Tur 924 Tur til Tjobergshaugen på Halsnøy den 24.10.2024.

I alt møtte det opp 33 turdeltakarar denne dagen.

22 av desse var med på turen til Tjobergshaugen.

Turlengd: Ca. 4 km

Turleiar: Jens Ivar Østvik

Me parkerte bilane ved Halsnøy skytebane. Derifrå gjekk me på merka sti søraustover opp til Tjobergshaugen, der me hadde matpause. Etter matpausen følgde me same stien tilbake til Halsnøy skytebane.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Turen starta frå Halsnøy skytebane, der me parkerte bilane. Foto: Sigmund Erland
Me ser at me er på rett veg til Tjobergshaugen.
Foto: Sigmund Erland
Starten av turen går i flatt terreng. Turleiaren fremst i bildet. Foto: Sigmund Erland
Her har me ein liten kvilepause. Foto: Sverre Vinje
«Trollfurua». Foto: Sigmund Erland
Informasjon om «Trollfurua». Foto: Sigmund Erland
Er dette «Handtaket», eller noko heilt anna? Foto: Sigmund Erland
Informasjon om «Handtaket». Foto: Sigmund Erland
Dette er treet «Vriompeisen». Foto: Sigmund Erland
Informasjon om «Vriompeisen». Foto: Sigmund Erland
«Vriompeisen» frå andre sida. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi denne vesle hellaren.
Foto: Sigmund Erland
Oppstigninga mot Tjobergshaugen har starta.
Foto: Sigmund Erland
Her er det tau som var til god hjelp i den bratte bakken.
Foto: Sigmund Erland
Siste oppstigninga mot Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland
På skiltet øverst står det «Tjobergshaugen – 176 moh». I kassen nederst var det bok som turdeltakarane skreiv seg inn i.
Foto: Sigmund Erland
Informasjon om Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland
Segna om Tjobergshaugen.
Foto: Sigmund Erland
Me tok matpausen på Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Utsikt mot nordaust. Foto: Sigmund Erland
Me kunne sjå Sundnessåta frå Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Utsikt mot nordvest. Foto: Sigmund Erland
Utsikt nordvestover. Sæbøvik til høgre i bildet. Foto: Sigmund Erland
Ein av turdeltakarane hadde med seg fløyte som han spela på medan dei andre åt nista. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sverre Vinje
Klar for tilbaketuren. Foto: Sigmund Erland
Tjobergshaugen var ei bygdeborg for veldig lenge sidan. Her bilde av litt av muren rundt bygdeborga. Foto: Sigmund Erland
Denne trestammen er heilt vridd. Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde med «Vriompeisen» i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Det var tid til litt drøs på turen. Foto: Sigmund Erland
Tilbake til skytebanen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blir takka for ein fin tur til Tjobergshaugen. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

11 mann, som av ymse grunnar ikkje skulle til Halsnøy, stilte på Vabakken kl. 09.00. Framlegg om tur til lysløypo på fjellet vart samrøystes vedteke. Me parkerte ved kraftstasjonen. Der var det noko anleggsarbeid, men god plass. Turen gjekk langs elvo, til fjellvegen, forbi Lundarstøl, og på lysløypo til vegen til Hetlesæter tek av. Der snudde me og gjekk attende til Gapahuken ved Lundarstøl der nisten blei inntatt. Smil fekk me og, og etter matøkta var det ringkasttevling. Den vart vunnen av Norvald. Etter fotosession var det attende til bilane og heimtur.

Referent: Helge Heiberg-Andersen

Her er bilder frå turen:

Tur 923 Tur i Eldøy-området med besøk på museet på Verftet i lag med GPT – Bømlo den 17.10.2024

I alt møtte det opp 41 turdeltakarar frå Stord GPT og 13 turdeltakarar frå GPT – Bømlo denne dagen.

Ca. 10-15 turdeltakarar gjekk alternativ tur direkte frå Vabakkjen ned til verftet på Kjøtteinen.

Resten av dei frammøtte køyrde med bilar og parkerte ved Eldøy Båthamn.

Turleiar: Oddbjørn Kvålsvold

Frå Eldøy Båthamn gjekk me langs vegane Krono, Eldøyane, Verftsvegen, Nedre Hageby og Kjøtteinsvegen fram til Aker Solutions på Stord. Me hadde matpause i Velferdshuset der me fekk servert kaffi og wienerbrød, og kommunikasjonsdirektør Odd Naustdal heldt interessant foredrag for oss om verftet frå starten av og fram til i dag. Etterpå var det besøk på Industrimuseet der me kunne gå rundt å sjå på gjenstander og bilder frå tidlegare tider. Og folk frå historiegruppa svarte velvillig på spørsmål når me lurte på noko. Turen tilbake til bilane gjekk langs vegane Verftsvegen, Lauvdalen, Eldøyvegen, Høgestølen, Hybelsneset og Nesjahaugen. Det var på alle måtar ein godt planlagt, og særs vellukka, tur.

Kartutsnitt der turen er teikna inn mede blå strek. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå oppmøte på Vabakkjen der turleiaren orienterer om turen me skal gå. Foto: Sigmund Erland
Frå parkerinsplassen ved Eldøy Båthamn. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta . Første strekninga går langs sjøen i retning mot Aker Solutions på Stord. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren stoppa ein del gonger på turen der han fortalde mykje interessant om dei stadene me gjekk forbi. Eldøy Mekaniske Verksted i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland

Me gjekk saman med GPT – Bømlo denne dagen, og me var ein heil flokk på tur.
Foto: Sigmund Erland

Her måtte me ta ein «kunstpause» fordi det var avtalt tid for frammmøte på verftet. Turleiaren nytta høvet til å fortelja om området me var i. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om då han som 17-åring byrja som lærling ved Stord Verft.
Foto: Sigmund Erland
Me er komne fram til «Akerhus». Foto: Sigmund Erland
Kan dette vera beredskapsdoen til verftet dersom det oppstår ein krisesituasjon?
Foto: Sigmund Erland
Me er på veg til Velferdshuset der me skal ha matpause og få informasjon om Aker Solutions på Stord.
Foto: Sigmund Erland
Fint veggmaleri på austveggen på Velferdshuset.
Foto: Sigmund Erland
Åsta Lorentsen i Historiegruppa på Kjøtteinen Industrimuseum, ønskte oss velkommen til Aker Solutions på Stord i Velferdshuset. Der hadde me matpause, og fekk også servert kaffi og wienerbrød. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause.
Foto: Bjørn Østrem
Matpause. Foto: Bjørn Østrem
Kommunikasjonsdirektør Odd Naustdal heldt interessant foredrag for oss om verftet frå starten av og fram til i dag.
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren takka Odd Naustdal for at me hadde fått koma på besøk til Aker Solutions på Stord, og for mykje interessant informasjon om verftet.
Foto: Sigmund Erland
Etter matpause og foredrag gjekk me frå Velferdshuset opp til Industrimuseet.
Foto: Sigmund Erland
Bilde frå smia. Foto: Sigmund Erland
Her held dei på og lagar modell av Statfjord A – plattformen. Foto: Sigmund Erland
Vandring i industrimuseet. Foto: Sigmund Erland
Modell av ROTADISC TØRKE TST-200. Brukt i produksjonen av fiskemjøl, kjøt/beinmjøl, og til tørking av kjemikalier og kloakkslam. Foto: Sigmund Erland
Modell av Skomvær II, bygd av A/S Stord Verft, og sjøsett i 1960. Foto: Sigmund Erland
Modell av TT Beamont, bygd ved A/S Stord Verft, døypt 07.02.1976.
Foto: Sigmund Erland
Det starta med sildoljefabrikk i 1919. Foto: Sigmund Erland
Aker Elektro var her. Foto: Sigmund Erland
Bilde av bedriftas grunnleggjar, kaptein Theodor Onarheim (1880-1964). Foto: Sigmund Erland
På industrimuseet såg ein av turdeltakarane bilde av seg sjølv (nr. 4 frå venstre) frå den tida han arbeidde ved verftet.
Foto: Sigmund Erland
Her forlet me industrimuseet, og har starta tilbaketuren til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren deler kunnskapane sine med dei andre turdeltakarane. Veldig interessant å høyra han fortelja.
Foto: Sigmund Erland
Krana «Ivan» blir brukt til demolering av oljeinstallasjonar. Den er 137 meter høg, og er nyleg sertifisert for vidare bruk.
Foto: Sigmund Erland
Her blir det orientert om båthamna nedanfor. Foto: Sigmund Erland
Og her kjem me tilbake til parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland
Ein representant for Gutta På Tur – Bømlo takkar turleiaren for ein godt planlagt og innhaldsrik tur.
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blir her takka av alle turdeltakarane for ein veldig kjekk og interessant tur.
Foto: Sigmund Erland

Tur 922 Botsvik-Grønsmette-Osen-Rossneset-Botsvik den 10.10.2024.

I alt møtte det opp 38 denne dagen.

27 av desse var med på turen til Rossneset.

Turlengd: Ca. 3,5 km

Turleiar: Egil Isdal

Me parkerte bilane ved krysset Isdalsvegen/Litlabøvegen. Derifrå gjekk me ca. 0,5 km austover langs Litlabøvegen før me tok av til venstre og gjekk inn i skogen. Me gjekk sørover og vestover til me kom til Osen, og vidare til «Bålhuset» der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me til gruvetunnel nesten heilt ytterst på Rossneset. Derifrå gjekk me same vegen tilbake ca. 0,5 km, gjekk forbi staden Botsvik, og følgde vegen Båtsvikjo tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Frå parkeringsplassen ved krysset mellom Isdalsvegen og Litlabøvegen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om området me skal gå i, og om raidet på Litlabø i 1943. Foto: Sigmund Erland
Me starta med å gå ca. 500 m på Litlabøvegen i retning mot Leirvik.
Foto: Sigmund Erland
Her tar me av frå Litlabøvegen og går inn i skogen i retning mot Osen. Foto: Sigmund Erland
Her er me inne i skogen. Foto: Sigmund Erland
Kva treslag er dette? Foto: Sigmund Erland
Her blir det orientert om sti mot Vassenden som Stord Gutta På Tur ønskjer å rusta opp dersom dei får tildelt midlar som dei har søkt om. Foto: Sigmund Erland
Me kjem ned til Storavatnet. Foto: Sigmund Erland
Ved Osen er det ei skrøpeleg trebru over Daleelva som me skulle gå over. Turdeltakaran på bildet går ut på brua som førstemann for å testa om brua held.
Foto; Sigmund Erland
Det gjekk bra med førstmann, så dei andre gjekk også ut på brua, men med god avstand mellom kvar mann. Foto: Sigmund Erland
Alle kom seg velberga over. Stord Gutta På Tur har også søkt om midler til å få skifta ut denne brua, med nye fundament og ny bru. Foto: Sigmund Erland
Bilde av Daleelva der ho renn nedover mot osen i Storavatnet. Foto: Sigmund Erland
Turdeltakarane i godt driv. Det nærmar seg matpause. Foto: Sigmund Erland
«Bålhuset» i sikte. Foto: Sigmund Erland
Her er det sitjeplass til alle, både inne og ute. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sverre Vinje
Det er tid for å gå vidare. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortalde at det snart kjem ein 4 meter brei skogsbilveg her. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi ei hustuft frå 1867. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi ein del nobelgrantre. På plakaten er det informasjon om dette treslaget. Foto: Sigmund Erland
Skogbotn er her dekka av mose. Foto: Sigmund Erland
Inngang til gruvetunnel på Rossneset der det blei tatt ut svovelkis frå 1865 til ca. 1875. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren orienterer her om svovelkisuttaket i denne gruvetunnelen og andre stader i Litlabø-området. Foto: Sigmund Erland
Stormen «Nina» herja mykje på Rossneset i januar 2015. Foto: Sigmund Erland
Her er det funne giftig sopp. Foto: Sigmund Erland
Det er ein spiss giftslørsopp, som er ein svært giftig skivesopp, som ikkje må forvekslast med matsopp. Foto: Sigmund Erland
Me går ut av skogen i Botsvik. Foto: Sigmund Erland
Me følgde Daleelva oppover mot parkeringsplassen. Her er det ein demning der det tidlegare var eit sagbruk. Foto: Sigmund Erland
Me er tilbake til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blir takka for ein fin og interessant tur. Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 11 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Hauglandskverna.

Her er bilder og videoar frå turen:

Alle bilder og videoar er mottatt frå Bjørn Østrem.