Dugnad den 03.04.2024. Utplassering av bord der Knutsabekkjen renn ut i Ådlandsvatnet.

Bordet blei levert av Podlen verkstad v/ Eirik Laukhammer. Det er 3 m langt, og ein del av benken kan vippast opp slik at rullestolbrukarar kan komma heilt inntil bordplata. Bordet blei festa med kjetting til ei steinblokk for å gjera det vanskeleg å flytta det vekk derifrå av uvedkommande.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Haugland, Bjørn Helle og Johannes Skorpen.

Boring og fastgysing av bolt med kjetting til steinblokk.
Foto: Arne Haugland.
Dugnadsgjengen. Frå venstre Bjørn Helle, Arne Haugland og Johannes Skorpen. I framgrunnen sit Eirik Laukhammer frå Podlen verkstad som var med og leverte bordet.
Dugnadsgjengen prøvesit bordet, og avslutta med ein kopp kaffi.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *