Tur 922 Botsvik-Grønsmette-Osen-Rossneset-Botsvik den 10.10.2024.

I alt møtte det opp 38 denne dagen.

27 av desse var med på turen til Rossneset.

Turlengd: Ca. 3,5 km

Turleiar: Egil Isdal

Me parkerte bilane ved krysset Isdalsvegen/Litlabøvegen. Derifrå gjekk me ca. 0,5 km austover langs Litlabøvegen før me tok av til venstre og gjekk inn i skogen. Me gjekk sørover og vestover til me kom til Osen, og vidare til «Bålhuset» der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me til gruvetunnel nesten heilt ytterst på Rossneset. Derifrå gjekk me same vegen tilbake ca. 0,5 km, gjekk forbi staden Botsvik, og følgde vegen Båtsvikjo tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Frå parkeringsplassen ved krysset mellom Isdalsvegen og Litlabøvegen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om området me skal gå i, og om raidet på Litlabø i 1943. Foto: Sigmund Erland
Me starta med å gå ca. 500 m på Litlabøvegen i retning mot Leirvik.
Foto: Sigmund Erland
Her tar me av frå Litlabøvegen og går inn i skogen i retning mot Osen. Foto: Sigmund Erland
Her er me inne i skogen. Foto: Sigmund Erland
Kva treslag er dette? Foto: Sigmund Erland
Her blir det orientert om sti mot Vassenden som Stord Gutta På Tur ønskjer å rusta opp dersom dei får tildelt midlar som dei har søkt om. Foto: Sigmund Erland
Me kjem ned til Storavatnet. Foto: Sigmund Erland
Ved Osen er det ei skrøpeleg trebru over Daleelva som me skulle gå over. Turdeltakaran på bildet går ut på brua som førstemann for å testa om brua held.
Foto; Sigmund Erland
Det gjekk bra med førstmann, så dei andre gjekk også ut på brua, men med god avstand mellom kvar mann. Foto: Sigmund Erland
Alle kom seg velberga over. Stord Gutta På Tur har også søkt om midler til å få skifta ut denne brua, med nye fundament og ny bru. Foto: Sigmund Erland
Bilde av Daleelva der ho renn nedover mot osen i Storavatnet. Foto: Sigmund Erland
Turdeltakarane i godt driv. Det nærmar seg matpause. Foto: Sigmund Erland
«Bålhuset» i sikte. Foto: Sigmund Erland
Her er det sitjeplass til alle, både inne og ute. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sverre Vinje
Det er tid for å gå vidare. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortalde at det snart kjem ein 4 meter brei skogsbilveg her. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi ei hustuft frå 1867. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi ein del nobelgrantre. På plakaten er det informasjon om dette treslaget. Foto: Sigmund Erland
Skogbotn er her dekka av mose. Foto: Sigmund Erland
Inngang til gruvetunnel på Rossneset der det blei tatt ut svovelkis frå 1865 til ca. 1875. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren orienterer her om svovelkisuttaket i denne gruvetunnelen og andre stader i Litlabø-området. Foto: Sigmund Erland
Stormen «Nina» herja mykje på Rossneset i januar 2015. Foto: Sigmund Erland
Her er det funne giftig sopp. Foto: Sigmund Erland
Det er ein spiss giftslørsopp, som er ein svært giftig skivesopp, som ikkje må forvekslast med matsopp. Foto: Sigmund Erland
Me går ut av skogen i Botsvik. Foto: Sigmund Erland
Me følgde Daleelva oppover mot parkeringsplassen. Her er det ein demning der det tidlegare var eit sagbruk. Foto: Sigmund Erland
Me er tilbake til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blir takka for ein fin og interessant tur. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 11 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Hauglandskverna.

Her er bilder og videoar frå turen:

Alle bilder og videoar er mottatt frå Bjørn Østrem.