Tur 915 Børøya rundt (Bømlo)

I alt møtte det opp 45 denne dagen.

34 av desse var med på turen til Børøya.

Turlengd: Ca. 3 km.

Ver: Regn heile tida.

Turleiarar: Peggy Bærøy og Toralf Røen.

Bilane blei parkerte rett før brua som går over til Børøya (Børøybrua). Før me starta å gå, fortalde Peggy Bærøy mykje interessant om Børøya, både frå eldre og nyare tider. Me gjekk over brua, og følgde Børøyvegen ca. 400 m før me tok av til venstre inn på ein veg gjennom skogen fram til Olsvika. Deretter gjekk me litt tilbake igjen, og så til ein stad mellom Olsvika og Gardsvika der det er ei hytte som tidlegare var for dei tilsette hos Engevik Bygg . Me gjekk så vidare gjennom skogen fram til huset til turleiar Peggy Bærøy. Der fekk alle som ønskte det, koma inn og eta medbrakt niste. Etter matpausen gjekk me ned til Børøyvegen att, og følgde så vegen tilbake til parkeringsplassen .

Til saman møtte 45 turdeltakarar fram til første turen etter sommaren. Foto: Sigmund Erland

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Foto: Sigmund Erland

Før turen starta. Turleiar Toralf Røen nr. 3 frå venstre, og turleiar Peggy Bærøy heilt til høgre. Foto: Sigmund Erland
Turleiar Peggy Bærøy orienterer om Børøya før turen startar. Foto: Sigmund Erland
Me er på Børøybrua. Denne vart vart bygd i 1968. Foto: Sigmund Erland
Me tok av til venstre frå hovudvegen, og gjekk mot Olsvika. Foto: Sigmund Erland
På vegen mot Olsvika. Foto: Bjørn Østrem
Bilde frå Olsvika. Foto: Sigmund Erland
Vegen mot hytta som tidlegare var for tilsette hos Engevik bygg. Det var ingen teikn til «fæst» då me kom fram til hytta. Foto: Sigmund Erland
Hytte som tidlegare var for tilsette hos Engevik Bygg. Foto: Sigmund Erland
Hytte som tidlegare var for tilsette hos Engevik Bygg. Ein av turdeltakarane var tilsett i dette firmaet då hytta vart bygd. Han fortalde om hytta, og om mykje dugnadsarbeid som var blitt utført av dei tilsette.
Foto: Sigmund Erland
Her prøver Bjørn og Reidar, ved hjelp av GPS på mobiltelefonen, å finna ut kor høgt over havet dei er. Foto: Fått av Bjørn Østrem
Så bar turen inn i skogen igjen. Foto: Sigmund Erland
Me nærmar oss huset til turleiar Peggy Bærøy. Foto: Sigmund Erland
Her ser me huset. Foto: Sigmund Erland
Alle som ønskte det, blei inviterte inn for å eta medbrakt niste. Foto: Sigmund Erland
Nokre av turdeltakarane valde å eta ute der det var bord og stolar. Foto: Sigmund Erand
Matpause. Foto: Bjørn Østrem
Matpause. Foto: Bjørn Østrem
Matpause. Foto: Bjørn Østrem
Matpause. Foto: Bjørn Østrem
Matpause. Foto: Bjørn Østrem
Matpause. Foto: Bjørn Østrem
Matpause. Foto: Bjørn Østrem
Klar for å gå vidare etter matpausen. Foto: Sigmund Erland
Sverre har kontroll på Twist-konfekten som blir delt ut til turdeltakarane. Foto: Bjørn Østrem
På tilbaketuren gjekk me forbi dette fritidsbygget. Foto: Sigmund Erland
Mot Børøyvik og Jektaneset. Foto: Sigmund Erland
Ned mot Gardvika. Børøysåta (på Bømlosida) i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Sørover mot Børøyvik, Jektaneset og Krabbavika. Foto: Sigmund Erland
Bilde tatt frå Børøybrua nordover Nautsundet.
Foto: Sigmund Erland
Tilbake over Børøybrua til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 11 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Hauglandskverna.

Her er bilder frå turen:

Det var regn, og flaum forbi Hauglandskverna.
Foto: Bjarte Gunnarson

Matpause i gapahuken ved Hauglandskverna.
Foto: Bjarte Gunnarson

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *