Tur 919 Haraldseidvatnet rundt, den 19.09.2024

I alt møtte det opp 39 denne dagen.

17 av desse var med på turen rundt Haraldseidvatnet.

Turlengd: Ca. 3 km

Ver: Sol, varmt og vindstille.

Turleiar: Kjell Vestrheim

Me parkerte bilane ved ein bygning merka med «Fjosen» og «Låven». Etter å ha gått ca. 500 m frå parkeringsplassen , kom me til ein vegvisar merka med «Haraldseidvatn rundt». Derifrå gjekk me vidare på vestsida av Haraldseidvatnet, rundt vatnet, og tok matpausen på austsida av vatnet. Etter matpausen gjekk me vidare til vegvisaren som var merka»Haraldseidvatnet rundt», og så tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Foto: Sigmund Erland

Me parkerte nedanfor denne bygningen.
Foto: Sigmund Erland

Parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland

Frå parkeringsplassen kunne me sjå bort til settefiskanlegget til Bremnes Seashore i Trovåg.
Foto: Sigmund Erland

Turleiaren fortel om turen me skal gå.
Foto: Sigmund Erland

Før turen starta, las Harald diktet «Gruva».
Foto: Sigmund Erland

Turen har nettop starta. Turleiaren lengst framme.
Foto: Sigmund Erland

Me har gått langs vegen, over ei eng, og er komne inn i skogen.
Foto: Sigmund Erland

Her kunne me velja kva retning me ville gå rundt Haraldseidvatnet.
Foto: Sigmund Erland

Kvilepause.
Foto: Sigmund Erland

Me kjem fram til Haraldseidvatnet som er speilblankt.
Foto: Sigmund Erland

Me går på vestsida av Haraldseidvatnet:

Foto: Sigmund Erland

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Her kunne me velja om me ville gå vidare til Alnedalsvatnet, eller gå Haraldseidvatnet rundt. Me valde å gå Haraldseidvatnet rundt.
Foto: Sigmund Erland

I fin stil over gjerdeklyvar.
Foto: Sigmund Erland

Ein liten pause.
Foto: Sigmund Erland

Leiinga i Stord Gutta På Tur kjempar seg oppover ei stigning.
Foto: Sigmund Erland

Endeleg var det matpause:

Foto: Sigmund Erland

Foto: Sigmund Erland

Foto: Sigmund Erland

Foto: Sverre Vinje

Foto: Sverre Vinje

I matpausen hadde me flott utsyn over Haraldseidvatnet:

Foto: Sigmund Erland

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Sigmund Erland

Turen går vidare etter matpausen.
Foto: Sigmund Erland

Denne gjekk me forbi.
Foto: Sigmund Erland

Foto: Jakob Thormodsæter

Kan dette vera ein skytebane?
Foto: Sigmund Erland

Tibake til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

22 mann valde alternativ tur denne dagen. Bjørn Østrem tok ansvar og foreslo at ein skulle ta ein tur i Valvatna/Hatland området. Bilane blei parkerte ved Meatjødno der turen starta. Me gjekk på utsida av boligfeltet og gjennom skogen til Heiane Vest. Me var heldige og hadde med oss Ole Gjermund Digernes og han orienterte om utgravingane i Djupadalen. Der hadde fangstfolk halde til for 10000 år sidan. No er der ei infotavle. Turen gjekk vidare under europavegen til Hatland skule der matpausen var. Ole Gjermund fortalde om tre års skulegang på Hatland skule, og om dei som hadde budd i det kvite huset som no har ramle heilt saman. Attende til bilane gjekk me under e39 igjen forbi SKL,SIM og Biltema. Turen var vel 4 km.

Referent: Helge Heiberg-Andersen

Bilder frå turen:

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *