Tur 946 til Brandasund, med Gutta På Tur Bømlo, den 24.04.2025.
I alt møtte det opp 35 turdeltakarar frå Stord Gutta På Tur denne dagen.
26 av desse var med på turen til Brandasund.
Turlengd: Ca. 3 km
Turleiar: Dagfinn Hellen (Gutta På Tur Bømlo)
Me parkerte bilane litt ovanfor Brandasund bedehuskapell. Me gjekk først opp til Torgjo der Terje Torget fortalde om staden der. Frå Torgjo gjekk me vidare nordover til me kom ned på Brandasundvegen. Me gjekk sørover Brandasundvegen til vegkrysset der ein tar av til Skjeret landhandel, og me gjekk bort til Skjeret. Matpausen blei tatt på bord og benker ved sida av Skjeret landhandel. Etter matpausen gjekk me tilbake til parkeringsplassen.
Oversiktskart der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandKartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandTurleiaren denne dagen.
Foto: Sigmund ErlandMe parkerte ved tidlegare Kvarven skule.
Foto: Sigmund ErlandMe samla oss her før turen.
Foto: Sigmund ErlandEin mastergrad-student var med oss og filma på turen.Me blei ønskt velkommen til Selsøy, og fekk orientering om lokalområdet der.
Foto: Sigmund Erland Terje Torget bur på Torgjo på Selsøy. Han var med på turen og fortalde om det me såg, og om Brandasund-området. Foto: Sigmund ErlandMe har byrja å gå mot Torgjo.
Foto: Sigmund ErlandHer kjem me fram til Torgjo, og eigedomen til Terje Torget.
Foto: Sigmund ErlandHer fortel Torget om folk og aktivitetar på denne eigedomen i tidlegare tider, og no. I bakgrunnen ser me staden Brandasund. Foto: Sigmund ErlandHusa til høgre i bildet høyrer til Torget sin eigedom. Foto: Sigmund ErlandStaden Brandasund, på andre sida av Brandasundet.
Foto: Sigmund ErlandDet er velstelt og idyllisk i Torgjo. Foto: Sigmund ErlandMe går vidare oppover frå Torgjo.
Foto: Sigmund ErlandHer får me meir orientering om staden. Foto: Sigmund ErlandOg me går vidare oppover i terrenget. Foto: Sigmund ErlandHer ser me opp på Brandasundsåta (86 moh).
Foto: Sigmund ErlandOg dette er fyrlykta Stålhuva. Foto: Sigmund ErlandMe har starta å gå nedover mot Brandasundvegen.
Foto: Sigmund ErlandOg her er me komne ned på vegen. Foto: Sigmund ErlandOppå eit berg, ca. 50 m frå der me kom ned på Brandasundvegen, har Gutta På Tur Bømlo sett opp ein benk.
Foto: Sigmund ErlandFrå denne benken kan ein sjå ut til Slåtterøy fyr.Me går sørover langs Brandasundvegen.
Foto: Sigmund ErlandOg me skal ta matpausen ved Skjeret landhandel. Foto: Sigmund ErlandHer ser me brua mellom Vikøya og Selsøy.
Foto: Sigmund ErlandMe passerer Brandasund bedehuskapell.
Foto: Sigmund ErlandTerje Torget blir takka for at han ville vera med oss på turen, og bidra med mykje interessant informasjon til turdeltakarane.
Foto: Sigmund ErlandMe skal ha matpausen her, ved A.L.Waage Landhandel på Skjeret. Foto: Sigmund Erland Nokre av turdeltakarane nytta høve til å besøkja dagens landhandel på Skjeret.
Foto: Sigmund ErlandI dette huset var gamlebutikken på Skjeret.
Foto: Sigmund ErlandHer er me inne i gamlebutikken.
Foto: Sigmund Erland
Matpausebilder:
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandJostein Waage, som eig og driv A.L.Waage Landhandel AS og Brandasund Kultur&Fritid AS, fortalde om folk og aktivitetar på Skjeret før og no. Foto: Sigmund ErlandHer blir Jostein Waage takka for sitt bidrag med interessant informasjon til turdeltakarane.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 9 turdeltakarar som gjekk alternativ tur denne dagen.
7 av desse gjekk til Hauglandskverna. Det var fint ver, og ein kunne verkeleg nyta denne turen. Sidan dei var så få, gjekk dei mykje saman som ei gruppe med felles prat. Ein god tur for alle.
Dei to andre måtte gå ein kortare tur på grunn av andre oppgåver.