Tur 947 til dagsturhytta i Sveio (Auklandshamn), den 08.05.2025.

I alt møtte det opp 44 turdeltakarar denne dagen.

28 av desse var med på turen til dagsturhytta i Sveio.

Turlengd: 4,8 km

Turleiar: Knut Reidar Borgenvik

Me parkerte bilane på parkeringsplassen ved Auklandshamn Landhandel. Frå parkeringsplassen gjekk me 2,4 km sørover til dagsturhytta «Nipaståvo» i Sveio. Etter matpausen, som me hadde i flott ver utanfor dagsturhytta, gjekk me same vegen tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Laga av: Sigmund Erland
Me starta å gå frå parkeringsplassen ved Auklandshamn Landhandel. Foto: Sigmund Erland
Turleiar denne dagen.
Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta. Foto: Sigmund Erland
Frå Auklandshamn landhandel gjekk me på stien som går til Emberlandsnipen (271 moh). Me gjekk om lag halvparten så langt, til dagsturhytta «Nipaståvo», som ligg 160 moh. Foto: Sigmund Erland
Stien opp til dagsturhytta var god å gå på. Foto: Sigmund Erland
Me har hatt ein liten pause, og har starta å gå igjen. Foto: Sigmund Erland
Me går forbi den nordre Tvillingtjørna. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel her om «Den Gule Løype», som er ei anna løype ein kan kan gå for å koma fram til denne staden. Foto: Sigmund Erland
«Den Gule Løype». Foto: Sigmund Erland
Ein liten pause medan turleiaren orienterer. Foto: Sigmund Erland
Denne steinen vert kalla for «Appelsinsteinen». Foto: Sigmund Erland
Me er komne ut av skogen, og ser her over Bømlafjorden til Siggjo i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland
Her passerer me nordre Skinntjørn. Foto: Sigmund Erland
Og her ser me søndre Skinntjørn. Foto: Sigmund Erland
Søndre Skinntjørn. Foto: Sigmund Erland
Me er komne nesten fram til dagsturhytta. Her er det skilt som viser løype austover mot «Mjuko», 1 km frå denne staden. Mjuko er ein ås, 162 moh. Foto: Sigmund Erland
Me er komne fram til dagsturhytta «Nipaståvo». Foto: Sigmund Erland

Bilder frå matpausen:

Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund Erland
Foto: Anders Stavland
Foto: Sverre Vinje
Også på denne turen kunne me nyta fin tussefløytemusikk i matpausen. Foto: Sigmund Erland
Inngangen til «Nipaståvo». Foto: Sigmund Erland
Inne i «Nipaståvo». Foto: Sigmund Erland
Utsikt mot Siggjo frå dagsturhytta.
Foto: Sigmund Erland
Dette skiltet står ca. 100 m sør for søndre Tvillingtjørn. Her kan ein gå austover på sti til Langhammar.
Foto: Sigmund Erland
Søndre Tvillingtjørn. Foto: Sigmund Erland
Me passerer Auklandshamn skule. Foto: Sigmund Erland
Me er tilbake til parkeringsplassen, og turleiaren blir takka for ein fin og kjekk tur til dagsturhytta «Nipaståvo» i Sveio. Foto: Sigmund Erland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *