Tur 912. Tur i Brandviklia, Huglo.

I alt møtte det opp 34 denne dagen

20 av desse var med på turen til Brandviklia og Haukanes.

Turlengd i Brandviklia (rundtur): Ca. 2 km
Turlengd til Haukanes: Ca 1 km

Turleiar: Harald Huglen
Lokalkjent guide: Johanne Bjørg Molvik

Bilane blei parkerte på parkeringsplass der hovudvegen fram til Haukanes sluttar. Me starta å gå inn i Brandviklia frå parkeringsplassen. Brandviklia ligg i Brandvik landskapsvernområde. Etter å ha gått 8-900 m sørover i skog med mange ulike tre- og planteslag, kom me fram til Meåsen der det var matpause. Guiden har ein eigedom der med fin terrasse og bord og stolar som me fekk bruka. Og det var flott utsikt mot sjøen og Litla Tveitøy, Storøya og Bleikjo som låg ca. 1 km frå land. Etter matpausen bar det inn i skogen igjen, nordover mot parkeringsplassen. Også her var det mange tre- og planteslag. Det var mellom anna mykje barlind å sjå. Guiden var kunnskapsrik, og flink til å formidla informasjon om det me såg, til oss. Då alle var tilbake til parkeringsplassen, hadde me tid til å gå ein tur norover til Haukanesgardane. Der var det også mykje fint å sjå. Det var fin utsikt mot sjøen, og mot Laukhammar som ligg heilt sør på Skorpo.

Kartutsnitt der turtraseen er teikna inn med blå strek.

Frå parkeringsplassen før turstart. Foto: Sigmund Erland
Guiden Johanne Bjørg Molvik i midten. Ho er fødd og oppvaksen i nærleiken. Foto: Sigmund Erland
Guiden orienterer om det området me skal gå tur i.
Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta, Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde ei lita stund etter at turen sørover har starta. Foto: Sigmund Erland
På vegen sørover gjekk me forbi ein kalkovn. Foto: Sigmund Erland
Guiden stilte fin terrasse, bord og stolar til disposisjon for Stord Gutta På Tur. Foto: Sigmund Erland
Frå matøkta i Meåsen. Utsikt sørover mot Buneset. Foto: Sigmund Erland
Frå matøkta i Meåsen. Foto: Sigmund Erland
Frå matøkta i Meåsen. Foto: Sigmund Erland
Utsikt frå Meåsen mot Tveiteøyane og Bleikjo. Foto: Sigmund Erland
Utdeling av Twist i matøkta på Meåsen. Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Her syng turdeltakarane «Mellom bakkar og berg». Foto: Sigmund Erland
Har nett starta tilbaketuren etter matøkta.
Foto: Sigmund Erland
Fin barlind i Meåsen. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi nokre fine eigedomar. Foto: Sigmund Erland
Her går me inn i skogen etter matøkta. Foto: Sigmund Erland
Turleiar og guide framfor ein stor ask. Foto: Sigmund Erland
På veg nordover frå Meåsen til parkeringsplassen kunne me sjå denne kjempefurua. Foto: Sigmund Erland
Naturvernarar har beskytta barlindstammar med nettinggjerde mot hjort.
Foto: Sigmund Erland
Alm i blomstring. Foto: Sigmund Erland
Frå parkeringsplassen mot Haukanes. Parkeringsplassen og Brandviklia ligg i Brandvik landskapsvernområde, medan Haukanes er utanfor. Foto: Sigmund Erland
Frå parkeringsplassen. Klar for å gå til Haukanes. Foto: Sigmund Erland
Veldig mykje ramsløk på Haukanes. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes mot Laukhammar. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Litt av kvart her. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Utsikt mot Kråko og Flatøya. Foto: Sigmund Erland
Utsikt frå Haukanes mot Laukhammar. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Fint og velstelt. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Fin eigedom, og fin utsikt. Foto: Sigmund Erland
Her får Johanne Bjørg Molvik ein turkopp i gåve frå Stord Gutta På Tur for veldig fin guiding på turen vår.
Foto: Oddbjørn Kvålsvold

ALTERNATIV TUR

Det var 14 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

Dei gjekk tur i området Høgskulen Vestland på Rommetveit, parken der, Klingenbergkaien, og opp på terrassen til Arne Trageton der kaffi og niste blei fortært i ein flora av Rhododendron.

Alle foto på alternativ tur: Bjørn Østrem

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *