Tur 916 Sævarhagsvikjo-Hovaneset tur/retur.

I alt møtte det opp 42 denne dagen.

36 av desse var med på turen til Hovaneset.

Turlengd: Ca. 3,5 km.

Turleiar: Odd Winge

Bilane blei parkerte på parkeringsplassen i båthamna ved Sævarhagsvikjo. Me gjekk oppover Sjoarvegen. Nesten oppe ved hovudvegen tok me av til høgre ned til Sævarhagen. Derifrå gjekk me til Haga, og vidare ned til Hovaneset der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me langs Sævarhagsvikjo tilbake parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Turleiar Odd Winge orienterer om turen me skal gå.
Foto: Sigmund Erland
Me går frå båthamna i Sævarhagsvikjo oppover Sjoarvegen. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren viser fram prydbringebær, som er ein busk frå Nord-Amerika som truar dei naturlege artane i Norge, og derfor er uønskt her.
Foto: Sigmund Erland
Turleiaren orienterer om parkslirekne som er uønskt i Norge. Strandvindel er også uønskt.
Foto: Bjørn Østrem
Nesten oppe ved hovudvegen tok me til høgre ned mot Sævarhagen.
Foto: Sigmund Erland
Me såg eit asketre med askepest (askeskuddsjuke) på veg ned til Sævarhagen.
Foto: Sigmund Erland
Me ser Hovaneset i bakgrunnen frå Sævarhagen. Foto: Sigmund Erland
Bilde frå Sævarhagen. Foto: Sigmund Erlandf
På veg frå Sævarhagen mot Haga. Foto: Sigmund Erland
Her kjem me fram til Haga. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren fortel om Haga-garden som ligg på leire, og at det tidlegare kan ha vore leirras her ned mot Hovaneset.
Foto: Sigmund Erland
Me går vidare frå Haga mot Hovaneset. Foto: Sigmund Erland
Det var litt fuktig nokre stader. Foto: Sigmund Erland
Me ser Hovaneset i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me nærmar oss Hovaneset der det beiter sauer. Foto: Sigmund Erland
På veg opp på Hovaneset. Foto: Sigmund Erland
Turleiaren viser fram beitesopp på Hovaneset. Foto: Sigmund Erland
På Hovaneset. Foto: Oddbjørn Kvålsvold
På Hovaneset. Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Matpause på Hovaneset. Foto: Sigmund Erland
Matpause. Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Tilbaketuren frå Hovaneset har starta. Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde på Hovaneset. Foto: Bjørn Østrem
Desse kristorntrea hadde lite blad og såg gamle ut. Foto: Sigmund Erland
Her er me i svartorskog. Turleiaren fortalde om ulikheter mellom svartor og gråor. Svartor kan m. a. veksa i nitrogenfattig jord. Foto: Sigmund Erland
Sævarhagsvikjo med Hovaneset i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me nærmar oss Sævarhagsvikjo. Foto: Sigmund Erland
Helge Heiberg-Andersen fortel om då Staten kjøpte tomt til skule i Sævarhagen. Foto: Sigmund Erland
Sverre Vinje takkar turleiar Odd Winge for ein kjekk og innhaldsrik tur til Hovaneset. Foto: Sigmund Erland




ALTERNATIV TUR

Det var 6 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

Turen gjekk frå Meatjørna på stien mot Valvatnafeltet, og under riksvegen. Matpausen var under tak ved gammalt vedlager. Vidare gjekk turen opp til Heiane industriområde og tilbake til bilane.