Tur 923 Tur i Eldøy-området med besøk på museet på Verftet i lag med GPT – Bømlo den 17.10.2024

I alt møtte det opp 41 turdeltakarar frå Stord GPT og 13 turdeltakarar frå GPT – Bømlo denne dagen.

Ca. 10-15 turdeltakarar gjekk alternativ tur direkte frå Vabakkjen ned til verftet på Kjøtteinen.

Resten av dei frammøtte køyrde med bilar og parkerte ved Eldøy Båthamn.

Turleiar: Oddbjørn Kvålsvold

Frå Eldøy Båthamn gjekk me langs vegane Krono, Eldøyane, Verftsvegen, Nedre Hageby og Kjøtteinsvegen fram til Aker Solutions på Stord. Me hadde matpause i Velferdshuset der me fekk servert kaffi og wienerbrød, og kommunikasjonsdirektør Odd Naustdal heldt interessant foredrag for oss om verftet frå starten av og fram til i dag. Etterpå var det besøk på Industrimuseet der me kunne gå rundt å sjå på gjenstander og bilder frå tidlegare tider. Og folk frå historiegruppa svarte velvillig på spørsmål når me lurte på noko. Turen tilbake til bilane gjekk langs vegane Verftsvegen, Lauvdalen, Eldøyvegen, Høgestølen, Hybelsneset og Nesjahaugen. Det var på alle måtar ein godt planlagt, og særs vellukka, tur.

Kartutsnitt der turen er teikna inn mede blå strek. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå oppmøte på Vabakkjen der turleiaren orienterer om turen me skal gå. Foto: Sigmund Erland
Frå parkerinsplassen ved Eldøy Båthamn. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta . Første strekninga går langs sjøen i retning mot Aker Solutions på Stord. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren stoppa ein del gonger på turen der han fortalde mykje interessant om dei stadene me gjekk forbi. Eldøy Mekaniske Verksted i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland

Me gjekk saman med GPT – Bømlo denne dagen, og me var ein heil flokk på tur.
Foto: Sigmund Erland

Her måtte me ta ein «kunstpause» fordi det var avtalt tid for frammmøte på verftet. Turleiaren nytta høvet til å fortelja om området me var i. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om då han som 17-åring byrja som lærling ved Stord Verft.
Foto: Sigmund Erland
Me er komne fram til «Akerhus». Foto: Sigmund Erland
Kan dette vera beredskapsdoen til verftet dersom det oppstår ein krisesituasjon?
Foto: Sigmund Erland
Me er på veg til Velferdshuset der me skal ha matpause og få informasjon om Aker Solutions på Stord.
Foto: Sigmund Erland
Fint veggmaleri på austveggen på Velferdshuset.
Foto: Sigmund Erland
Åsta Lorentsen i Historiegruppa på Kjøtteinen Industrimuseum, ønskte oss velkommen til Aker Solutions på Stord i Velferdshuset. Der hadde me matpause, og fekk også servert kaffi og wienerbrød. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause.
Foto: Bjørn Østrem
Matpause. Foto: Bjørn Østrem
Kommunikasjonsdirektør Odd Naustdal heldt interessant foredrag for oss om verftet frå starten av og fram til i dag.
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren takka Odd Naustdal for at me hadde fått koma på besøk til Aker Solutions på Stord, og for mykje interessant informasjon om verftet.
Foto: Sigmund Erland
Etter matpause og foredrag gjekk me frå Velferdshuset opp til Industrimuseet.
Foto: Sigmund Erland
Bilde frå smia. Foto: Sigmund Erland
Her held dei på og lagar modell av Statfjord A – plattformen. Foto: Sigmund Erland
Vandring i industrimuseet. Foto: Sigmund Erland
Modell av ROTADISC TØRKE TST-200. Brukt i produksjonen av fiskemjøl, kjøt/beinmjøl, og til tørking av kjemikalier og kloakkslam. Foto: Sigmund Erland
Modell av Skomvær II, bygd av A/S Stord Verft, og sjøsett i 1960. Foto: Sigmund Erland
Modell av TT Beamont, bygd ved A/S Stord Verft, døypt 07.02.1976.
Foto: Sigmund Erland
Det starta med sildoljefabrikk i 1919. Foto: Sigmund Erland
Aker Elektro var her. Foto: Sigmund Erland
Bilde av bedriftas grunnleggjar, kaptein Theodor Onarheim (1880-1964). Foto: Sigmund Erland
På industrimuseet såg ein av turdeltakarane bilde av seg sjølv (nr. 4 frå venstre) frå den tida han arbeidde ved verftet.
Foto: Sigmund Erland
Her forlet me industrimuseet, og har starta tilbaketuren til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren deler kunnskapane sine med dei andre turdeltakarane. Veldig interessant å høyra han fortelja.
Foto: Sigmund Erland
Krana «Ivan» blir brukt til demolering av oljeinstallasjonar. Den er 137 meter høg, og er nyleg sertifisert for vidare bruk.
Foto: Sigmund Erland
Her blir det orientert om båthamna nedanfor. Foto: Sigmund Erland
Og her kjem me tilbake til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland
Ein representant for Gutta På Tur – Bømlo takkar turleiaren for ein godt planlagt og innhaldsrik tur.
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blir her takka av alle turdeltakarane for ein veldig kjekk og interessant tur.
Foto: Sigmund Erland

Tur 922 Botsvik-Grønsmette-Osen-Rossneset-Botsvik den 10.10.2024.

I alt møtte det opp 38 denne dagen.

27 av desse var med på turen til Rossneset.

Turlengd: Ca. 3,5 km

Turleiar: Egil Isdal

Me parkerte bilane ved krysset Isdalsvegen/Litlabøvegen. Derifrå gjekk me ca. 0,5 km austover langs Litlabøvegen før me tok av til venstre og gjekk inn i skogen. Me gjekk sørover og vestover til me kom til Osen, og vidare til «Bålhuset» der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me til gruvetunnel nesten heilt ytterst på Rossneset. Derifrå gjekk me same vegen tilbake ca. 0,5 km, gjekk forbi staden Botsvik, og følgde vegen Båtsvikjo tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Frå parkeringsplassen ved krysset mellom Isdalsvegen og Litlabøvegen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om området me skal gå i, og om raidet på Litlabø i 1943. Foto: Sigmund Erland
Me starta med å gå ca. 500 m på Litlabøvegen i retning mot Leirvik.
Foto: Sigmund Erland
Her tar me av frå Litlabøvegen og går inn i skogen i retning mot Osen. Foto: Sigmund Erland
Her er me inne i skogen. Foto: Sigmund Erland
Kva treslag er dette? Foto: Sigmund Erland
Her blir det orientert om sti mot Vassenden som Stord Gutta På Tur ønskjer å rusta opp dersom dei får tildelt midlar som dei har søkt om. Foto: Sigmund Erland
Me kjem ned til Storavatnet. Foto: Sigmund Erland
Ved Osen er det ei skrøpeleg trebru over Daleelva som me skulle gå over. Turdeltakaran på bildet går ut på brua som førstemann for å testa om brua held.
Foto; Sigmund Erland
Det gjekk bra med førstmann, så dei andre gjekk også ut på brua, men med god avstand mellom kvar mann. Foto: Sigmund Erland
Alle kom seg velberga over. Stord Gutta På Tur har også søkt om midler til å få skifta ut denne brua, med nye fundament og ny bru. Foto: Sigmund Erland
Bilde av Daleelva der ho renn nedover mot osen i Storavatnet. Foto: Sigmund Erland
Turdeltakarane i godt driv. Det nærmar seg matpause. Foto: Sigmund Erland
«Bålhuset» i sikte. Foto: Sigmund Erland
Her er det sitjeplass til alle, både inne og ute. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sverre Vinje
Det er tid for å gå vidare. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortalde at det snart kjem ein 4 meter brei skogsbilveg her. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi ei hustuft frå 1867. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi ein del nobelgrantre. På plakaten er det informasjon om dette treslaget. Foto: Sigmund Erland
Skogbotn er her dekka av mose. Foto: Sigmund Erland
Inngang til gruvetunnel på Rossneset der det blei tatt ut svovelkis frå 1865 til ca. 1875. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren orienterer her om svovelkisuttaket i denne gruvetunnelen og andre stader i Litlabø-området. Foto: Sigmund Erland
Stormen «Nina» herja mykje på Rossneset i januar 2015. Foto: Sigmund Erland
Her er det funne giftig sopp. Foto: Sigmund Erland
Det er ein spiss giftslørsopp, som er ein svært giftig skivesopp, som ikkje må forvekslast med matsopp. Foto: Sigmund Erland
Me går ut av skogen i Botsvik. Foto: Sigmund Erland
Me følgde Daleelva oppover mot parkeringsplassen. Her er det ein demning der det tidlegare var eit sagbruk. Foto: Sigmund Erland
Me er tilbake til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blir takka for ein fin og interessant tur. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 11 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Hauglandskverna.

Her er bilder og videoar frå turen:

Alle bilder og videoar er mottatt frå Bjørn Østrem.

Tur 921 Rundtur i Gåslandsmarka (Bømlo) den 03.10.2024.

I alt møtte det opp 36 denne dagen.

21 av desse var med på turen til Gåslandsmarka.

Turlengd: Ca. 3-4 km

Turleiar: Sigurd Riise

Me køyrde nordvestover på riksveg 5004 forbi Urangsvåg, og tok av til venstre inn på Sæverudsøyvegen. Etter ca. 1 km tok me på nytt til venstre, og parkerte bilane på parkeringsplass der vegen Straumen startar. Me gjekk først ned til Søre Glipholmsstraumen. Så gjekk me ca. 300 m tilbake same vegen, og tok til høgre mot Pøyletjørna. Me gjekk på sørsida av Pøyletjørna nesten fram til Urang, svinga nordover, og gjekk opp til Hamratårnet der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me i terrenget ned til Sæverudsøyvegen, og følgde denne vegen tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er tegna inn med blå strek.
Foto: Sigmund Erland

Bilde frå parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om nærområdet, og om turen me skal gå.
Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta.
Foto: Sigmund Erland
Det var mange fritidsboligar i Straumen hyttegrend, og dei var fint plasserte i terrenget.
Foto: Sigmund Erland
Her går me ned mot Søre Glipholmsstraumen.
Foto: Sigmund Erland
Her har me tatt av nordover langs Søre Glipholmsstraumen.
Foto: Sigmund Erland
Søre Glipholmsstraumen på venstre sida av vegen.
Foto: Sigmund Erland
Her ser me brua som går over til Klovøya.
Foto: Sigmund Erland
Det var laga petanque-bane her ute.
Foto: Sigmund Erland
Me gjekk same vegen tilbake frå Store Glipholmsstraumen, og nyt her det fine utsynet før me går vidare mot Pøyletjørna.
Foto: Sigmund Erland
Ein fin fritidsbolig som ligg usjenert til i terrenget.
Foto: Sigmund Erland
Her har me forlete vegen og skal starta på stien langs Pøyletjørna.
Foto: Sigmund Erland
Starten på stien.
Foto: Sigmund Erland
Stien er ikkje heilt flat.
Foto: Jakob Thormodsæter
Pøyletjørna til venstre.
Foto: Sigmund Erland
Ein liten pause.
Foto: Sigmund Erland
Denne kvilebenken såg ut til å vera utgått på dato.
Foto: Jakob Thormodsæter
«Det lysnet i skogen».
Foto: Sigmund Erland
Me er komne litt forbi Pøyletjørna.
Foto: Sigmund Erland
«Vi vandrer med freidig mot».
Foto: Sigmund Erland
Me er komne heilt ut av skogen.
Foto: Sigmund Erland
Pause på ein av installasjonane til Bømlo Vatn og Avløp.
Foto: Sigmund Erland
På skiltet Bømlo Vatn og Avlaup har der, står det: «God tur!» og «Mangt skal vi møte-og mangt skal vi mestre. Dagen i dag-den kan bli vår beste dag».
Foto: Sigmund Erland
Turen går vidare på fin sti mot Hamratårnet høgdebasseng.
Foto: Sigmund Erland
Me blir minna på at det er blitt haust.
Foto: Sigmund Erland
Me passerer ei namnlaus tjørn. Vatnet frå denne renn ned i Pøyletjørna.
Foto: Sigmund Erland
Denne steinen blir kalla «Ventesteinen».
Foto: Sigmund Erland
Me nærmar oss Hamratårnet høgdebasseng der me skal ha matpause.
Foto: Sigmund Erland
Der er det godt utsyn i mange retningar.
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om kva ein kan sjå herifrå.
Foto: Sigmund Erlamd
Det er godt tilrettelagt for matpause her.
Foto: Sigmund Erland
Matpause.
Foto: Sigmund Erland
Matpause.
Foto: Sigmund Erland
Matpause.
Foto: Sigmund Erland
Her er me på veg tilbake frå Hamratårnet til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland

Tilbake på parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland

Turleiaren blei takka for ein kjekk og innhaldsrik tur.
Foto; Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 15 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Digernes.

Turleiar: Ole Gjermund Digernes.

Her er bilder frå turen:

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Fått av Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem