Tur 924 Tur til Tjobergshaugen på Halsnøy den 24.10.2024.

I alt møtte det opp 33 turdeltakarar denne dagen.

22 av desse var med på turen til Tjobergshaugen.

Turlengd: Ca. 4 km

Turleiar: Jens Ivar Østvik

Me parkerte bilane ved Halsnøy skytebane. Derifrå gjekk me på merka sti søraustover opp til Tjobergshaugen, der me hadde matpause. Etter matpausen følgde me same stien tilbake til Halsnøy skytebane.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Turen starta frå Halsnøy skytebane, der me parkerte bilane. Foto: Sigmund Erland
Me ser at me er på rett veg til Tjobergshaugen.
Foto: Sigmund Erland
Starten av turen går i flatt terreng. Turleiaren fremst i bildet. Foto: Sigmund Erland
Her har me ein liten kvilepause. Foto: Sverre Vinje
«Trollfurua». Foto: Sigmund Erland
Informasjon om «Trollfurua». Foto: Sigmund Erland
Er dette «Handtaket», eller noko heilt anna? Foto: Sigmund Erland
Informasjon om «Handtaket». Foto: Sigmund Erland
Dette er treet «Vriompeisen». Foto: Sigmund Erland
Informasjon om «Vriompeisen». Foto: Sigmund Erland
«Vriompeisen» frå andre sida. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi denne vesle hellaren.
Foto: Sigmund Erland
Oppstigninga mot Tjobergshaugen har starta.
Foto: Sigmund Erland
Her er det tau som var til god hjelp i den bratte bakken.
Foto: Sigmund Erland
Siste oppstigninga mot Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland
På skiltet øverst står det «Tjobergshaugen – 176 moh». I kassen nederst var det bok som turdeltakarane skreiv seg inn i.
Foto: Sigmund Erland
Informasjon om Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland
Segna om Tjobergshaugen.
Foto: Sigmund Erland
Me tok matpausen på Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Utsikt mot nordaust. Foto: Sigmund Erland
Me kunne sjå Sundnessåta frå Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Utsikt mot nordvest. Foto: Sigmund Erland
Utsikt nordvestover. Sæbøvik til høgre i bildet. Foto: Sigmund Erland
Ein av turdeltakarane hadde med seg fløyte som han spela på medan dei andre åt nista. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sverre Vinje
Klar for tilbaketuren. Foto: Sigmund Erland
Tjobergshaugen var ei bygdeborg for veldig lenge sidan. Her bilde av litt av muren rundt bygdeborga. Foto: Sigmund Erland
Denne trestammen er heilt vridd. Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde med «Vriompeisen» i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Det var tid til litt drøs på turen. Foto: Sigmund Erland
Tilbake til skytebanen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blir takka for ein fin tur til Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

11 mann, som av ymse grunnar ikkje skulle til Halsnøy, stilte på Vabakken kl. 09.00. Framlegg om tur til lysløypo på fjellet vart samrøystes vedteke. Me parkerte ved kraftstasjonen. Der var det noko anleggsarbeid, men god plass. Turen gjekk langs elvo, til fjellvegen, forbi Lundarstøl, og på lysløypo til vegen til Hetlesæter tek av. Der snudde me og gjekk attende til Gapahuken ved Lundarstøl der nisten blei inntatt. Smil fekk me og, og etter matøkta var det ringkasttevling. Den vart vunnen av Norvald. Etter fotosession var det attende til bilane og heimtur.

Referent: Helge Heiberg-Andersen

Her er bilder frå turen: