Tur 933 Gamle bossplassen Valvatne-Moldfadleåsen rundt den 16.01-2025.
Grunna ein del våt snø i terrenget, blei den planlagde turen kansellert. Det blei i staden tur i Sagvågs-området.
I alt møtte det opp 41 turdeltakarar denne dagen.
33 av desse var med på turen til Sagvåg.
Turlengd: Ca. 5 km
Turleiarar: Jens Arne Stautland og Harald Stautland
Bilane blei parkerte ved forsamlingshus der Almåsvegen startar. Me gjekk forbi Tjødnalio skule, inn på Sætravikvegen, og opp til Neshadlene. Me følgde Neshadlene, kom forbi Syljesmoget, følgde vegen Høgåsen til endes, og gjekk ned til Grunnavågen der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me over Podlabrua og vidare opp til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandTurleiarene Harald Stautland og Jens Arne Stautland.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå Vabakkjen der turleiarane fortel om turen me skal gå.
Foto: Sigmund ErlandBilane blei parkerte ved «losjehuset» i Sagvåg.
Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta. Almåsvegen i bakgrunnen. Foto: Sigmund ErlandTurleiar fortel om «Godakjeldo», ei god vasskjelde som blei brukt i tidlegare tider. No går vegen, som me ser på bildet, der denne kjelda var. Foto: Sigmund ErlandHer går me på gangvegen mellom Sagvågsvegen og Tjødnalio skule.
Foto: Sigmund ErlandMe går forbi Tjødnalio skule.
Foto: Sigmund ErlandTurleiar fortel om Tjødnalio skule og nærområdet der.
Foto: Sigmund ErlandMe møter nokre av turdeltakarane som hadde gått ein annan veg på litt av turen.
Foto: Sigmund ErlandMe ser Nestjørna i bakgrunnen der turleiarane hadde skeisa mykje.
Foto: Sigmund ErlandTurleiarane hadde også tidlegare brukt denne fotballbanen, som no ikkje tilfredsstiller dagens krav.
Foto: Sigmund ErlandBildet er tatt ved rundkøyringa der Sætravikvegen, Neshadlene og Nesvegen møtest. Turleieiarane fortalde om garden Nes der dei hadde vakse opp.
Foto: Sigmund ErlandBildet er tatt bortover Nesvegen i retning mot garden Nes.
Foto: Sigmund ErlandMe går forbi huset til ein av turdeltakarane ved Sætravikvegen.
Foto: Sigmund ErlandfHer går me oppover på ein sti mellom Sætravikvegen og Neshadlene.
Foto: Sigmund ErlandBildet er tatt frå vegen Høgåsen. Kringkastings- og mobilstasjon i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMe er på veg nedover mot Grunnavågen.
Foto: Sigmund Erland
Matpausebilder:
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund ErlandfFoto: Sigmund ErlandFoto: Jakob ThormodsæterPå veg vidare etter matpausen.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå Grunnavågen.
Foto: Sigmund ErlandMe går forbi anlegget til ERKO settefisk.
Foto: Sigmund ErlandBildet er frå Grunnavågsvegen. Turleiar fortel om dette området.
Foto: Sigmund ErlandHer går me over Podlabrua.
Foto: Sigmund ErlandUtsikt frå Podlabrua innover mot Sjøpollen. Me ser den «nye» Grunnavågsvegen i bakgrunnen. Foto: Sigmund ErlandMe er tilbake på parkeringsplassen. Turleiarane blir takka for ein kjekk og interessant tur.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 8 turdeltakarar som gjekk alternativ tur i Landåsen.