Denne turen var opprinneleg planlagt å gå den 12.12.2024, men blei av ymse grunnar flytta til den 05.12.2024.
I alt møtte det opp 43 turdeltakarar denne dagen.
29 av desse var med på turen i Ådlandsskogen.
Turlengd: Ca. 4 km
Turleiar: Arne Haugland
Bilane blei parkerte på parkeringsplassen på Saneset. Me kryssa Europaveg E39 og gjekk inn i Ådlandsskogen frå Ådlandsvegen, ca. 50 m ovafor E39. Turen gjekk gjennom Ådlandsskogen fram til Nordbygdo ungomsskule, der me hadde matpause. Vidare gjekk me forbi Hystad skule og opp til Telenor sin stasjon på Håvåsen. Derifrå gjekk me ned gjennom Ådlandsfeltet og fram til Lekven-eigedomen på Ådland. Etter ein liten stans der, gjekk me inn i Ådlandsskogen igjen, og kom etter ei stund tilbake til der me tidlegare hadde gått inn i skogen. Til slutt følgde me Ådlandsvegen og Fjellgardsvegen tilbake til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandTuren har nett starta frå parkeringsplassen på Saneset. Turleiaren går fremst. Me ser Ådlandsvatnet i bakgrunnen. Foto: Sigmund ErlandMe har kryssa E39 og gått inn på Ådlandsvegen. Her forlet me Ådlandsvegen og går inn i Ådlandsskogen.
Foto: Sigmund ErlandInne i Ådlandsskogen.
Foto: Sigmund ErlandEin liten pause.
Foto: Sigmund ErlandMe går vidare etter pausen.
Foto: Sigmund ErlandOg her ser me rekkehus lengst sørvest i Brotåsen.
Foto: Sigmund ErlandMe går på den gamle ferdavegen mellom Ådland og Tyse. Steingarden me ser på bildet, er bygd på grensa mellom desse to gardane, og den skal bevarast slik den er i dag. Foto: Sigmund ErlandTurleiaren orienterer m.a. om den gamle ferdavegen, og om det som er bevaringsverdig.
Foto: Anders Stavland Me er komne ut av Ådlandsskogen og inn på turløypa i Prestagardsskogen.
Foto: Sigmund ErlandHer går me oppover mot Nordbygdo ungdomsskule.
Foto: Sigmund ErlandMe skal ha matpause på den halvsirkelforma plattingen oppe ved skulen.
Foto: Sigmund Erland.
Her var det plass til alle turdeltakarane.
Foto: Sigmund ErlandMatpause:
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Anders StavlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMe går vidare etter matpausen.
Foto: Sigmund ErlandMe går forbi Hystad skule. Telenor si mast på Håvåsen i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandHer går me oppover mot Telenor sin stasjon på Håvåsen.
Foto: Sigmund ErlandGruppebilde på Håvåsen.
Foto: Anders StavlandFrå Hovåsen går me nedover forbi Furuly barnehage.
Foto: Sigmund ErlandOg kjem ned til Spar-butikken i Ådlandsfeltet.
Foto: Sigmund ErlandMe går frå Spar-butikken og ned på Ådlandsvegen. Etter ca. 150 m på denne vegen, tar me til høgre i retning mot Lekven-eigedomen.
Foto: Sigmund ErlandHusa på Lekven-eigedomen. Bildet er tatt frå Ådlandsvegen.
Foto: Sigmund ErlandHer ser me løa på denne garden.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss gardstunet.
Foto: Sigmund ErlandHer er me på tunet, og turleiaren fortel om staden.
Foto: Anders StavlandMe forlet Lekven-eigedomen.
Foto: Sigmund ErlandOg går inn i Ådlandsskogen igjen.
Foto: Sigmund ErlandDette stikrysset har me gått gjennom tidlegare på turen, og «ringen er slutta». Me tek her til venstre i dette krysset for å koma tilbake til parkeringsplassen på Saneset. Foto: Sigmund ErlandMe kjem ut av Ådlandsskogen og ned på Ådlandsvegen. Foto: Sigmund ErlandOg her kjem me tilbake til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandGruppebilde. Foto: Sigmund ErlandTurleiaren blei takka for ein kjekk tur på stiar og stader der mange ikkje hadde vore før. Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 14 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen gjekk til gapahuken i Skjepåsen.
Her er bilder frå turen:
Foto: Oddbjørn KvålsvoldFoto: Oddbjørn KvålsvoldElghunden Felix vart teken opp som assosiert medlem.
Foto: Oddbjørn KvålsvoldFoto: Oddbjørn Kvålsvold