Tur 906 Handelandsdalen (Valen) i Kvinnherad den 04.04.2024.

I alt møtte det opp 35 turdeltakarar denne dagen.

21 av desse gjekk turen i Handelandsdalen.

Bilane blei parkerte på parkeringsplass ca. 200 m ovafor Handeland gard. Turen gjekk på skogsveg oppover Handelandsdalen. Ca. 1,2 km frå parkeringsplassen gjekk me forbi gapahuken på Feto, og vidare derifrå gjekk me ca. 500 m oppover dalen. Der snudde me, og gjekk tilbake til gapahuken der me hadde matpausen. Siste strekningen fram til gapahuken gjekk me ca. 200 m på «gamlevegen», som går parallelt med den nyare skogsvegen.

Tur 906 er teikna inn med blå strek på kartutsnittet. Foto: Sigmund Erland
Kjell Vestrheim informerer om turen på ferja til Kvinnherad. Foto: Sigmund Erland.
Parkeringsplassen, ca. 200 m ovafor Handeland gard.
Foto: Sigmund Erland.
Informasjonstavle om Handelandsdalen. Foto: Jakob Thormodsæter.
Kvilebenk heilt i starten på turen. Foto: Jakob Thormodsæter.
Turen har starta. Foto: Sigmund Erland.
På veg oppover. Foto: Jakob Thormodsæter.
Peder viser skilt i Handelandsdalen som peikar oppover mot Feto der gapahuken er, og nedover mot Handeland gard. Foto: Jakob Thormodsæter.
Handelandselva renn i Handelandsdalen og kjem frå Bakkastølsvatnet. Foto: Sigmund Erland.
På veg oppover, og Handelandselva på høgre sida. Foto: Jakob Thormodsæter.
Gapahuken ligg fint til ved Handelandselva. Foto: Sigmund Erland.
Vegen var stengt for køyrety litt ovafor gapahuken. Foto: Sigmund Erland.
Her snudde me. Foto: Sigmund Erland.
Og her har nedturen starta. Foto: Sigmund Erland.
Dei siste 200 metrane fram til gapahuken gjekk me på den «gamle» skogsvegen. Foto; Sigmund Erland.
På veg inn i gapahuken for matpause. Det var sludd i lufta. Foto: Sigmund Erland.
Detalj frå den fine gapahuken på Feto. Foto: Jakob Thormodsæter.
Matpause i gapahuken. Foto: Jakob Thormodsæter.
Matpause i gapahuken. Foto fått fra: Jakob Thormodsæter.
Matpause i gapahuken. Foto: Jakob Thormodsæter.
Toralf Røen orienterte om Valen sjukehus og området rundt. Foto: Sigmund Erland.
Området rundt gapahuken. Foto: Sigmund Erland.
Dette byggverket var å sjå nær gapahuken. Foto: Sigmund Erland.
Det blir tatt ut tømmer i Handelandsdalen. Foto: Sigmund Erland.
Her kjem tømmerbil for å henta tømmer. Foto: Sigmund Erland

-o-o-o-

Det var 14 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til gapahuken i Skipåsen på Stord.

Begge bildene er frå alternativ tur til gapahuken i Skipåsen.
Foto: Bjørn Østrem.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *