Tur 910. Tur til Bjoa-Vikestølen-Vikebygd den 02.05.2024.

I alt møtte det opp 35 turdeltakarar denne dagen.

21 av desse var med på turen til Bjoa og Vikebygd.

Turlengd Eikås-Vikestølen: 2,7 km
Turlengd Vikestølen-Vikebygd: 4,8 km
Turlengd Eikås-Vikebygd: 7,5 km

Turleiar: Oddbjørn Kvålsvold

Bilane blei parkerte på parkeringsplassen ved Arquebus-minnesmerket på Eikås. Alle turdeltakarane gjekk frå Eikås til Vikestølen der det var matpause med medbrakt niste. Etter matpausen gjekk 14 deltakarar vidare til Vikebygd. Dei sju andre, som var sjåførar, gjekk tilbake til bilane sine på Eikås. Dei køyrde derifrå via Innbjoa og Utbjoa til Vikebygd der dei møtte dei som hadde gått heile turen frå Eikås til Vikebygd. Der var det bestilt viltgryte med tilbehøyr og kaffi på «Gamlatunet» til heile turgjengen. Både fotturen, og måltidet etterpå, blei ei fin og minnerik oppleving.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland

Gruppebilde ved Arquebus-minnesmerke på Eikås før turen starta. Foto: Sigmund Erland
Oversiktsbilde der minnesmerket er. Foto: Sigmund Erland
Frå Arquebus minnesmerket på Eikås.
Foto: Sigmund Erland
På veg mot Vikestølen. Turleiar Oddbjørn Kvålsvold framme i midten.
Foto: Sigmund Erland
Drikkepause mellom Eikås og Vikestølen. Foto: Jakob Thormodsæter
Me nærmar oss Vikestølen. Foto: Sigmund Erland
Matpause i sola på Vikestølen.
Foto: Sigmund Erland
Nokre åt nista der det var skugge.
Foto: Sigmund Erland
Avstandsskilt på Vikestølen. 14 stk. gjekk 7,5 km frå Eikås til Vikebygd. Sjåførane gjekk 5,4 km Eikås-Vikestølen-Eikås. Foto: Sigmund Erland
Avstandsskilt litt vest for Vikestølen. Foto: Arne Haugland
Her startar me frå Vikestølen. Foto: Arne Haugland
Røytetjørn, som ligg ca. 400 m sør-vest for Vikestølen. Foto: Arne Haugland
Me nærmar oss Langavatnet. Foto: Arne Haugland
Langavatnet, som er drikkevatn for Vikebygd, var noko nedtappa. Foto: Arne Haugland
Gruppebilde ein stad mellom Langavatnet og Våbrekkerinda. Foto: Arne Haugland
Stålbru over elv ved Våbrekkerinda. Foto: Arne Haugland
Me såg ein ungdomsleg hoggorm, ca. 20 cm lang, eit stykke frå Vikebygd. Foto: Arne Haugland
Nedstigning mot Vikebygd. Utsikt mot Ålfjorden. Foto: Arne Haugland
Vikebygd vassverk sitt renseanlegg bygd i 2003-2004, ca. 1 km frå Vikebygd sentrum. Foto: Arne Haugland
Steinhellebru over bekk ved Vikebygd Vassverk sitt renseanlegg. Foto: Arne Haugland
«Gamlatunet» sett frå hovudvegen. Foto: Sigmund Erland
Eldhuset.
Foto: Sigmund Erland
Inne i Eldhuset som var under restaurering.
Foto: Sigmund Erland
Me fekk lov til å sjå oss rundt i «Gamlatunet» før matservering. Bildet er frå eit rom i 2. etasje.
Foto: Sigmund Erland.
Me gjekk til dekka bord i «Gamlatunet». Her er ein del av turdeltakarane.
Foto: Jakob Thormodsæter
Og her er det fleire turdeltakarar som ventar på mat.
Foto: Jakob Thormodsæter
Me fekk pavlova til dessert.
Foto: Jakob Thormodsæter
Vert på «Gamlatunet»: Jakob Rødde. Han fekk skryt av turdeltakarane for kjekk stad og god mat.
Foto: Sigmund Erland


ALTERNATIV TUR

Det var 14 turdeltakarar som gjekk alternativ tur frå Vabakkjen til Aker Solutions sitt administrasjonsbygg, og vidare til Eldøyane. Tilbaketuren til bilane gjekk over Bjelland med matpause i hagen til Johannes Belsvik.