Turen gjekk ikkje rundt Forevatnet som planlagt på grunn av blautt terreng.
Bilane blei parkerte på parkeringsplass ved krysset Tjernagelvegen/Sveiogata. Frå parkeringsplassen gjekk me litt sørover langs Tjernagelvegen, kryssa under Tittelsnesvegen, og kom fram til Krossleitet. Me gjekk vidare, kryssa Tittelsnesvegen på nytt, og kom fram til den nordaustre enden av Forevatnet. Me gjekk opp til høgre for nordenden av vatnet, og kom opp til stien som går på vestsida av Forevatnet. Her tok me til høgre mot Fjellstad, og hadde matpause litt aust for Rundehaugen. Me gjekk vidare til Fjellstad og ned til Paddevegen. Denne vegen følgde me til me kom inn på Fjellvegen, vidare inn på Tjernagelvegen, og til slutt inn på parkeringsplassen.
I alt møtte det opp 43 turdeltakarar denne dagen.
28 av desse var med på turen til Sveio.
Turlengd: Ca. 3,5 km.
Turleiarar:
-Harry Vorland – Stord Gutta På Tur -Arne Haugland – Stord Gutta På Tur -Arild Wiersen – Sveio turlag
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Laga av: Sigmund ErlandBilde frå parkeringsplassen. Me blei tatt godt imot av leiaren av Sveio turlag, Arild Wiersen (i gul vest). Han var med oss på turen som turleiar/kjentmann.
Foto: Sigmund Erland.Her orienterer turleiar om turen me skal gå. Me ser krysset Tjernagelvegen/Sveiogata i bakgrunnen. Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta. Me går først litt langs Tjernagelvegen før me går under Tittelsnesvegen mot Krossleitet.
Foto: Sigmund ErlandMe går gjennom litt skog og kjem fram til Krossleitet.
Foto: Sigmund ErlandHer ser me ein bygning der dei tidlegare laga «Peko» -brus. No blir bygningen brukt som øvingssenter for Politiet.
Foto: Sigmund ErlandMe kryssar på nytt Tittelsnesvegen og går mot Forevatnet.
Foto: Sigmund ErlandMe er komne fram til nordaust-enden av Forevatnet. Dette er planlagt som drikkevasskjelde for Sveio, noko som vil føra til restriksjonar for aktivitetar rundt vatnet.
Foto: Sigmund ErlandFint vær og speilblankt vatn.
Foto: Sigmund ErlandMe gjekk ikkje rundt Forevatnet som planlagt på grunn av blautt terreng. Me gjekk i staden opp til høgre for nordenden av vatnet, opp til stien på vestsida av Forevatnet, og tilbake til parkeringsplassen via Fjellstad. Foto: Sigmund ErlandHer er det først litt tett skog.
Foto: Sigmund ErlandSå får me eit flott utsyn over Forevatnet.
Foto: Sigmund ErlandMe går vidare i ope landskap.
Foto: Sigmund ErlandMe kjem fram til den brattaste stigninga på heile turen (Mykje mindre enn Fossabrekko på Stord).
Foto: Sigmund ErlandHer kjem dei siste opp denne brekka. Forevatnet i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandEin liten kvilepause.
Foto: Sigmund ErlandTuren går vidare.
Foto: Sigmund ErlandfMe er komne opp til stien som går på vestsida av Forevatnet. Turleiar seier at me på tilbaketuren skal gå i retning mot Fjellstad. Foto: Sigmund ErlandDet var mykje rim å sjå. Foto: Sigmund ErlandDet nærmar seg matpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause. Vigdarvatnet i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandEin av turdeltakarane spela fløyte for oss i matpausen, og han fekk applaus for det.
Foto: Sigmund ErlandUtsikt mot Vigdarvatnet. Foto: Sigmund ErlandTurleiar for neste tur, som går til til Osterneset i Fitjar, orienterer om denne turen. Foto: Sigmund ErlandEin av turdeltakarane (til høgre i bildet) deler ei historie med resten av turgjengen før me går vidare etter matpausen. Foto: Sigmund ErlandPå fin sti mellom trea.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss Paddevegen, som går frå Sveio til Mølstre. Foto: Sigmund ErlandOg her kjem me ned til denne vegen.
Foto: Sigmund ErlandMe kryssar Tjernagelvegen og kjem tilbake til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandStord Gutta På Tur takkar her turleiar frå Sveio turlag for ein kjekk tur i Sveio.
Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 15 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen gjekk frå Øvre Økland til Stuastølen, og tilbake via Pontåsen der det var matøkt.
-Toralf Røen – Stord Gutta På Tur -Ivar Vaage – Kvinnherad turlag
Me parkerte bilane på parkeringsplassen på Øvre Bjelland. Frå parkeringsplassen gjekk me gjennom skogen til me kom ned til sjøen i nordre enden av Storvika, på vestsida av Bjellandsnes. Me gjekk vidare fram til rastehytta «Bjellandsbu» der me hadde matpause. Tilbaketuren gjekk på austsida av Bjellandsnes, langs Åsgardsvika. Etter kvart kom me inn på den vegen me hadde starta på, og følgde så denne tilbake til parkeringsplassen.
Me starta med å ta ferja frå Skjersholmane til Ranavik. Her orienterer turleiar frå Stord GPT om turen me skal gå til Bjellandsnes. Foto: Sigmund ErlandOg her orienterer dugnadsleiar i Stord om aktuelle dugnadsprosjekt.
Foto: Sigmund ErlandOg ein av turleiarane på neste tur, som går til Sveio, orienterte om denne turen.
Foto: Sigmund ErlandKartutsnitt der turen til Bjellandsnes er teikna in med blå strek. Turen starta frå parkeringsplassen på Øvre Bjelland. Foto: Sigmund ErlandMe møter representant for Kvinnherad turlag (i gul jakke) som var ein av turleiarane på denne turen.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå parkeringsplassen på Øvre Bjelland. Foto: Sigmund ErlandTurleiar frå Kvinnherad turlag som var med på turen.
Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta. Skilta viser kvar me kan koma til ved å starta på denne stien.
Foto: Sigmund ErlandDenne står ved parkeringsplassen. Foto: Sigmund ErlandHer blir det orientert om turstiane på Bjellandsnes, og om turen me skal gå.
Foto: Sigmund Erland Me er komne inn i skogen. Begge turleiarane fremst i bildet. Foto: Sigmund ErlandHer kjem me ned til sjøen i Storvika.
Foto: Sigmund ErlandMe kjem fram til «Storarøyso», som truleg er ei gravrøys frå bronsealderen.. Foto: Sigmund ErlandHer er det informasjon om «Storarøyso», som me kan sjå i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me nærmar oss rastehytta «Bjellandsbu». Åsgardsholmen i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Og her kjem me fram til rastehytta «Bjellandsbu». Foto: Sigmund ErlandDet er tid for matpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause.
Foto: Sigmund ErlandUtsikt frå rastehytta nordover mot Åsgardsholmen.
Foto: Sigmund ErlandUtsikt frå «Bjellandsbu» mot øyane Kråko og Flatøya, og mot Laukhammarsundet. Ein kan sjå Laukhammarsåta (214 moh.) litt til høgre i bildet, over Flatøya.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren frå Kvinnherad turlag fortel om tidlegare planar for «Sunnfast», eit ferjeavløysingsprosjekt som mellom anna skulle gjera vegen mellom Husnes og Leirvik ferjefri. Dersom «Sunnfast» blir realisert, vil det få store konsekvensar for dette turområdet. Foto: Sigmund ErlandDet er tid til litt drøs før turen går vidare etter matpausen.
Foto: Sigmund ErlandSkiltet viser at me er på veg vekk frå rastehytta. Me går mot Åsgardsvika. Foto: Sigmund ErlandStigning med gode trapper.
Foto: Sigmund ErlandEndå meir trapper.
Foto: Sigmund ErlandOg det var gode klopper med kamjernbitar på tvers for at ein ikkje skulle gli.
Foto: Sigmund Erland Me kjem ned til Krabbahopen, ca. 500 m aust for «Bjellandsbu». Åsgardsvika i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandKrabbahopen.
Foto: Sigmund ErlandEin av turdeltakarane deler ei histore med resten av turgjengen.
Foto: Sigmund ErlandDette skiltet gjekk me forbi.
Foto: Sigmund ErlandMe går vidare sørover på vestsida av Åsgardsvika.
Foto: Sigmund ErlandDet er noko stigning opp frå Åsgardsvika.
Foto: Sigmund ErlandHer ser me innover Sjitnedalsmyro.
Foto: Sigmund ErlandOg her kjem me tilbake til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren frå Kvinnherad turlag blir takka for ein kjekk og interessant tur, og får ein kniv av Stord GPT som takk for hjelpa.
Foto: Sigmund ErlandTuren blei avslutta med eit gruppebilde på parkeringsplassen.
Fotoansvarleg: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 18 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen gjekk frå Vabakkjen, Stord Hotell, Gullskar, Nedre Hageby, Langelandsvegen, gapahuken til Anders Langeland, vidare på Langelandsvegen, Høylandsvegen, Bjellandsvegen, og tilbake til Vabakkjen.
Turleiar: Trygve Mork
Turlengd: Ca. 5 km
Referent: Erling Lie
Bilder frå turen:
Gruppebilde av dei som gjekk alternativ tur. Foto: Oddbjørn Kvålsvold.
To veteranar i Stord Gutta På Tur.
Foto: Oddbjørn KvålsvoldEin liten «turaspirant» som blei funnen på vegen.
Foto: Oddbjørn KvålsvoldNiste og kaffidrøs i gapahuken til Anders Langeland.
Foto: Oddbjørn Kvålsvold
I alt møtte møtte det opp 44 turdeltakarar denne dagen.
28 av desse var med på turen til Fylkesneset.
Turlengd: Ca. 4 km.
Turleiar: Anders Stavland
Me parkerte bilane på ein liten parkeringsplass ved Fylkesnesvegen 140. Derifrå gjekk me sørover til Ljosnahaugen («Ljosnaren») der det var godt utsyn over området. Me gjekk vidare sørover, rundt sørspissen av Fylkesneset, og så litt nordover til Skjeljavika der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me vidare nordover til Fylkesnes, og tok så til venstre tilbake til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek.
Foto: Sigmund ErlandParkeringsplassen ved Fylkesnesvegen 140.
Foto: Sigmund ErlandMe samla oss ved denne løa nær parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandHer orienterte turleiaren om nærområdet, og om næringsliv og aktivitetar i Mælandsvågen på 1900-talet. Foto: Sigmund ErlandTuren har starta.
Foto: Sigmund ErlandLitt nedanfor løa forlet me vegen og tok til venstre og sørover i retning mot Ljosnahaugen. Foto: Sigmund ErlandSola skin, og det er fint turvær.
Foto: Sigmund ErlandSkiltet viser at me er på veg til den sørlege delen av Fylkesneset.
Foto: Sigmund ErlandEin glad gjeng på veg sørover.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss Ljosnahaugen, og ser innløpet til Mælandsvågen i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandInnløpet til Mælandsvågen. Litt av Hillesholmen, og Helgebleikja lenger bak, heilt til venstre i bildet. Foto: Sigmund ErlandLitt lenger innover i Mælandsvågen.
Foto: Sigmund ErlandPanoramabilde med Langøya lengst til venstre, Hillesholmen i midten, og innover Mælandsvågen til høgre i bildet.
Foto: Sigmund ErlandHer er me komne opp på Ljosnahaugen.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren orienterer meir om dette området.
Foto: Sigmund ErlandLangøya.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå Ljosnahaugen mot vest. I forgrunnen: Søre Bleikja. Lenger vest ser me landskapet som går sørover mot Hiskjo.
Foto: Sigmund ErlandMe er på veg vidare sørover mot Skjeljevika der me skal ha matpause.
Foto: Sigmund Erland Ein kort kvilepause.
Foto: Sigmund ErlandMe er heilt sør på Fylkesneset og kan sjå Siggjo i bakgrunnen mot aust.
Foto: Sigmund ErlandHer kjem me fram til Skjeljevika der me skal ha matpause.
Foto: Sigmund ErlandHer er det plass til alle.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause. Foto: Sverre VinjeTurleiaren nytta høvet til meir orientering. Foto: Sigmund ErlandDet er tid for å gå vidare mot parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandMe er på veg nordover og nærmar oss bebyggelsen. Me ser Grunnavågen til høgre i bildet. Foto: Sigmund ErlandDet er snart slutt på stien.
Foto: Sigmund ErlandOg her kjem me inn på Fylkesnesvegen. Foto: Sigmund ErlandBilde frå Fylkesnesvegen.
Foto: Sigmund ErlandTilbake til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandHer blir turleiaren takka for ein kjekk og innhaldsrik tur.
Foto: Sigmund Erland
Litt informasjon om Mælandsvågen på 1900-talet:
Olav Mæland har skrive ein artikkel i siste utgåve av Bømlo sogelag sitt årsskrift om «Fiskeværet i Mælandsvågen.
Det som er skrive her om dette emnet som gjeld fiskeria i Mælandsvågen og områda som Fylkesnes og Alsvåg, er henta frå denne artikkelen. Olav Mæland har vore spurt om me kunne bruka av dette stoffet dersom me ville skriva om det etter turen vår i Fylkesnesløypa, og han har gjeve oss løyve til det.
Han nemner at mange undrar seg over ei slik overskrift, men peikar på at etter andre verdskrig var mest alle arbeidsplassar i vågen, og all inntekt folk hadde, kom frå fiske og fiskerirelatert arbeid.
Mange frå andre krinsar kom ôg til Mælandsvågen for å få seg arbeid, enten på land hos O. Halderaker & Sønner, til vanleg kalla Smio, eller ombord i båtane som høyrde til her.
Slik skildrar han Mælandesvågen frå den tida:
«Mælandsvågen var eit mest sjølvforsynt samfunn med to postkontor, to stoppestadar for lokalbåten, tre butikkar, eit slakteri, ein motorverkstad med slipp, snikkarverkstad, skomakar, bakeri, skule, bedehus og eigen gravplass, Fagervoll. Der var fiskemottak, fleire bøkkarverkstader oo saltebuer for sild. Det var berre klede og sko ein måtte ut av vågen for å kjøpa av vanlege «forbruksvarer».
Det var 50 mann i arbeid i Smio, og over 200 fiskarar var mannskap på alle fiskebåtane i vågen, på det meste. Og så har me skipsverftet og trebåtbyggjeriet på Ådnanes. Altså svært mange arbeidsplassar til saman.»
Bøkkring, produksjon av tønner for sildesalting.
Olav Mæland fortel vidare at det var fire stader i området kring vågen, der dei dreiv med bøkkring. På Lyngneset i Mælandsvågen kunne det vera opptil 8 —10 mann i arbeid på det meste. På eit år produserte dei her om lag 2000 tønner. Og på bøkkarverkstaden til Nils Alvsvåg, like sør for Smio bøkkra dei 2000 tønner i året. Her dreiv dei i tillegg med sildesalting og hadde 7-8 mann i arbeid året rundt. Sildesalting var det ôg på Lyngneset og i Storuro. I mindre skala vart det ôg salta i fleire andre buer i vågen.
Sildefiske.
På 1950-talet var det over 200 fiskarar som deltok på båtar i frå Mælandsvågen. På 50-talet var både vinter-og vårsildfisket svært viktig. I tillegg kom islandsfisket. Dei fleste av båtane bunkra og provianterte hos Espevold på Alsvågkaien. I 1957 bunkra og provianterte 30 båtar der, mange av dei fleire gonger. 22 av desse båtane var frå Mælandsvågen. Her kan og nemnast at vintersildfisket var verdas største fisket i si tid, og ein av hjørnesteinane i heile den norske økonomien.
Torskefiske.
Det kom ôg store mengder med torsk inn i osane for å gyta. Etter at vårsildfisket var ferdig, var det mange båtar som dreiv torskefiske med garn i desse osane. Men så tok notbåtar til med å kasta etter denne gytetorsken. Det kunne vera i Trøytarosen, Ådnanesosen eller Hallaråkerosen. Det kom ôg båtar frå Sotra som var med på dette notfisket. På ein månad fiska ein Sotrabåt 24 000 kg torsk her.
I 1957 hadde Haugesund Dagblad reportasje om det eventyrlege torskefisket og viste bilete frå levering og sløying på Lyngneskaien. På tre dagar tok dei mot 23872 kg torsk, 13000 kg på ei dag. I tillegg var det 2300 kg rogn. Alt dette kom frå Trøytarosen fortel avisa.
Ein som arbeidde på mottaket fortalde at dei ein dag tok mot 24 tonn torsk, neste dag 31 tonn. Hordafisk kom med is og kassar. Reine lofotfisket. Eit slikt notfiske kjenner me frå Lofoten, og til all lukke vart slikt notfiske forbode i 1958.
Linefiske.
Det var gammal tradisjon at båtane dreiv med botnline etter lange og brosme etter at vårsildfisket tok slutt. Her fortel Olav Mæland at halvstore gutar fekk vera med å eigna liner. Då fekk dei tena seg nokre kjærkomne pengar. Dette fisket heldt fram til utpå 60-talet.
Brislingfiske
Det fisket som mest folk har vore med på er nok brislingfiskje. Ikkje få unge gutar har fått vore med på brislingfiske i sommarferien. Dette gjeld ikkje berre folk i den lokale krinsen. Olav Mæland skriv at mange eldre menn frå andre krinsar fortel at då dei var konfirmerte, så for dei til Mælandsvågen for å få seg arbeid på ein notbåt.
Når det gjeld omfanget av brislingfisket kan det nemnast at det var 14 notbruk her på 50-og 60-talet, og svært mange arbeidsplassar. I gamle Bremnes kommune var det 58 snurpenøter på brislingen i 1948 og 39 i 1960.
143 fiskarar frå Bremnes var med på brislingfiske i 1948. Med desse tala var Bremnes kommune på topp i Sunnhordlandnår det gjeld brislingfiske. Og Mælandsvågen låg på topp i kommunen.
ALTERNATIV TUR
Det var 16 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.
Turen gjekk frå Møllebrua, langs Ådlandsvatnet, og opp til gapahuken i Stuavikjo. Dei gjekk same vegen tilbake til Møllebrua.