Tur 949 Sjoalemyro-Vadvegen-Hauglandskverna-vestside av Sjolemyro, den 22.05.2025.

I alt møtte det opp 44 turdeltakarar denne dagen.

33 av desse var med på turen rund Sjoalemyro.

Turlengd: Ca. 5 km

Turleiar: Oddbjørn Kvålsvold

Me parkerte bilane langs Lundssetervegen, ved Sjoalemyro. Frå parkeringsplassen gjekk me gjennom skogen, på austsida av Sjoalemyro, fram til Vadvegen, og følgde Vadvegen nordover til Hauglandskverna der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me frå Hauglandskverna, på vestsida av Sjoalemyro, tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen me gjekk er teikna inn med blå strek. Sti/traktorveg mellom A og B er ein alternativ turveg ein gå dersom ein ønskjer ein kortare rundtur. Laga av: Sigmund Erland
På parkeringsplassen ved Sjoalemyro. Stovegolvet i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland
Turleiar denne dagen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren orienterer om skogsvegar som er bygde på Stord. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta frå parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Me tar av frå Lundssetervegen og går sørvestover inn i skogen. Foto: Sigmund Erland
Me er komne ca. 200 m inn i skogen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om tidlegare skogreisingsleiar, om dei som bygde skogsvegar, og kva maskinar dei brukte. Foto: Sigmund Erland
Her blir det sjekka om det seinare kan bli blåbær å plukka. Foto: Sigmund Erland
Me kjem fram til eit dyrka område, ca. 600 m frå parkeringsplassen. Denne staden er merka med A på kartutsnittet. Herifrå kan ein gå ein alternativ turveg tvers over til turvegen mellom Hauglandskverna og Sjolalemyro. Foto: Sigmund Erland
Her går me på bru over Buskasmogbekkjen, ca. 150 m før me kom fram til Vadvegen. Foto: Sigmund Erland
Her sit me ved bordet som Stord Gutta På Tur utplasserte ved Vadvegen den 12.03.2024. Foto: Sigmund Erland
Pause ca. 100 m før Hauglandskverna. Foto: Sigmund Erland
Hauglandskverna. Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sverre Vinje
Foto: Sverre Vinje
Matpausen er slutt, og tilbaketuren til Sjoalemyro på annan sti har starta. Gapahuk til venstre, og Hauglandskverna til høgre. Foto: Sigmund Erland
Turgjengen – på ei rekkje. Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Me er komne til staden som er merka med B på kartutsnittet. Foto: Sigmund Erland
Her kjem me ut av skogen og inn på Lundssetervegen. Foto: Sigmund Erland
Tilbake på parkeringsplassen blei turleiaren takka for ein fin og interessant tur rundt Sjoalemyro. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 11 turdeltakarar som gjekk alternativ tur denne dagen.

9 stk. valde å gå tur i Landåsen og til gapahuken i Skjepåsen. Ein av desse måtte avbryta turen før han kom fram, på grunn av andre oppgåver.

2 stk. valde å gå til Hauglandskverna og møta dei som gjekk rundt Sjoalemyro.

Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Skjepåsen. Foto: Bjarte Gunnarson
Skjepåsen. Foto: Bjarte Gunnarson
Skjepåsen. Foto: Bjarte Gunnarson
Skjepåsen. Foto: Bjarte Gunnarson