Bilane blei parkerte på parkeringsplass i enden av Idrettsvegen, nær Svortland skule. På vegen mot Fet gjekk dei fleste turdeltakarane «Refleksløypa» gjennom skogen fram til nordenden av Raunavatnet. Derifrå rundt rundløypa på Fet, og vidare fram til gapahuken til Bømlo turlag der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me ned til Raunavatnet brygge. På tilbaketuren til parkeringsplassen gjekk me lysløypa, der det var brei og fin turveg.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandMe er på parkeringsplassen nær Svortland skule. Turleiaren fortel om turen me skal gå.
Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta. Me ser Svortland skule framfor oss.
Foto: Sigmund ErlandDei grøne skilta viser oss kva som er i området me går inn i. Foto: Sigmund ErlandLitt meir orientering om dette området.
Foto: Sigmund ErlandMe har nett passert Svortland skule.
Foto: Sigmund ErlandDei fleste av oss valde å gå «Refleksløypa» gjennom skogen mot Fet.
Foto: Sigmund ErlandMedan nokre av dei andre turdeltakararne valde å gå på den breie turvegen mot Fet. Foto: Sigmund Erland Informasjon om «Refleksløypa». Foto: Sigmund ErlandHer er me komne inn i skogen i «Refleksløypa». Det er festa refleksstrimler på trestammane bortetter løypa. Foto: Sigmund ErlandBilde frå «Refleksløypa». Foto: Sigmund ErlandDet var laga mange gode klopper i «Refleksløypa».
Foto: Sigmund ErlandHer er det slutt på «Refleksløypa». Det var slike trange portar i begge endane av løypa. Foto: Sigmund Erland Og no er også me komne inn på den breie turstien mot Fet.
Foto: Sigmund Erland«Vi vandrer med freidig mot».
Foto: Sigmund ErlandMe går først rundløypa i Fet-området, og ikkje direkte til gapahuken der me skal matpause. Foto: Sigmund ErlandEtter å ha gått rundløypa i Fet-området, går me ned til gapahuken der me skal ha matpause. Gapahuken ligg på austsida av Raunavatnet.
Foto: Bjørn ØstremHer kjem me fram til Bømlo turlag sin gapahuk. Her er det også grillhytte. Foto: Sigmund Erland
Bilder frå matpausen:
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandGruppebilde tatt rett etter matpausen.
Foto: Sverre VinjeHer er me nede på Raunavatnet brygge, ca. 300 m frå gapahuken.
Foto: Sigmund ErlandGruppebilde tatt ved same brygga.
Foto: Bjørn ØstremMe er på veg opp frå brygga. Raunavatnet i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe har starta tilbaketuren, og går forbi Knutahaugen Aktivitetspark.
Foto: Sigmund ErlandMe er i nordenden av Raunavatnet, og bildet er tatt mot sør.
Foto: Sigmund ErlandI lysløypa er det brei og fin turveg.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss parkeringsplassen. Svortland skule i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandTilbake på parkeringsplassen blei turleiaren takka for ein fin og kjekk tur til Fet.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 8 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen starta ved Meatjødno på Heiane, og gjekk vidare bak Valvatnafeltet. Tilbake via brakkebyane på Heiane, og under hovudvegen mot Hatland skule. Matpausen var under tak i gamle vedlageret. Vidare derifrå under hovudvegen ved Haugaland kraft, og tilbake til der me starta. Ein god tur i godt lag.