Tur 918 Tur til Søra Bømlo i lag med GPT Bømlo den 12.09.2024.

I alt møtte det opp 36 denne dagen.

24 av desse var med på turen til Søra Bømlo.

Turleiar: Kåre A. Meling

Turlengd: Ca. 1,5 km

Vi køyrde til Langevåg på Bømlo. Fyrst besøkte vi Bømlo Tur- og Sogelag. Her fekk me ei framifrå god orientering om dette laget. Vidare om historia om hendingar frå gamal tid og fram til i dag. Det var pensjonert lærar Bernt Olav Vika, som er styreleiar i Tur- og Sogelaget, som fortalde om historia fram til slik huset står i dag. Her var det eit svært ryddig og fint museum, og det gav svært god informasjon om historia, både om huset og historia bak.

Innhaldet var delt mellom utviklinga i det kristne miljøet på Langevåg, skulen, næringsliv, og ikkje minst om krigen 1940-1945. Det er lagt ned eit stort arbeid av Tur- og Sogelaget.

Det er mogeleg å finna mykje om laget på internettadresse www.b-ts.no.

Etter ei fin oppleving i museet «Fridtun», gjekk turen til næringsområdet Urdatangen ved enden av Hovlandsvegen. Her var gjort eit stort arbeid for å få til ei god hamn og utviklingsmogelegheiter for næringsutvikling. Det var bygd ein 500 m lang utfylling som det var meininga å byggja kaianlegg langs. Her var god djupne (43 meter), så her kan ein ta i mot fartøy med stort djuptgåande. Utviklinga langs Hovlandsvegen har vore stor dei seinare år. Her er det fiskerihamn, industrietablering som fiskeforedling, skipsreparasjonsverkstad og mekanisk industri. Det var Sten Arne Lønning som var vår omvisar, han fortalde om utvikling av dette industriområdet. Du kan finna meir om denne store utbygginga på nettet, under Bømlo Fiskerihamn.

Etter omvisinga på anlegget, hadde vi matøkt i matsalen til notbøteriet til Eidesvik. Her fortalde Sten Arne Lønning meir om planen vidare med prosjektet.

Formann i Stord Gutta På Tur, Sverre Vinje, takka Sten Arne Lønning for den omfattande omvisinga, og gav Sten Arne ein kniv som takk for jobben.

Referent: Kjell Vestrheim

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Bernt Emil Vika i Bømlo Tur- og Sogelag orienterte oss om historikk og drift av museet deira i Langevåg.
Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter

Foto: Jakob Thormodsæter




ALTERNATIV TUR

Det var 12 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Hustredalen på Litlabø.

Her er bilder frå turen:

Foto: Bjørn Østrem

Foto: Bjørn Østrem

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *