Tur 909 Dagsturhytta på Goddo, i lag med GPT Bømlo, den 25.04.2024.

I alt møtte det opp 34 turdeltakarar denne dagen.

17 av desse var med på turen til Goddo.

Turlengd: Ca. 3 km

Turleiar: Johan Torkelsen
Ankermann: Dagfinn Hellen

Bilane blei parkerte på parkeringsplass ved Goddo-enden av brua som går over til Goddo. Der møtte me turdeltakarane frå Gutta På Tur Bømlo. For å letta oppstigninga i starten på turen, gjekk me ikkje på turstien heilt frå parkeringsplassen, men gjekk ca. 400 m nordover på hovudvegen før me tok av til venstre opp til stien mot dagsturhytta. Me gjekk fram til hytta, og tok matpausen der. På tilbaketuren gjekk me på den vanlege turstien til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turtraseen er tegna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Utsnitt frå heimesida til GPT Bømlo, http://turgutane.no/
Oppmøte på Vabakkjen før turstart. Foto: Sigmund Erland
Her parkerte me bilane. Foto: Sigmund Erland
Vegvisarar ved parkeringsplassen. Me gjekk til dagsturhytta «Kurebu» (øverst). Foto: Sigmund Erland
Me gjekk først ca. 400 m nordover på hovudvegen.
Foto: Sigmund Erland
Her tar me den «lette» oppstigninga frå hovudvegen. Foto: Sigmund Erland
Med gjekk langs Araskarsvatnet. Foto: Sigmund Erland
Ein arm av Araskårvatnet til høgre. Ei tjørn til venstre. Dagsturhytta kan skimtast mot himmelleitet. Foto: Sigmund Erland
Me nærmar oss dagsturhytta. Foto: Sigmund Erland
Dagsturhytta har fått namnet «Kurebu». Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Dagfinn Hellen i GPT Bømlo orienterer om området rundt dagsturhytta. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Me kan sjå verradaren og mobilmasta på Klovafjellet, ca. 3 km frå dagsturhytta. Foto: Sigmund Erland
Fin dagsturhytte med fin utsikt. Foto: Sigmund Erland
Ferdig med matpausen, klar for tilbaketuren. Foto: Sigmund Erland
Her går me på den vanlege turstien på nedstigninga til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Tilbake til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR TIL LUNDSÆTER

Det var 17 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Lundsæter.

Her er bilder frå turen:

Foto – alle bilder frå alternativ tur: Jakob Thormodsæter.

Tur 908 Rundtur frå Løvegapet til Dyrnes Fyr den 18.04.2024.

I alt møtte det opp 38 turdeltakarar denne dagen.

21 av desse gjekk denne rundturen.

Turlengd: 6-7 km.

Turleiar: Arne Haugland

Bilane blei parkerte på parkeringplass ved Bømlavegen, ca. 300 m sør for fjellformasjonen «Løvegapet». Turstien starta på andre sida av Bømlavegen med retning mot sør/vest. Etter ca. 1 km passerte me stranda i botn av Roaldsfjorden der det var mykje plast og anna boss som hadde reke i land. Ca. 800 m lenger framme kom me fram til Sætrehilleren, nesten innerst i Sætrefjorden. Arkeologiske funn viser at det har budd folk her i lange tider, frå steinalderen og fram til 5-600 år e. Kr. Me gjekk vidare frå Sætrehilleren til Dyrnes fyrlykt, ei strekning på ca. 1 km. Fyrlykta blei sett i drift i 1910. Først med parafindrift, men frå 1993 med straum frå solcellepanel. Frå Dyrnes gjekk turen ca. 2,2 km mot nord/aust til Skipavik. Derifrå ca. 1,2 km på Skipavikvegen og langs Bømlavegen tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turtraseen er tegna inn med blå strek.
Foto: Sigmund Erland.
Bilde frå parkeringsplassen me starta turen frå. Turstien startar på andre sida av Bømlavegen. Foto: Sigmund Erland
Turleiar Arne Haugland informerer om turen me skal gå. Foto: Sigmund Erland.
«Løvegapet» i bakgrunnen, ca. 300 m nord for parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland.
Informasjon i starten av turen. Me gjekk ikkje til Eide, men til Sætre, og vidare til Dyrnes og Skipavik. Foto: Sigmund Erland.
Utsnitt frå informasjonstavle.
Ca. 600 m frå parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde ved liten foss, ca. 700 m frå parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland.
I botn av Roaldsfjorden er det mykje plast og anna boss som har reke i land. Foto: Sigmund Erland.
Mellom botn av Roaldsfjorden og Slettevika. Slettevika er ei vik i Roaldsfjorden, ca. 300 m sør/vest for stranda i botn av Roaldsfjorden. Foto: Sigmund Erland
Innerst i Slettevika. Foto: Sigmund Erland.
Oppstigning frå Slettevika. Slettevika til venstre for holmen. Foto: Sigmund Erland.
Ca. midt mellom Slettevika og Sætre. Foto: Arne Haugland.
Me nærmar oss Sætrehilleren, og ser Espevær i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland.
Me kjem fram til Sætrehilleren der det budde folk i Steinalderen og fram til 5-600 år e. Kr..
Foto: Sigmund Erland.
Utdrag frå oppslag ved Sætrehilleren. Foto: Sigmund Erland.
Postkasse med turbok i. Foto: Sigmund Erland.
Leiinga i Stord Gutta På Tur tek ansvar og skriv i turboka. Foto: Sigmund Erland

Foto: Sigmund Erland.
Ein liten kvilepause i botn av Sætrefjorden. Foto: Sigmund Erland.
Her gjer me ein 200-300 m avstikkar ut til Dyrnes fyrlykt på stien mellom Sætrehilleren og Skipavik. Foto: Sigmund Erland.
På veg oppover mot Dyrnes fyrlykt. Foto: Sigmund Erland.
Informasjonsplakat ved Dyrnes fyrlykt. Foto: Sigmund Erland.

Utsnitt frå informasjonsplakat. Foto: Sigmund Erland.

Fyrlykta fekk solcellepanel og blei automatisert i 1993. Tidlegare var det parafindrift.
Foto: Sigmund Erland.
Gruppebilde nr. 1 ved Dyrnes fyrlykt. Foto: Sigmund Erland.
Gruppebilde nr. 2 ved Dyrnes fyrlykt. Foto: Arne Haugland.
Matpause nær Dyrnes fyrlykt. Foto: Sigmund Erland.
Screenshot
På veg ned frå Dyrnes fyrlykt. Foto: Sigmund Erland.
Det er ikkje berre fast fjell på Bømlo. Foto: Sigmund Erland.
Me går på vestsida av Lenutetjørna. Lenuten i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland.
Det var anlegg for frisbeegolf mellom Lenutetjørna og Skipavik. Foto: Sigmund Erland.
Me er på veg inn mot Skipavik. Foto: Sigmund Erland.
Her forlet me Skipavik og går oppover mot Bømlavegen. Foto: Sigmund Erland.
Her går me på Skipavikvegen frå Skipavik oppover mot Bømlavegen, og vidare til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland.

ALTERNATIV TUR HEIANE-VALVATNA-HEIANE.

Det var 17 turdeltakarar som gjekk alternativ tur Heiane-Valvatna-Heiane.

Her er bilder frå turen:

Foto: Jakob Thormodsæter.

Foto: Jakob Thormodsæter.

Foto: Jakob Thormodsæter.

Foto: Bjørn Østrem.

Foto: Bjørn Østrem.

Foto: Bjørn Østrem.

Foto: Bjørn Østrem.

Johannes fortel.
Video: Bjørn Østrem.

Tur 907 Rundtur – Liane, den 11.04.2024.

I alt møtte det opp 33 turdeltakarar denne dagen.

17 av desse gjekk denne rundturen.

Turleiar: Arne Haugland

Turen starta på parkeringsplassen mellom Haugland og Vad. Derifrå gjekk turen til Vad, og vidare på skogsvegen over til Vatnadalen. På Vatnadalsvegen gjekk me ca. 600 m oppover dalen, der me tok av til høgre inn på stien mot Fjellstova. Etter litt over ein kilometer på denne stien, kom me fram til Tveitasætra der me hadde matpause. På denne staden var det tidlegare sæter for garden Nordre Tveita som ligg 4-5 km derifrå. Frå Tveitasætra gjekk me søraustover til Hauglandskvedno, og vidare tilbake til parkeringsplassen der me starta.

Kartutsnitt der turtraseen er tegna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland.
På parkeringsplassen mellom Haugland og Vad. Foto: Sigmund Erland.
«Rongabekkjen», ved vegen til Vad, der vatnet renn i motsette retningar på same staden. Foto: Sigmund Erland.
Det var stor vassføring i Vatnaelva/Vadelva etter mykje regn. Huset i bakgrunnen blir brukt til å sjå etter fisk i elva. Foto: Sigmund Erland
Mykje vatn i elva som startar heilt oppe i Kvelve. Foto: Sigmund Erland
Vatnet renn vidare mot Ådlandsvatnet. Foto: Sigmund Erland.
Bildet er tatt der me starta å gå oppover Vatnadalsvegen. Me gjekk mot Fjellstova. Foto: Sigmund Erland.
Arne Runnane og Erling Lie klarer såvidt å famna rundt stammen på «Vatnaforo». Frøet som blei til dette treet, spirde truleg i året 1750. Omkrets i bringehøgd var i 1994 ca. 2,32 m, og høgda 23 m. Det er større no. Foto: Sigmund Erland.
Oppslag med informasjon om «Vatnaforo». Foto: Sigmund Erland.
«Vatnaforo» i heile si lengd midt på bildet. Ho viser teikn til å svekkast. Det er tynt mellom furunålene i toppen.
Foto: Sigmund Erland.
På veg oppover Vatnadalsvegen. Foto: Sigmund Erland.

Vegvisarar der me tok av frå Vatnadalsvegen og gjekk inn på stien mot Fjellstova.
Foto: Sigmund Erland.

Turleiaren orienterer om vegen vidare mot Tveitasætra. Foto: Sigmund Erland.
Ein pust i bakken gjer godt etter stigning. Foto: Sigmund Erland.
Det var vått på stien etter mykje regn. Foto: Sigmund Erland.
Oppslag på Tveitasætra. Foto: Sigmund Erland.
Matpause på Tveitasætra. Foto: Sigmund Erland.
Matpause på Tveitasætra. Foto: Sigmund Erland.
Turleiaren orienterer om Tveitasætra. Foto: Sigmund Erland.
Gruppebilde tatt på Tveitasætra. Foto: Arne Haugland.
Turleiar Arne Haugland er lokalkjent, og leier oss trygt gjennom skogen mot Hauglandskvedno, sjølv om det ikkje er sti der. Foto: Sigmund Erland.
Og han ser til at alle kjem seg trygt ned. Foto: Sigmund Erland.
Denne «skapningen» låg i skogen. Foto: Sigmund Erland.
På veg langs Vadelva nedover mot Hauglandskvedno.
Foto: Sigmund Erland
Vassføringa ved Hauglandskvedno var stor. Gapahuken i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå bru over Vadelva, ca. 60 m sør for Hauglandskvedno. Turleiaren fortalde om denne brua, og at tømmeret til huset hans var tatt ut frå skogen på den andre sida av Vadelva. Foto: Sigmund Erland.

-o-o-o-

Det var 16 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Hauglandskvedno. Bildene og videoane viser at det hadde regna mykje i forvegen.

Foto: Bjørn Østrem.