24 av desse var med på turen til Stemmevatnet på Skorpo.
Turlengd: Ca. 4 km
Ver: Sol og ca. 25 grader.
Turleiar: Johannes Skorpen
Bilane blei parkerte ved Skorpevegen, ca. 1,4 km nord for Laukhamar rorbuer. Me gjekk først nordover på traktorveg. Etter ca. 300 m tok me ein avstikkar til venstre opp til Trodlaholo. Ettepå gjekk me ned til traktorvegen igjen og følgde denne, først litt nordover, og så sørover så langt den gjekk. Me gjekk vidare sørover på merka sti til sørenden av Stemmevatnet der me hadde matpause. Etterpå gjekk me vidare nedover langs Laukhammarelva fram til Øvre Laukhammar. Derifrå gjekk me på Skorpevegen tilbake til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund ErlandMe parkerte bilane ved Skorpevegen, ca. 1,4 km nord for Laukhamar rorbuer. Foto: Sigmund ErlandTurleiar Johannes Skorpen orienterer om turen me skal gå.
Foto: Sigmund ErlandHer startar me turen frå parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandMe går på traktorvegen som startar ved parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandCa. 300 m frå parkeringsplassen tek me ein avstikkar til venstre til Trodlaholo.
Foto: Sigmund ErlandDet er litt bratt når me nærmar oss Trodlaholo.
Foto: Sigmund ErlandBilde av inngangen til Trodlaholo.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren fortel at ein frå Tyssedal og ein frå Kviterussland budde i Trodlaholo dei siste månadene av 2. verdskrigen. Opplysningane er henta frå Tysnes sogelag sitt årsskrift frå 2003.
Foto: Sigmund ErlandMe går vidare mot Stemmevatnet.
Foto: Sigmund ErlandDet er ein del stigning her.
Foto: Sigmund ErlandEin liten kvilepause etter oppstigning. Foto: Sigmund ErlandMe går vidare mot Stemmevatnet.
Foto: Sigmund ErlandDet blir litt opnare landskap.
Foto: Sigmund ErlandMe kjem fram til til bord og benker der det blir drikkepause. Utsikt innover Kvinnheradsfjorden. Foto: Sigmund Erland Me går vidare mot Stemmevatnet.
Foto: Sigmund ErlandMe går på vestsida av Stemmevatnet.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss stemmen i sørvestre enden av vatnet.
Foto: Sigmund ErlandBilde av stem i enden av vatnet.
Foto: Sigmund Erland.Matpause ved stem i enden av Stemmevatnet.
Foto: Sigmund ErlandMatpause. Stemmevatnet i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandFrå der me hadde matpause kunne me sjå sørover mot Haukanes på Huglo.
Foto: Sigmund ErlandMatpausen er slutt.
Foto: Sigmund ErlandBilde av Kongshaug.
Foto: Sigmund ErlandBilde av Laukhammarsåta.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren fortel at Laukhammarsåta er som ei bygdeborg.
Foto: Sigmund ErlandMe går frå Stemmevatnet nedover mot Laukhammar.
Foto: Sigmund ErlandMe har gått nedover på vestsida av Laukhammarelva. Her kryssar me elva og kjem til «stølen» på Øvre Laukhammar.
Foto: Sigmund Erland Turleiaren fortel om Laukhammar.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå røykstova som er restaurert på Øvre Laukhammar. Foto: Sigmund ErlandOg dette er kallhovden («omnskallen») som er plassert i det fremre hjørnet på røykomnen. Foto: Sigmund ErlandEin av plankane i røykstova er merka med «ANO 1770». Foto: Sigmund ErlandBilde frå Øvre Laukhammar.
Foto: Sigmund ErlandMe er komne ned til Skorpevegen. Utsikt sørover mot Kubbholmen, Flatøya og Kråko.
Foto: Sigmund ErlandGruppebilde av turdeltakarane.
Foto: Sigmund ErlandMe går på Skorpevegen tilbake mot parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandOg her står bilane og ventar.
Foto: Sigmund ErlandBilde av Laukhammarsåta tatt frå Hodnanes.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss Jektevik, og Sverre takkar turleiaren for ein kjekk og innhaldsrik tur.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 15 turdeltakarar som gjekk alternativ tur Sevhølen-Ådland rundt. Hadde mat og leik ved Ådlandsvatnet. Bjarte seira og måtte blåsa ballongen.
Bilane blei parkerte på parkeringsplassen i båthamna ved Sævarhagsvikjo. Me gjekk oppover Sjoarvegen. Nesten oppe ved hovudvegen tok me av til høgre ned til Sævarhagen. Derifrå gjekk me til Haga, og vidare ned til Hovaneset der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me langs Sævarhagsvikjo tilbake parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Foto: Sigmund ErlandTurleiar Odd Winge orienterer om turen me skal gå. Foto: Sigmund ErlandMe går frå båthamna i Sævarhagsvikjo oppover Sjoarvegen.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren viser fram prydbringebær, som er ein busk frå Nord-Amerika som truar dei naturlege artane i Norge, og derfor er uønskt her. Foto: Sigmund ErlandTurleiaren orienterer om parkslirekne som er uønskt i Norge. Strandvindel er også uønskt. Foto: Bjørn ØstremNesten oppe ved hovudvegen tok me til høgre ned mot Sævarhagen. Foto: Sigmund ErlandMe såg eit asketre med askepest (askeskuddsjuke) på veg ned til Sævarhagen. Foto: Sigmund Erland Me ser Hovaneset i bakgrunnen frå Sævarhagen.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå Sævarhagen.
Foto: Sigmund ErlandfPå veg frå Sævarhagen mot Haga.
Foto: Sigmund ErlandHer kjem me fram til Haga.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren fortel om Haga-garden som ligg på leire, og at det tidlegare kan ha vore leirras her ned mot Hovaneset. Foto: Sigmund ErlandMe går vidare frå Haga mot Hovaneset.
Foto: Sigmund ErlandDet var litt fuktig nokre stader.
Foto: Sigmund ErlandMe ser Hovaneset i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss Hovaneset der det beiter sauer.
Foto: Sigmund ErlandPå veg opp på Hovaneset.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren viser fram beitesopp på Hovaneset.
Foto: Sigmund ErlandPå Hovaneset.
Foto: Oddbjørn KvålsvoldPå Hovaneset.
Foto: Oddbjørn KvålsvoldMatpause på Hovaneset.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Oddbjørn KvålsvoldTilbaketuren frå Hovaneset har starta.
Foto: Sigmund ErlandGruppebilde på Hovaneset.
Foto: Bjørn ØstremDesse kristorntrea hadde lite blad og såg gamle ut.
Foto: Sigmund ErlandHer er me i svartorskog. Turleiaren fortalde om ulikheter mellom svartor og gråor. Svartor kan m. a. veksa i nitrogenfattig jord. Foto: Sigmund ErlandSævarhagsvikjo med Hovaneset i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss Sævarhagsvikjo.
Foto: Sigmund ErlandHelge Heiberg-Andersen fortel om då Staten kjøpte tomt til skule i Sævarhagen.
Foto: Sigmund ErlandSverre Vinje takkar turleiar Odd Winge for ein kjekk og innhaldsrik tur til Hovaneset.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 6 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen gjekk frå Meatjørna på stien mot Valvatnafeltet, og under riksvegen. Matpausen var under tak ved gammalt vedlager. Vidare gjekk turen opp til Heiane industriområde og tilbake til bilane.
Bilane blei parkerte rett før brua som går over til Børøya (Børøybrua). Før me starta å gå, fortalde Peggy Bærøy mykje interessant om Børøya, både frå eldre og nyare tider. Me gjekk over brua, og følgde Børøyvegen ca. 400 m før me tok av til venstre inn på ein veg gjennom skogen fram til Olsvika. Deretter gjekk me litt tilbake igjen, og så til ein stad mellom Olsvika og Gardsvika der det er ei hytte som tidlegare var for dei tilsette hos Engevik Bygg . Me gjekk så vidare gjennom skogen fram til huset til turleiar Peggy Bærøy. Der fekk alle som ønskte det, koma inn og eta medbrakt niste. Etter matpausen gjekk me ned til Børøyvegen att, og følgde så vegen tilbake til parkeringsplassen .
Til saman møtte 45 turdeltakarar fram til første turen etter sommaren.
Foto: Sigmund Erland
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Før turen starta. Turleiar Toralf Røen nr. 3 frå venstre, og turleiar Peggy Bærøy heilt til høgre.
Foto: Sigmund ErlandTurleiar Peggy Bærøy orienterer om Børøya før turen startar.
Foto: Sigmund ErlandMe er på Børøybrua. Denne vart vart bygd i 1968. Foto: Sigmund ErlandMe tok av til venstre frå hovudvegen, og gjekk mot Olsvika. Foto: Sigmund ErlandPå vegen mot Olsvika.
Foto: Bjørn ØstremBilde frå Olsvika.
Foto: Sigmund ErlandVegen mot hytta som tidlegare var for tilsette hos Engevik bygg. Det var ingen teikn til «fæst» då me kom fram til hytta.
Foto: Sigmund ErlandHytte som tidlegare var for tilsette hos Engevik Bygg.
Foto: Sigmund ErlandHytte som tidlegare var for tilsette hos Engevik Bygg. Ein av turdeltakarane var tilsett i dette firmaet då hytta vart bygd. Han fortalde om hytta, og om mykje dugnadsarbeid som var blitt utført av dei tilsette. Foto: Sigmund ErlandHer prøver Bjørn og Reidar, ved hjelp av GPS på mobiltelefonen, å finna ut kor høgt over havet dei er. Foto: Fått av Bjørn ØstremSå bar turen inn i skogen igjen.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss huset til turleiar Peggy Bærøy.
Foto: Sigmund ErlandHer ser me huset.
Foto: Sigmund ErlandAlle som ønskte det, blei inviterte inn for å eta medbrakt niste.
Foto: Sigmund ErlandNokre av turdeltakarane valde å eta ute der det var bord og stolar.
Foto: Sigmund Erand Matpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremKlar for å gå vidare etter matpausen.
Foto: Sigmund ErlandSverre har kontroll på Twist-konfekten som blir delt ut til turdeltakarane.
Foto: Bjørn ØstremPå tilbaketuren gjekk me forbi dette fritidsbygget.
Foto: Sigmund ErlandMot Børøyvik og Jektaneset.
Foto: Sigmund ErlandNed mot Gardvika. Børøysåta (på Bømlosida) i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandSørover mot Børøyvik, Jektaneset og Krabbavika.
Foto: Sigmund ErlandBilde tatt frå Børøybrua nordover Nautsundet. Foto: Sigmund ErlandTilbake over Børøybrua til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 11 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Hauglandskverna.
Her er bilder frå turen:
Det var regn, og flaum forbi Hauglandskverna. Foto: Bjarte Gunnarson
Matpause i gapahuken ved Hauglandskverna. Foto: Bjarte Gunnarson