I alt møtte det opp 41 turdeltakarar frå Stord GPT og 13 turdeltakarar frå GPT – Bømlo denne dagen.
Ca. 10-15 turdeltakarar gjekk alternativ tur direkte frå Vabakkjen ned til verftet på Kjøtteinen.
Resten av dei frammøtte køyrde med bilar og parkerte ved Eldøy Båthamn.
Turleiar: Oddbjørn Kvålsvold
Frå Eldøy Båthamn gjekk me langs vegane Krono, Eldøyane, Verftsvegen, Nedre Hageby og Kjøtteinsvegen fram til Aker Solutions på Stord. Me hadde matpause i Velferdshuset der me fekk servert kaffi og wienerbrød, og kommunikasjonsdirektør Odd Naustdal heldt interessant foredrag for oss om verftet frå starten av og fram til i dag. Etterpå var det besøk på Industrimuseet der me kunne gå rundt å sjå på gjenstander og bilder frå tidlegare tider. Og folk frå historiegruppa svarte velvillig på spørsmål når me lurte på noko. Turen tilbake til bilane gjekk langs vegane Verftsvegen, Lauvdalen, Eldøyvegen, Høgestølen, Hybelsneset og Nesjahaugen. Det var på alle måtar ein godt planlagt, og særs vellukka, tur.
Kartutsnitt der turen er teikna inn mede blå strek.
Foto: Sigmund ErlandBilde frå oppmøte på Vabakkjen der turleiaren orienterer om turen me skal gå.
Foto: Sigmund Erland
Frå parkerinsplassen ved Eldøy Båthamn.
Foto: Sigmund ErlandTuren har nett starta . Første strekninga går langs sjøen i retning mot Aker Solutions på Stord.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren stoppa ein del gonger på turen der han fortalde mykje interessant om dei stadene me gjekk forbi. Eldøy Mekaniske Verksted i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland
Me gjekk saman med GPT – Bømlo denne dagen, og me var ein heil flokk på tur. Foto: Sigmund Erland
Her måtte me ta ein «kunstpause» fordi det var avtalt tid for frammmøte på verftet. Turleiaren nytta høvet til å fortelja om området me var i.
Foto: Sigmund ErlandTurleiaren fortel om då han som 17-åring byrja som lærling ved Stord Verft. Foto: Sigmund ErlandMe er komne fram til «Akerhus».
Foto: Sigmund ErlandKan dette vera beredskapsdoen til verftet dersom det oppstår ein krisesituasjon? Foto: Sigmund ErlandMe er på veg til Velferdshuset der me skal ha matpause og få informasjon om Aker Solutions på Stord. Foto: Sigmund ErlandFint veggmaleri på austveggen på Velferdshuset. Foto: Sigmund ErlandÅsta Lorentsen i Historiegruppa på Kjøtteinen Industrimuseum, ønskte oss velkommen til Aker Solutions på Stord i Velferdshuset. Der hadde me matpause, og fekk også servert kaffi og wienerbrød.
Foto: Sigmund Erland Matpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause.
Foto: Sigmund ErlandMatpause. Foto: Bjørn ØstremMatpause. Foto: Bjørn ØstremKommunikasjonsdirektør Odd Naustdal heldt interessant foredrag for oss om verftet frå starten av og fram til i dag. Foto: Sigmund ErlandTurleiaren takka Odd Naustdal for at me hadde fått koma på besøk til Aker Solutions på Stord, og for mykje interessant informasjon om verftet. Foto: Sigmund ErlandEtter matpause og foredrag gjekk me frå Velferdshuset opp til Industrimuseet. Foto: Sigmund ErlandBilde frå smia.
Foto: Sigmund ErlandHer held dei på og lagar modell av Statfjord A – plattformen.
Foto: Sigmund ErlandVandring i industrimuseet.
Foto: Sigmund ErlandModell av ROTADISC TØRKE TST-200. Brukt i produksjonen av fiskemjøl, kjøt/beinmjøl, og til tørking av kjemikalier og kloakkslam.
Foto: Sigmund ErlandModell av Skomvær II, bygd av A/S Stord Verft, og sjøsett i 1960.
Foto: Sigmund ErlandModell av TT Beamont, bygd ved A/S Stord Verft, døypt 07.02.1976. Foto: Sigmund ErlandDet starta med sildoljefabrikk i 1919.
Foto: Sigmund ErlandAker Elektro var her.
Foto: Sigmund ErlandBilde av bedriftas grunnleggjar, kaptein Theodor Onarheim (1880-1964).
Foto: Sigmund ErlandPå industrimuseet såg ein av turdeltakarane bilde av seg sjølv (nr. 4 frå venstre) frå den tida han arbeidde ved verftet. Foto: Sigmund ErlandHer forlet me industrimuseet, og har starta tilbaketuren til parkeringsplassen. Foto: Sigmund ErlandTurleiaren deler kunnskapane sine med dei andre turdeltakarane. Veldig interessant å høyra han fortelja. Foto: Sigmund ErlandKrana «Ivan» blir brukt til demolering av oljeinstallasjonar. Den er 137 meter høg, og er nyleg sertifisert for vidare bruk. Foto: Sigmund ErlandHer blir det orientert om båthamna nedanfor.
Foto: Sigmund ErlandOg her kjem me tilbake til parkeringsplassen. Foto: Sigmund ErlandEin representant for Gutta På Tur – Bømlo takkar turleiaren for ein godt planlagt og innhaldsrik tur. Foto: Sigmund ErlandTurleiaren blir her takka av alle turdeltakarane for ein veldig kjekk og interessant tur. Foto: Sigmund Erland