Tur 927 Tur til Bjellandsnes på Sunde i Kvinnherad den 14.11.2024.

I alt møtte det opp 36 turdeltakarar denne dagen.

18 av desse var med på turen til Bjellandsnes.

Turlengd: Ca. 5-6 km

Turleiarar:

-Toralf Røen – Stord Gutta På Tur
-Ivar Vaage – Kvinnherad turlag

Me parkerte bilane på parkeringsplassen på Øvre Bjelland. Frå parkeringsplassen gjekk me gjennom skogen til me kom ned til sjøen i nordre enden av Storvika, på vestsida av Bjellandsnes. Me gjekk vidare fram til rastehytta «Bjellandsbu» der me hadde matpause. Tilbaketuren gjekk på austsida av Bjellandsnes, langs Åsgardsvika. Etter kvart kom me inn på den vegen me hadde starta på, og følgde så denne tilbake til parkeringsplassen.

Me starta med å ta ferja frå Skjersholmane til Ranavik. Her orienterer turleiar frå Stord GPT om turen me skal gå til Bjellandsnes. Foto: Sigmund Erland
Og her orienterer dugnadsleiar i Stord om aktuelle dugnadsprosjekt. Foto: Sigmund Erland
Og ein av turleiarane på neste tur, som går til Sveio, orienterte om denne turen. Foto: Sigmund Erland
Kartutsnitt der turen til Bjellandsnes er teikna in med blå strek. Turen starta frå parkeringsplassen på Øvre Bjelland. Foto: Sigmund Erland
Me møter representant for Kvinnherad turlag (i gul jakke) som var ein av turleiarane på denne turen. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå parkeringsplassen på Øvre Bjelland.
Foto: Sigmund Erland
Turleiar frå Kvinnherad turlag som var med på turen. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta. Skilta viser kvar me kan koma til ved å starta på denne stien. Foto: Sigmund Erland
Denne står ved parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland
Her blir det orientert om turstiane på Bjellandsnes, og om turen me skal gå. Foto: Sigmund Erland
Me er komne inn i skogen. Begge turleiarane fremst i bildet.
Foto: Sigmund Erland
Her kjem me ned til sjøen i Storvika. Foto: Sigmund Erland
Me kjem fram til «Storarøyso», som truleg er ei gravrøys frå bronsealderen..
Foto: Sigmund Erland
Her er det informasjon om «Storarøyso», som me kan sjå i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland

Me nærmar oss rastehytta «Bjellandsbu». Åsgardsholmen i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland

Og her kjem me fram til rastehytta «Bjellandsbu». Foto: Sigmund Erland
Det er tid for matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland

Matpause. Foto: Sigmund Erland

Matpause. Foto: Sigmund Erland
Utsikt frå rastehytta nordover mot Åsgardsholmen. Foto: Sigmund Erland
Utsikt frå «Bjellandsbu» mot øyane Kråko og Flatøya, og mot Laukhammarsundet. Ein kan sjå Laukhammarsåta (214 moh.) litt til høgre i bildet, over Flatøya. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren frå Kvinnherad turlag fortel om tidlegare planar for «Sunnfast», eit ferjeavløysingsprosjekt som mellom anna skulle gjera vegen mellom Husnes og Leirvik ferjefri. Dersom «Sunnfast» blir realisert, vil det få store konsekvensar for dette turområdet.
Foto: Sigmund Erland
Det er tid til litt drøs før turen går vidare etter matpausen. Foto: Sigmund Erland
Skiltet viser at me er på veg vekk frå rastehytta. Me går mot Åsgardsvika.
Foto: Sigmund Erland
Stigning med gode trapper. Foto: Sigmund Erland
Endå meir trapper. Foto: Sigmund Erland
Og det var gode klopper med kamjernbitar på tvers for at ein ikkje skulle gli. Foto: Sigmund Erland
Me kjem ned til Krabbahopen, ca. 500 m aust for «Bjellandsbu». Åsgardsvika i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Krabbahopen. Foto: Sigmund Erland
Ein av turdeltakarane deler ei histore med resten av turgjengen. Foto: Sigmund Erland
Dette skiltet gjekk me forbi. Foto: Sigmund Erland
Me går vidare sørover på vestsida av Åsgardsvika. Foto: Sigmund Erland
Det er noko stigning opp frå Åsgardsvika. Foto: Sigmund Erland
Her ser me innover Sjitnedalsmyro. Foto: Sigmund Erland
Og her kjem me tilbake til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren frå Kvinnherad turlag blir takka for ein kjekk og interessant tur, og får ein kniv av Stord GPT som takk for hjelpa. Foto: Sigmund Erland
Turen blei avslutta med eit gruppebilde på parkeringsplassen. Fotoansvarleg: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 18 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

Turen gjekk frå Vabakkjen, Stord Hotell, Gullskar, Nedre Hageby, Langelandsvegen, gapahuken til Anders Langeland, vidare på Langelandsvegen, Høylandsvegen, Bjellandsvegen, og tilbake til Vabakkjen.

Turleiar: Trygve Mork

Turlengd: Ca. 5 km

Referent: Erling Lie

Bilder frå turen:

Gruppebilde av dei som gjekk alternativ tur. Foto: Oddbjørn Kvålsvold.

To veteranar i Stord Gutta På Tur. Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Ein liten «turaspirant» som blei funnen på vegen. Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Niste og kaffidrøs i gapahuken til Anders Langeland. Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *