16 turdeltakarar som gjekk alternativ tur i Hystadmarka.

Bilder frå turen:

Fått av: Bjørn Østrem
Fått av: Oddbjørn Kvålsvold

Tur 933 Gamle bossplassen Valvatne-Moldfadleåsen rundt den 16.01-2025.

Grunna ein del våt snø i terrenget, blei den planlagde turen kansellert. Det blei i staden tur i Sagvågs-området.

I alt møtte det opp 41 turdeltakarar denne dagen.

33 av desse var med på turen til Sagvåg.

Turlengd: Ca. 5 km

Turleiarar: Jens Arne Stautland og Harald Stautland

Bilane blei parkerte ved forsamlingshus der Almåsvegen startar. Me gjekk forbi Tjødnalio skule, inn på Sætravikvegen, og opp til Neshadlene. Me følgde Neshadlene, kom forbi Syljesmoget, følgde vegen Høgåsen til endes, og gjekk ned til Grunnavågen der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me over Podlabrua og vidare opp til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Laga av: Sigmund Erland
Turleiarene Harald Stautland og Jens Arne Stautland. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå Vabakkjen der turleiarane fortel om turen me skal gå. Foto: Sigmund Erland
Bilane blei parkerte ved «losjehuset» i Sagvåg. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta. Almåsvegen i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland
Turleiar fortel om «Godakjeldo», ei god vasskjelde som blei brukt i tidlegare tider. No går vegen, som me ser på bildet, der denne kjelda var.
Foto: Sigmund Erland
Her går me på gangvegen mellom Sagvågsvegen og Tjødnalio skule. Foto: Sigmund Erland
Me går forbi Tjødnalio skule. Foto: Sigmund Erland
Turleiar fortel om Tjødnalio skule og nærområdet der. Foto: Sigmund Erland
Me møter nokre av turdeltakarane som hadde gått ein annan veg på litt av turen. Foto: Sigmund Erland
Me ser Nestjørna i bakgrunnen der turleiarane hadde skeisa mykje. Foto: Sigmund Erland
Turleiarane hadde også tidlegare brukt denne fotballbanen, som no ikkje tilfredsstiller dagens krav. Foto: Sigmund Erland
Bildet er tatt ved rundkøyringa der Sætravikvegen, Neshadlene og Nesvegen møtest. Turleieiarane fortalde om garden Nes der dei hadde vakse opp. Foto: Sigmund Erland
Bildet er tatt bortover Nesvegen i retning mot garden Nes. Foto: Sigmund Erland
Me går forbi huset til ein av turdeltakarane ved Sætravikvegen. Foto: Sigmund Erlandf
Her går me oppover på ein sti mellom Sætravikvegen og Neshadlene. Foto: Sigmund Erland
Bildet er tatt frå vegen Høgåsen. Kringkastings- og mobilstasjon i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me er på veg nedover mot Grunnavågen. Foto: Sigmund Erland

Matpausebilder:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erlandf
Foto: Sigmund Erland
Foto: Jakob Thormodsæter
På veg vidare etter matpausen. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå Grunnavågen. Foto: Sigmund Erland
Me går forbi anlegget til ERKO settefisk. Foto: Sigmund Erland
Bildet er frå Grunnavågsvegen. Turleiar fortel om dette området. Foto: Sigmund Erland
Her går me over Podlabrua. Foto: Sigmund Erland
Utsikt frå Podlabrua innover mot Sjøpollen. Me ser den «nye» Grunnavågsvegen i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me er tilbake på parkeringsplassen. Turleiarane blir takka for ein kjekk og interessant tur. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 8 turdeltakarar som gjekk alternativ tur i Landåsen.

Bilder frå turen:

Foto: Bjørn Østrem
Foto: Fått av Bjørn Østrem