Tur 948 til Kaldestadåsen (Kvinnherad), den 15.05.2025

I alt møtte det opp 41 turdeltakarar denne dagen.

19 av desse var med på turen til Kaldestadåsen.

Turlengd: Ca 4 km

Turleiarar: Kjell Vestrheim (Frå Stord Gutta På Tur) og Margot Sjo (Lokal turleiar)

Me parkerte bilane på parkeringsplassen ved grendahuset på Kaldestad. Derifrå gjekk me på traktorveg og gode stiar forbi utsiktspunkt og opp til toppen av Kaldestadåsen der me hadde matpause. Etter matpause i flott vær, gjekk me same vegen tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund Erland
Oppmøte på Vabakkjen før utreise til Kaldestadåsen. Foto: Sigmund Erland
Turleiar orienterer på ferja om turen me skal gå . Foto: Sigmund Erland
Me parkerte ved grendahuset på Kaldestad. Foto: Sigmund Erland
Til venstre: Turleiar frå Stord Gutta På Tur. Til høgre: Lokal turleiar som var med oss på turen. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi ein gammal hesteslåmaskin. Foto: Sigmund Erland
Me går oppover på god traktorveg. Husnesfjorden og Hovlandsnuten (Tysnes) i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Vegvisarane viser at det går fleire stiar opp mot Kaldestadåsen. Foto: Sigmund Erland
Det var lagt ned mykje arbeid med stien til Kaldestadåsen, og den var god å gå på. Foto: Sigmund Erland
Ca. 900 m langs stien frå toppen av Kaldestadåsen, var det laga til eit utsiktspunkt. Foto: Sigmund Erland
Her var det sett opp ein liten gapahuk, og utsiktsplatting. Foto: Sigmund Erland
Utsikt mot Husnes, aluminiumsverket til Hydro Husnes, og Englafjell (1200 moh) over aluminiumsverket. Foto: Sigmund Erland
Onarheimsvågen (sjø) lengst til venstre i bildet, og Opsangervatnet til høgre. Foto: Sigmund Erland
Ein av turteltakarane nytta høvet til å bruka denne huska på utsiktpunktet.
Foto: Sigmund Erland
Inne i gapahuken på utsiktspunktet. Foto: Sverre Vinje (?)
Arne Torget sitt dikt om Stegabrekko. Foto: Sigmund Erland
Her blir det skrive inn i turboka. Foto: Sigmund Erland
Her er det ca. 250 m igjen til toppen av Kaldestadåsen. Foto: Sigmund Erland
Og her er me komne heilt til toppen av Kaldestadåsen, 271 moh. Foto: Sigmund Erland
Også her var det god utsikt mot Husnes. Foto: Sigmund Erland
Bilde av Hydro Husnes sitt aluminiumsverk, som er ca. 1 km langt. Foto: Sigmund Erland
Utsikt mot Bogsnesvågen og Onarheimsvågen. Hydro Husnes heilt til høgre i bildet. Foto: Sigmund Erland
Inne i gapahuken på Kaldestadåsen. Foto: Sigmund Erland
Inngangen til gapahuken. Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Turdeltakar som les om «Hentesveisen». Foto: Sigmund Erland
Og ein annan turdeltakar som underheldt oss med fin tussefløytemusikk i matpausen.
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Turløypeoversikt i nærområdet til Kaldestadåsen. Foto: Sigmund Erland
Matpausen er slutt, og ein av turdeltakarane nyt utsikta før nedturen startar. Foto: Sigmund Erland
Nedstigning, ikkje langt frå utsiktspunktet. Foto: Sigmund Erland
Me er komne tilbake til parkeringsplassen, og den lokale turleiaren får ein god klem av turleiaren frå Stord Gutta På Tur for at ho ville vera med oss til Kaldestadåsen.
Foto: Frivillig, forbipasserande fotograf.
Og begge turleiarane blei takka for ein fin og kjekk tur til Kaldestadåsen. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Me var 22 turdeltakarar som gjekk alternativ tur denne dagen.

Etter forslag frå Helge, valde me å kjøra til  parkeringsplassen ved banene  i Nordbygda. Der tok Helge oss først med på ein rundtur gjennom Ådlandsskogen, og deretter opp til Dronning Sonjas plass der me hadde lunsj. Etterpå gjekk me forbi ungdomsskolen og Hystad skule, retur via Kleivane med fantastisk utsikt til Kvinnherad.

Ådlandsskogen, der det no var tørt, var ei god oppleving for oss alle. Hadde ein god rasteplass ved ei flott leikehytte som ein barnehage hadde fått sett opp. Ein flott tur.

Referent: Bjarte Gunnarson

Bilder frå turen:

Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Foto: Bjarte Gunnarson
Foto: Bjarte Gunnarson
Foto: Bjarte Gunnarson
Foto: Bjarte Gunnarson
Foto: Bjarte Gunnarson
Foto: Bjarte Gunnarson
Foto: Bjarte Gunnarson
Foto: Bjarte Gunnarson
Foto: Bjarte Gunnarson

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *