Bilane blei parkerte på parkeringsplass for Kjølsvika, nord på Føyno. Ca. 100 m frå parkeringsplassen, tok me til høgre, sørover, inn i skogen. Etter ca. 600 m kom me inn på «hovudvegen» med vegnamnet Føyno. Me følgde denne vegen til Orevika der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me nordover, med ein avstikkar til Haugatun. Derifrå gjekk me vidare nordover og vestover tilbake til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Foto: Sigmund ErlandOppmøte på Vabakkjen før turen. Foto: Sigmund ErlandTurleiar og leiar for Stord GPT på Vabakkjen.
Foto: Sigmund ErlandParkeringsplassen på Føyno.
Foto: Sigmund ErlandTurleiar orienterer om øya Føyno, og om turen me skal gå der.
Foto: Sigmund Erland Turen har nett starta. Stordabrua i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe tok av frå vegen, og gjekk sørover inn i skogen. Foto: Sigmund ErlandEin liten pause for å samla gjengen.
Foto: Sigmund ErlandOgså her var stormen Nina på besøk i 2015.
Foto: Sigmund ErlandDenne sagekrakken ute i skogen var visst ikkje brukt på ei stund. Foto: Sigmund Erland Me snur nordaustover mot Orevika.
Foto: Sigmund ErlandBømlafjordtunnelen ligg ca. 80 m rett under dette huset. Foto: Sigmund ErlandDet lokale namnet på Orevika er Ørevikjo.
Foto: Sigmund ErlandMe er ikkje langt frå Orevika no.
Foto: Sigmund ErlandMe går ned mot sørenden av Orevika.
Foto: Sigmund ErlandHer er me i søre enden av Orevika.
Foto: Sigmund ErlandUtsikt mot nordre enden av Orevika.
Foto: Sigmund ErlandFine og velstelte eigedomar i Orevika.
Foto: Sigmund ErlandMatpause i nordre enden av Orevika.
Foto: Sigmund ErlandFrå Matpausen.
Foto: Sigmund ErlandFrå matmausen.
Foto: Oddbjørn KvålsvoldFrå matpausen.
Foto: Sigmund ErlandFrå Orevika er det utsikt mot Otterøya, som ligg ca. 800 m mot søraust. Foto: Sigmund ErlandHer utsikt frå nordre enden av Orevika mot den søre enden.
Foto: Sigmund ErlandTilbaketuren har starta.
Foto: Sigmund ErlandDet var lite biltrafikk på Føyno, og me hadde vegane for oss sjølve. Men akkurat her måtte me vika til side for ein bil. Foto: Sigmund Erland Me tok ein liten avstikkar til eigdomen Haugatun.
Foto: Sigmund ErlandDer traff me eigaren (lengst til høgre). Oddbjørn Kvålsvold (midt på bildet) hadde tidlegare – i samband med lokalhistorisk arbeid – intervjua foreldra hans.
Foto: Sigmund Erland Me gjekk vidare nordover. Foto: Sigmund Erland Og kom forbi dette staselege huset. Foto: Sigmund ErlandDet er ein del eiketre på Føyno.
Foto: Sigmund ErlandOg ein del sauer.
Foto: Sigmund ErlandHer er me komne tilbake til parkeringsplassen. Både turleiaren og dei andre turdelakarane syntest det hadde vore ein kjekk tur. Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 6 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Bilane blei parkerte på parkeringsplassen nedanfor Øvre Økland. Derifrå gjekk turen opp Vatnadalsvegen til krysset der ein kan ta av mot Vad. Litt innpå vegen mot Vad er det bord og benker, og kaffi og niste blei fortært der. Etter matpausen gjekk dei same vegen tilbake til parkeringsplassen.