Bilane blei parkerte rett før brua som går over til Børøya (Børøybrua). Før me starta å gå, fortalde Peggy Bærøy mykje interessant om Børøya, både frå eldre og nyare tider. Me gjekk over brua, og følgde Børøyvegen ca. 400 m før me tok av til venstre inn på ein veg gjennom skogen fram til Olsvika. Deretter gjekk me litt tilbake igjen, og så til ein stad mellom Olsvika og Gardsvika der det er ei hytte som tidlegare var for dei tilsette hos Engevik Bygg . Me gjekk så vidare gjennom skogen fram til huset til turleiar Peggy Bærøy. Der fekk alle som ønskte det, koma inn og eta medbrakt niste. Etter matpausen gjekk me ned til Børøyvegen att, og følgde så vegen tilbake til parkeringsplassen .
Til saman møtte 45 turdeltakarar fram til første turen etter sommaren.
Foto: Sigmund Erland
Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Før turen starta. Turleiar Toralf Røen nr. 3 frå venstre, og turleiar Peggy Bærøy heilt til høgre.
Foto: Sigmund ErlandTurleiar Peggy Bærøy orienterer om Børøya før turen startar.
Foto: Sigmund ErlandMe er på Børøybrua. Denne vart vart bygd i 1968. Foto: Sigmund ErlandMe tok av til venstre frå hovudvegen, og gjekk mot Olsvika. Foto: Sigmund ErlandPå vegen mot Olsvika.
Foto: Bjørn ØstremBilde frå Olsvika.
Foto: Sigmund ErlandVegen mot hytta som tidlegare var for tilsette hos Engevik bygg. Det var ingen teikn til «fæst» då me kom fram til hytta.
Foto: Sigmund ErlandHytte som tidlegare var for tilsette hos Engevik Bygg.
Foto: Sigmund ErlandHytte som tidlegare var for tilsette hos Engevik Bygg. Ein av turdeltakarane var tilsett i dette firmaet då hytta vart bygd. Han fortalde om hytta, og om mykje dugnadsarbeid som var blitt utført av dei tilsette. Foto: Sigmund ErlandHer prøver Bjørn og Reidar, ved hjelp av GPS på mobiltelefonen, å finna ut kor høgt over havet dei er. Foto: Fått av Bjørn ØstremSå bar turen inn i skogen igjen.
Foto: Sigmund ErlandMe nærmar oss huset til turleiar Peggy Bærøy.
Foto: Sigmund ErlandHer ser me huset.
Foto: Sigmund ErlandAlle som ønskte det, blei inviterte inn for å eta medbrakt niste.
Foto: Sigmund ErlandNokre av turdeltakarane valde å eta ute der det var bord og stolar.
Foto: Sigmund Erand Matpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremMatpause.
Foto: Bjørn ØstremKlar for å gå vidare etter matpausen.
Foto: Sigmund ErlandSverre har kontroll på Twist-konfekten som blir delt ut til turdeltakarane.
Foto: Bjørn ØstremPå tilbaketuren gjekk me forbi dette fritidsbygget.
Foto: Sigmund ErlandMot Børøyvik og Jektaneset.
Foto: Sigmund ErlandNed mot Gardvika. Børøysåta (på Bømlosida) i bakgrunnen.
Foto: Sigmund ErlandSørover mot Børøyvik, Jektaneset og Krabbavika.
Foto: Sigmund ErlandBilde tatt frå Børøybrua nordover Nautsundet. Foto: Sigmund ErlandTilbake over Børøybrua til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland
ALTERNATIV TUR
Det var 11 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til Hauglandskverna.
Her er bilder frå turen:
Det var regn, og flaum forbi Hauglandskverna. Foto: Bjarte Gunnarson
Matpause i gapahuken ved Hauglandskverna. Foto: Bjarte Gunnarson