Bilane blei parkerte på parkeringsplass eit lite stykke frå klubbhuset til Stord skyttarlag på Isdal. Me gjekk først over Daleelva, og så til høgre ned til leirdueskytebanen. Der tok me til venstre inn på sti vestover gjennom skogen til me kom inn på ein skogsveg. Me gjekk på denne ca. 600 m nordover, vest for Ulvatjørna, og vidare på sti ca. 300 m austover, heilt fram til tjørna der me hadde matpause. Etter matpausen kryssa me bekken som kjem frå Ulvatjørndalen, og kom inn på ein annan skogsveg. Denne følgde me sørover, på austsida av Ulvatjørna og skytebanen, til me kom inn på Skytebanevegen, og gjekk vidare ca. 100 m bort til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandTurleiarane Arne Haugland og Oddbjørn Kvålsvold.
Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta.
Foto: Sigmund ErlandPå veg mot leirdueskytebanen til Stord skyttarlag.
Foto: Sigmund Erland
Foto: Sigmund ErlandBilde frå leirdueskytebanen.
Foto: Sigmund ErlandEin lokalkjent turdeltakar orienterer. Foto: Sigmund ErlandMe forlet leirdueskytebanen.
Foto: Sigmund ErlandOg går vestover inn i skogen.
Foto: Sigmund ErlandMe er inne i skogen.
Foto: Sigmund ErlandHer er det vanlegvis blautt, men fint denne dagen på grunn av frost.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss Ulvatjørna.
Foto: Sigmund ErlandOg her ser me tjørna bak alle tuene. Foto: Sigmund Erland
Bilder frå matpausen:
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sverre VinjeMe kryssar bekken som kjem frå Ulvatjørndalen og renn ut i Ulvatjørna. Foto: Sigmund ErlandUlvatjørna i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe kjem forbi «Stjernekarusellen», som tilhøyrer ein av turdeltakarane.
Foto: Sigmund Erland Dei som ønskte det, fekk prøva karusellen.
Foto: Sigmund ErlandHer blei det også tatt gruppebilder.
Foto: Sverre VinjeIkkje alle kom med på det første gruppebildet. Foto: Sigmund ErlandTurdeltakaren som eig karusellen, har også ei fin grillhytte her. Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandMe er komne nesten ned til Skytebanevegen.
Foto: Sigmund ErlandHer er me komne tilbake til parkeringsplassen. Turleiarane blir takka for ein fin tur rundt Ulvatjørna.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 17 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen starta ved Meatjødno på Heiane, og gjekk vidare bak Valvatnafeltet. Tilbake via brakkebyane på Heiane, og under hovudvegen mot Hatland skule. Matpausen var under tak i gamle vedlageret. Vidare derifrå under hovudvegen ved Haugaland kraft, og tilbake til der me starta.