Tur 920 til Åreiddalen (Bømlo) den 26.09.2024.

I alt møtte det opp 42 denne dagen.

32 av desse var med på turen til Åreiddalen.

Turlengd: Ca. 4,8 km

Turleiar: Olav Fauskanger

Bilane blei først parkerte innerst i Åreidbukta. Me gjekk oppover Åreidddalen til Oldereid. Der snudde me og gjekk same vegen tilbake til parkeringsplassen. Derifrå køyrde me til turleiarens hus i Klubben der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me ned til Klubbavika der det var naust og båthamn, og etterpå tilbake til bilane igjen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Frå Åreid til Klubben køyrde turdeltakarane i bil. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå parkeringsplassen nede ved Åreidbukta. Foto: Sigmund Erland
Turleiar Olav Fauskanger. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel her om plassen Åreid. Mellom anna vart det for fleire hundre år sidan, ved Åreidelva, laga til ei marmorsag som kunne handtera marmoren som vart hogd ut på Moster. Foto: Sigmund Erland
Her går me opp frå parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
Åreid bru. Foto: Sigmund Erland
Marmorblokk som er sett inn i utforkøyringsvernet på Åreid bru. Bokstavane «ÅREID BRU» er hogd inn i blokka.
Foto: Sigmund Erland
Turen oppover Åreiddalen har starta.
Foto: Sigmund Erland
Her er det arbeid med utviding av vassbehandlingsanlegg i Åreiddalen. Foto: Sigmund Erland
Finnåsvatnet var speilblankt denne dagen. Foto: Sigmund Erland
Her var det smalt, og turdeltakarane måtte vika for anleggstraktor. Foto: Sigmund Erland
På veg mot Oldereid. Foto: Sigmund Erland
Vidare mot Oldereid. Foto: Sigmund Erland
Her kjem me fram til Oldereid. Foto: Sigmund Erland
Me snudde på Oldereid og gjekk tilbake mot Åreid. Foto: Sigmund Erland
Her er det lagt ut silt-gardin rundt anleggsområdet for å verna Finnåsvatnet mot forureining. Foto: Sigmund Erland
Ein kranbil i aksjon såg ut til å sperra vegen for oss. Foto: Sigmund Erland
Men me fekk lov av kranbilføraren til å smyga oss forbi på venstre sida av kranbilen. Foto: Sigmund Erland
Tilbake til Åreid bru. Foto: Sigmund Erland
På veg inn i tunet til turleiaren sitt hus i Klubben.
Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Sigmund Erland
Matpause.
Foto: Sigmund Erland
Me fekk omvising i eit lite museum som turleiaren hadde laga til i kjellaren. Her viser han ei skjæring, som blei brukt som gryteoppheng når det blei kokt på grue eller over open eld. Foto: Sigmund Erland
Snurpering som blir brukt i botn av snurpenot. Foto: Sigmund Erland
Ein Radionette Menuett radio, frå 1950- eller 1960-åra. Foto: Sigmund Erland
Eit teinevak som har vore lenge i sjøen, og som det er veldig mykje rur på. Foto: Sigmund Erland
På veg ned til naust og båtar i Klubbavika. Foto: Sigmund Erland
Båthamna i Klubbavika. Foto: Sigmund Erland
Bilde tatt ved båthamna. Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde ved båthamna. Foto: Sigmund Erlandf
På veg opp frå båthamna. Foto: Sigmund Erland
Flott tuntre i Klubben. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren blei takka for ein kjekk og innhaldsrik tur.
Foto: Sigmund Erland

ALTERNATIV TUR

Det var 10 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Sæbø gard, der dei hadde fått nytt grillhus.

Her er bilder frå turen:

Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Fått av Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem
Foto: Bjørn Østrem