28 av desse var med på turen til dagsturhytta i Sveio.
Turlengd: 4,8 km
Turleiar: Knut Reidar Borgenvik
Me parkerte bilane på parkeringsplassen ved Auklandshamn Landhandel. Frå parkeringsplassen gjekk me 2,4 km sørover til dagsturhytta «Nipaståvo» i Sveio. Etter matpausen, som me hadde i flott ver utanfor dagsturhytta, gjekk me same vegen tilbake til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandMe starta å gå frå parkeringsplassen ved Auklandshamn Landhandel.
Foto: Sigmund ErlandTurleiar denne dagen. Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta.
Foto: Sigmund ErlandFrå Auklandshamn landhandel gjekk me på stien som går til Emberlandsnipen (271 moh). Me gjekk om lag halvparten så langt, til dagsturhytta «Nipaståvo», som ligg 160 moh.
Foto: Sigmund ErlandStien opp til dagsturhytta var god å gå på.
Foto: Sigmund ErlandMe har hatt ein liten pause, og har starta å gå igjen.
Foto: Sigmund ErlandMe går forbi den nordre Tvillingtjørna.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren fortel her om «Den Gule Løype», som er ei anna løype ein kan kan gå for å koma fram til denne staden.
Foto: Sigmund Erland«Den Gule Løype».
Foto: Sigmund ErlandEin liten pause medan turleiaren orienterer.
Foto: Sigmund ErlandDenne steinen vert kalla for «Appelsinsteinen».
Foto: Sigmund ErlandMe er komne ut av skogen, og ser her over Bømlafjorden til Siggjo i bakgrunnen. Foto: Sigmund ErlandHer passerer me nordre Skinntjørn.
Foto: Sigmund ErlandOg her ser me søndre Skinntjørn.
Foto: Sigmund ErlandSøndre Skinntjørn.
Foto: Sigmund ErlandMe er komne nesten fram til dagsturhytta. Her er det skilt som viser løype austover mot «Mjuko», 1 km frå denne staden. Mjuko er ein ås, 162 moh.
Foto: Sigmund ErlandMe er komne fram til dagsturhytta «Nipaståvo».
Foto: Sigmund Erland
Bilder frå matpausen:
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Anders StavlandFoto: Sverre VinjeOgså på denne turen kunne me nyta fin tussefløytemusikk i matpausen.
Foto: Sigmund ErlandInngangen til «Nipaståvo».
Foto: Sigmund ErlandInne i «Nipaståvo».
Foto: Sigmund ErlandUtsikt mot Siggjo frå dagsturhytta. Foto: Sigmund Erland Dette skiltet står ca. 100 m sør for søndre Tvillingtjørn. Her kan ein gå austover på sti til Langhammar. Foto: Sigmund ErlandSøndre Tvillingtjørn.
Foto: Sigmund ErlandMe passerer Auklandshamn skule.
Foto: Sigmund ErlandMe er tilbake til parkeringsplassen, og turleiaren blir takka for ein fin og kjekk tur til dagsturhytta «Nipaståvo» i Sveio.
Foto: Sigmund Erland