Tur 910. Tur til Bjoa-Vikestølen-Vikebygd den 02.05.2024.
I alt møtte det opp 35 turdeltakarar denne dagen.
21 av desse var med på turen til Bjoa og Vikebygd.
Turlengd Eikås-Vikestølen: 2,7 km Turlengd Vikestølen-Vikebygd: 4,8 km Turlengd Eikås-Vikebygd: 7,5 km
Turleiar: Oddbjørn Kvålsvold
Bilane blei parkerte på parkeringsplassen ved Arquebus-minnesmerket på Eikås. Alle turdeltakarane gjekk frå Eikås til Vikestølen der det var matpause med medbrakt niste. Etter matpausen gjekk 14 deltakarar vidare til Vikebygd. Dei sju andre, som var sjåførar, gjekk tilbake til bilane sine på Eikås. Dei køyrde derifrå via Innbjoa og Utbjoa til Vikebygd der dei møtte dei som hadde gått heile turen frå Eikås til Vikebygd. Der var det bestilt viltgryte med tilbehøyr og kaffi på «Gamlatunet» til heile turgjengen. Både fotturen, og måltidet etterpå, blei ei fin og minnerik oppleving.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde ved Arquebus-minnesmerke på Eikås før turen starta.
Foto: Sigmund ErlandOversiktsbilde der minnesmerket er.
Foto: Sigmund ErlandFrå Arquebus minnesmerket på Eikås. Foto: Sigmund ErlandPå veg mot Vikestølen. Turleiar Oddbjørn Kvålsvold framme i midten. Foto: Sigmund ErlandDrikkepause mellom Eikås og Vikestølen.
Foto: Jakob ThormodsæterMe nærmar oss Vikestølen.
Foto: Sigmund ErlandMatpause i sola på Vikestølen. Foto: Sigmund ErlandNokre åt nista der det var skugge. Foto: Sigmund ErlandAvstandsskilt på Vikestølen. 14 stk. gjekk 7,5 km frå Eikås til Vikebygd. Sjåførane gjekk 5,4 km Eikås-Vikestølen-Eikås.
Foto: Sigmund ErlandAvstandsskilt litt vest for Vikestølen.
Foto: Arne HauglandHer startar me frå Vikestølen.
Foto: Arne HauglandRøytetjørn, som ligg ca. 400 m sør-vest for Vikestølen.
Foto: Arne HauglandMe nærmar oss Langavatnet.
Foto: Arne HauglandLangavatnet, som er drikkevatn for Vikebygd, var noko nedtappa.
Foto: Arne HauglandGruppebilde ein stad mellom Langavatnet og Våbrekkerinda.
Foto: Arne HauglandStålbru over elv ved Våbrekkerinda.
Foto: Arne HauglandMe såg ein ungdomsleg hoggorm, ca. 20 cm lang, eit stykke frå Vikebygd.
Foto: Arne HauglandNedstigning mot Vikebygd. Utsikt mot Ålfjorden.
Foto: Arne HauglandVikebygd vassverk sitt renseanlegg bygd i 2003-2004, ca. 1 km frå Vikebygd sentrum.
Foto: Arne HauglandSteinhellebru over bekk ved Vikebygd Vassverk sitt renseanlegg.
Foto: Arne Haugland«Gamlatunet» sett frå hovudvegen.
Foto: Sigmund ErlandEldhuset. Foto: Sigmund ErlandInne i Eldhuset som var under restaurering. Foto: Sigmund ErlandMe fekk lov til å sjå oss rundt i «Gamlatunet» før matservering. Bildet er frå eit rom i 2. etasje. Foto: Sigmund Erland.Me gjekk til dekka bord i «Gamlatunet». Her er ein del av turdeltakarane. Foto: Jakob ThormodsæterOg her er det fleire turdeltakarar som ventar på mat. Foto: Jakob Thormodsæter Me fekk pavlova til dessert. Foto: Jakob ThormodsæterVert på «Gamlatunet»: Jakob Rødde. Han fekk skryt av turdeltakarane for kjekk stad og god mat. Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 14 turdeltakarar som gjekk alternativ tur frå Vabakkjen til Aker Solutions sitt administrasjonsbygg, og vidare til Eldøyane. Tilbaketuren til bilane gjekk over Bjelland med matpause i hagen til Johannes Belsvik.