Tur 925 Rydlandssaga-Vekslio-Nordre Dåfj.-Rydlandssaga.

Grunna mykje regn og blautt terreng i dette området, blei denne turen kansellert. I staden for denne turen, blei det tur i Litlabø-området.

I alt møtte det opp 27 turdeltakarar denne dagen. Alle gjekk tur i Litlabø-området.

Turlengder:
-For dei som gjekk rundløypa Vaskeriplanet-Rødkleiv-Hustrudalen-Vaskeriplanet: Ca. 3,3 km.
-For dei som gjekk Vaskeriplanet-Hustrudalen gapahuk-Vaskeriplanet: Ca. 2,4 km.

Turleiar: Kjell Vestrheim

Bilane blei parkerte ved Statnett sin koplingsstasjon på Vaskeriplanet.

Ein del av turdeltakarane gjekk frå Vaskeriplanet til Sagvåg bygdalag sin gapahuk, vidare opp gjennom skogen til vegen Gruva, og dei følgde denne vegen opp til Rødkleiv. Derifrå gjekk dei på turveg fram til Hustrudalen gapahuk der det var matpause.

Resten av turdeltakarane gjekk direkte frå Vaskeriplanet til Hustrudalen gapahuk og hadde matpause saman med dei andre der.

Etter matpausen gjekk alle samla tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Her står turdeltakarane under brua på Vabakkjen i ly for regnet og ventar på namneopprop. Foto: Sigmund Erland
Grunna mykje regn og vått terreng der ein opprinneleg hadde planlagt å gå, blei det tur i Litlabø-området i staden. Turen starta frå Vaskeriplanet. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren orienterter her om gapahuken me gjekk forbi på Vaskeriplanet. Den har litt spesiell utforming sidan det kan vera vindfullt der. Gapahuken er eit samarbeidsprosjekt mellom Sagvåg bygdalag og Stord hesteskoklubb. Foto: Sigmund Erland
Her går me oppover frå Vaskeriplanet mot vegen Gruva.
Foto: Sigmund Erland
På toppen av bakken fortalde turleiaren at det her var eit dampdrive kraftverk som forsynte gruveanlegget med straum. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi en gammal transformatorstasjon.
Foto: Sigmund Erland.
Ein liten stans der det mellom anna blei orientert om Stord kommune sitt industribygg på Litlabø. Industribygget er til høgre i bildet. Heistårnet i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me går oppover mot Rødkleiv. Foto: Sigmund Erland
Det var mykje vatn i bekken som renn ned mot Storavatnet. Foto: Sigmund Erland
Dette bildet er frå Rødkleiv. Foto: Sigmund Erland
Her forlet me Rødkleiv og går inn på turstien. Foto: Sigmund Erland
Til venstre i bildet ser me litt av vassforsyningsanlegget til gruvene. Foto: Sigmund Erland
Her var det ein liten stans med orientering om gruvene. Foto: Sigmund Erland
Det blei ein del vatn denne dagen i samband med ekstremværet «Jakob», men ikkje verst på Stord. Foto: Sigmund Erland
Me hadde matpausen i Hustrudalen gapahuk.
Foto: Sigmund Erland
Matpause.
Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Bjarte Gunnarson.
Turleiaren fortel om bygginga av Hustrudalen gapahuk, og kva den blir brukt til. Foto: Sigmund Erland
Klar for å gå vidare til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel at livbøyane ved Hustredalsvatnet blir skifta ut av og til. Foto: Sigmund Erland
Det var ikkje behov for vatning denne dagen. Foto: Sigmund Erland
Tilbake til parkeringsplassen på Vaskeriplanet. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blir takka for ein kjekk tur. Foto: Sigmund Erland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *