Tur 928 Tur til Sveio – Forevatnet rundt den 21.11.2024.
Turen gjekk ikkje rundt Forevatnet som planlagt på grunn av blautt terreng.
Bilane blei parkerte på parkeringsplass ved krysset Tjernagelvegen/Sveiogata. Frå parkeringsplassen gjekk me litt sørover langs Tjernagelvegen, kryssa under Tittelsnesvegen, og kom fram til Krossleitet. Me gjekk vidare, kryssa Tittelsnesvegen på nytt, og kom fram til den nordaustre enden av Forevatnet. Me gjekk opp til høgre for nordenden av vatnet, og kom opp til stien som går på vestsida av Forevatnet. Her tok me til høgre mot Fjellstad, og hadde matpause litt aust for Rundehaugen. Me gjekk vidare til Fjellstad og ned til Paddevegen. Denne vegen følgde me til me kom inn på Fjellvegen, vidare inn på Tjernagelvegen, og til slutt inn på parkeringsplassen.
I alt møtte det opp 43 turdeltakarar denne dagen.
28 av desse var med på turen til Sveio.
Turlengd: Ca. 3,5 km.
Turleiarar:
-Harry Vorland – Stord Gutta På Tur -Arne Haugland – Stord Gutta På Tur -Arild Wiersen – Sveio turlag
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandBilde frå parkeringsplassen. Me blei tatt godt imot av leiaren av Sveio turlag, Arild Wiersen (i gul vest). Han var med oss på turen som turleiar/kjentmann.
Foto: Sigmund Erland.Her orienterer turleiar om turen me skal gå. Me ser krysset Tjernagelvegen/Sveiogata i bakgrunnen. Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta. Me går først litt langs Tjernagelvegen før me går under Tittelsnesvegen mot Krossleitet.
Foto: Sigmund ErlandMe går gjennom litt skog og kjem fram til Krossleitet.
Foto: Sigmund ErlandHer ser me ein bygning der dei tidlegare laga «Peko» -brus. No blir bygningen brukt som øvingssenter for Politiet.
Foto: Sigmund ErlandMe kryssar på nytt Tittelsnesvegen og går mot Forevatnet.
Foto: Sigmund ErlandMe er komne fram til nordaust-enden av Forevatnet. Dette er planlagt som drikkevasskjelde for Sveio, noko som vil føra til restriksjonar for aktivitetar rundt vatnet.
Foto: Sigmund ErlandFint vær og speilblankt vatn.
Foto: Sigmund ErlandMe gjekk ikkje rundt Forevatnet som planlagt på grunn av blautt terreng. Me gjekk i staden opp til høgre for nordenden av vatnet, opp til stien på vestsida av Forevatnet, og tilbake til parkeringsplassen via Fjellstad. Foto: Sigmund ErlandHer er det først litt tett skog.
Foto: Sigmund ErlandSå får me eit flott utsyn over Forevatnet.
Foto: Sigmund ErlandMe går vidare i ope landskap.
Foto: Sigmund ErlandMe kjem fram til den brattaste stigninga på heile turen (Mykje mindre enn Fossabrekko på Stord).
Foto: Sigmund ErlandHer kjem dei siste opp denne brekka. Forevatnet i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandEin liten kvilepause.
Foto: Sigmund ErlandTuren går vidare.
Foto: Sigmund ErlandfMe er komne opp til stien som går på vestsida av Forevatnet. Turleiar seier at me på tilbaketuren skal gå i retning mot Fjellstad. Foto: Sigmund ErlandDet var mykje rim å sjå. Foto: Sigmund ErlandDet nærmar seg matpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause. Vigdarvatnet i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandEin av turdeltakarane spela fløyte for oss i matpausen, og han fekk applaus for det.
Foto: Sigmund ErlandUtsikt mot Vigdarvatnet. Foto: Sigmund ErlandTurleiar for neste tur, som går til til Osterneset i Fitjar, orienterer om denne turen. Foto: Sigmund ErlandEin av turdeltakarane (til høgre i bildet) deler ei historie med resten av turgjengen før me går vidare etter matpausen. Foto: Sigmund ErlandPå fin sti mellom trea.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss Paddevegen, som går frå Sveio til Mølstre. Foto: Sigmund ErlandOg her kjem me ned til denne vegen.
Foto: Sigmund ErlandMe kryssar Tjernagelvegen og kjem tilbake til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandStord Gutta På Tur takkar her turleiar frå Sveio turlag for ein kjekk tur i Sveio.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 15 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen gjekk frå Øvre Økland til Stuastølen, og tilbake via Pontåsen der det var matøkt.
Flotte bilder frå turen i Sveio! Tusen takk for kjekk tur i lag, ein fin og humørfylt gjeng! Velkommen tilbake til Sveio! Helsing Arild Wiersen