
Det er alltid hyggeleg med kommentarar til turane våre, og å skape litt samspel på sidene her. Så kanskje ei lita innføring i korleis me kan kommentere kan passa?
På stor skjerm (som t.d. ein PC) vil det til venstre for innlegget vera litt info om forfattar, dato og kategori – og eit valg om å koma med innspel. På liten skjerm (mobil) vil denne informasjonen og valget stå under innlegget.
Klikk på «Kom med innspel» og de vil kunna skriva kommentarar. Om de allereie har klikka på sjølve innlegget, vil de kunna kommentere under innlegget. Første gongen de kommenterer vil kommentaren måtta godkjennast – dette for å unngå søppelpost i kommentarane.
Då ser me fram til kommentarar og liv under innlegga!