Tur 913. Føyno tur.

I alt møtte det opp 34 denne dagen.

28 av desse var med på turen til Føyno.

Turlengd: Ca. 3 km.

Turleiar: Peder Aasheim.

Bilane blei parkerte på parkeringsplass for Kjølsvika, nord på Føyno. Ca. 100 m frå parkeringsplassen, tok me til høgre, sørover, inn i skogen. Etter ca. 600 m kom me inn på «hovudvegen» med vegnamnet Føyno. Me følgde denne vegen til Orevika der me hadde matpause. Etter matpausen gjekk me nordover, med ein avstikkar til Haugatun. Derifrå gjekk me vidare nordover og vestover tilbake til parkeringsplassen.

Kartutsnitt der turen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Oppmøte på Vabakkjen før turen.
Foto: Sigmund Erland
Turleiar og leiar for Stord GPT på Vabakkjen. Foto: Sigmund Erland
Parkeringsplassen på Føyno. Foto: Sigmund Erland
Turleiar orienterer om øya Føyno, og om turen me skal gå der. Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta. Stordabrua i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland
Me tok av frå vegen, og gjekk sørover inn i skogen.
Foto: Sigmund Erland
Ein liten pause for å samla gjengen. Foto: Sigmund Erland
Også her var stormen Nina på besøk i 2015. Foto: Sigmund Erland
Denne sagekrakken ute i skogen var visst ikkje brukt på ei stund.
Foto: Sigmund Erland
Me snur nordaustover mot Orevika. Foto: Sigmund Erland
Bømlafjordtunnelen ligg ca. 80 m rett under dette huset. Foto: Sigmund Erland
Det lokale namnet på Orevika er Ørevikjo. Foto: Sigmund Erland
Me er ikkje langt frå Orevika no. Foto: Sigmund Erland
Me går ned mot sørenden av Orevika. Foto: Sigmund Erland
Her er me i søre enden av Orevika. Foto: Sigmund Erland
Utsikt mot nordre enden av Orevika. Foto: Sigmund Erland
Fine og velstelte eigedomar i Orevika. Foto: Sigmund Erland
Matpause i nordre enden av Orevika. Foto: Sigmund Erland
Frå Matpausen. Foto: Sigmund Erland
Frå matmausen. Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Frå matpausen. Foto: Sigmund Erland
Frå Orevika er det utsikt mot Otterøya, som ligg ca. 800 m mot søraust.
Foto: Sigmund Erland
Her utsikt frå nordre enden av Orevika mot den søre enden. Foto: Sigmund Erland
Tilbaketuren har starta. Foto: Sigmund Erland
Det var lite biltrafikk på Føyno, og me hadde vegane for oss sjølve. Men akkurat her måtte me vika til side for ein bil.
Foto: Sigmund Erland
Me tok ein liten avstikkar til eigdomen Haugatun. Foto: Sigmund Erland
Der traff me eigaren (lengst til høgre). Oddbjørn Kvålsvold (midt på bildet) hadde tidlegare – i samband med lokalhistorisk arbeid – intervjua foreldra hans. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk vidare nordover.
Foto: Sigmund Erland
Og kom forbi dette staselege huset.
Foto: Sigmund Erland
Det er ein del eiketre på Føyno. Foto: Sigmund Erland
Og ein del sauer. Foto: Sigmund Erland
Her er me komne tilbake til parkeringsplassen. Både turleiaren og dei andre turdelakarane syntest det hadde vore ein kjekk tur.
Foto: Sigmund Erland



ALTERNATIV TUR

Det var 6 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

Bilane blei parkerte på parkeringsplassen nedanfor Øvre Økland. Derifrå gjekk turen opp Vatnadalsvegen til krysset der ein kan ta av mot Vad. Litt innpå vegen mot Vad er det bord og benker, og kaffi og niste blei fortært der. Etter matpausen gjekk dei same vegen tilbake til parkeringsplassen.

Tur 912. Tur i Brandviklia, Huglo.

I alt møtte det opp 34 denne dagen

20 av desse var med på turen til Brandviklia og Haukanes.

Turlengd i Brandviklia (rundtur): Ca. 2 km
Turlengd til Haukanes: Ca 1 km

Turleiar: Harald Huglen
Lokalkjent guide: Johanne Bjørg Molvik

Bilane blei parkerte på parkeringsplass der hovudvegen fram til Haukanes sluttar. Me starta å gå inn i Brandviklia frå parkeringsplassen. Brandviklia ligg i Brandvik landskapsvernområde. Etter å ha gått 8-900 m sørover i skog med mange ulike tre- og planteslag, kom me fram til Meåsen der det var matpause. Guiden har ein eigedom der med fin terrasse og bord og stolar som me fekk bruka. Og det var flott utsikt mot sjøen og Litla Tveitøy, Storøya og Bleikjo som låg ca. 1 km frå land. Etter matpausen bar det inn i skogen igjen, nordover mot parkeringsplassen. Også her var det mange tre- og planteslag. Det var mellom anna mykje barlind å sjå. Guiden var kunnskapsrik, og flink til å formidla informasjon om det me såg, til oss. Då alle var tilbake til parkeringsplassen, hadde me tid til å gå ein tur norover til Haukanesgardane. Der var det også mykje fint å sjå. Det var fin utsikt mot sjøen, og mot Laukhammar som ligg heilt sør på Skorpo.

Kartutsnitt der turtraseen er teikna inn med blå strek.

Frå parkeringsplassen før turstart. Foto: Sigmund Erland
Guiden Johanne Bjørg Molvik i midten. Ho er fødd og oppvaksen i nærleiken. Foto: Sigmund Erland
Guiden orienterer om det området me skal gå tur i.
Foto: Sigmund Erland
Turen har nett starta, Foto: Sigmund Erland
Gruppebilde ei lita stund etter at turen sørover har starta. Foto: Sigmund Erland
På vegen sørover gjekk me forbi ein kalkovn. Foto: Sigmund Erland
Guiden stilte fin terrasse, bord og stolar til disposisjon for Stord Gutta På Tur. Foto: Sigmund Erland
Frå matøkta i Meåsen. Utsikt sørover mot Buneset. Foto: Sigmund Erland
Frå matøkta i Meåsen. Foto: Sigmund Erland
Frå matøkta i Meåsen. Foto: Sigmund Erland
Utsikt frå Meåsen mot Tveiteøyane og Bleikjo. Foto: Sigmund Erland
Utdeling av Twist i matøkta på Meåsen. Foto: Oddbjørn Kvålsvold
Her syng turdeltakarane «Mellom bakkar og berg». Foto: Sigmund Erland
Har nett starta tilbaketuren etter matøkta.
Foto: Sigmund Erland
Fin barlind i Meåsen. Foto: Sigmund Erland
Me gjekk forbi nokre fine eigedomar. Foto: Sigmund Erland
Her går me inn i skogen etter matøkta. Foto: Sigmund Erland
Turleiar og guide framfor ein stor ask. Foto: Sigmund Erland
På veg nordover frå Meåsen til parkeringsplassen kunne me sjå denne kjempefurua. Foto: Sigmund Erland
Naturvernarar har beskytta barlindstammar med nettinggjerde mot hjort.
Foto: Sigmund Erland
Alm i blomstring. Foto: Sigmund Erland
Frå parkeringsplassen mot Haukanes. Parkeringsplassen og Brandviklia ligg i Brandvik landskapsvernområde, medan Haukanes er utanfor. Foto: Sigmund Erland
Frå parkeringsplassen. Klar for å gå til Haukanes. Foto: Sigmund Erland
Veldig mykje ramsløk på Haukanes. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes mot Laukhammar. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Litt av kvart her. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Utsikt mot Kråko og Flatøya. Foto: Sigmund Erland
Utsikt frå Haukanes mot Laukhammar. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Fint og velstelt. Foto: Sigmund Erland
Frå Haukanes. Fin eigedom, og fin utsikt. Foto: Sigmund Erland
Her får Johanne Bjørg Molvik ein turkopp i gåve frå Stord Gutta På Tur for veldig fin guiding på turen vår.
Foto: Oddbjørn Kvålsvold

ALTERNATIV TUR

Det var 14 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

Dei gjekk tur i området Høgskulen Vestland på Rommetveit, parken der, Klingenbergkaien, og opp på terrassen til Arne Trageton der kaffi og niste blei fortært i ein flora av Rhododendron.

Alle foto på alternativ tur: Bjørn Østrem

Tur 911 Agdesteinfjedlet. Rundtur. Den 16.05.2024.

I alt møtte det opp 33 denne dagen.

16 av desse var med på turen til Agdesteinfjellet.

Turlengd: ca. 5 km.

Turleiar: Arne Haugland.

Turen starta frå parkeringsplass på Heio, ca. 200 m nedanfor bommen på Kattnakkvegen. Me gjekk først bort til «Steinen» der me hadde ein liten pause. Derifrå gjekk me ca. 1 km nedover dalen før me snudde til høgre og følgde høgspentlina opp ein annan dal. Me tok ein avstikkar på 200 m til venstre ut til kanten av Agdesteinfjedlet der det var matpause. Frå denne staden er det vid utsikt søraustover mot store delar av Sunnhordland. Frå Agdesteinfjedlet gjekk me same vegen tilbake til høgspenlina, men gjekk derifrå inn på sti som går aust for Hetlesætertjødno tilbake til parkeringsplassen. På turen fekk me sjå hoggorm, spretne froskar og hjort, og gauken gol rett som det var. Det var stor semje om at dette hadde vore ein kjekk tur.

Kartutsnitt der turtraseen er teikna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland
Her startar me frå parkeringsplassen på Heio. Foto: Sigmund Erland
Informasjonstavle på Heio. Turleiaren orienterer om turen til Agdesteinfjedlet.
Foto: Sigmund Erland
Ein hoggorm som me traff på veg mot «Steinen».
Foto: Sigmund Erland
Kort pause på veg mot «Steinen». Foto: Sigmund Erland
Pause ved «Steinen». Foto: Sigmund Erland
Pause ved «Steinen». Foto: Sigmund Erland
Utsikt i retning mot Rosendal og Folgefonna. Foto: Sigmund Erland
Staden der me snudde til høgre oppover mot Agdesteinfjedlet.
Foto: Sigmund Erland
Staden der me snudde til høgre oppover mot Agdesteinfjedlet.
Foto: Sverre Vinje
Turleiaren oppfordra turdeltakarane til å drikka nok vatn på tur, særleg når det er varmt. Her følgjer ein av turdeltakarane oppfordringa. Foto: Sigmund Erland
Her følgjer me høgspentlina oppover mot Agdesteinfjedlet. Me ser Hodnaneset, Skjeleviksundet og Skorpo i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland
Her kjem me fram til Agdesteinfjedlet.
Foto: Sigmund Erland
Det er god og vid utsikt søraustover frå Agdesteinfjedlet.
Foto: Sigmund Erland
Matpause på Agdesteinfjedlet.
Foto: Sigmund Erland
Matpause på Agdesteinfjedlet.
Foto: Sigmund Erland
Turdeltakarane skreiv seg inn i turboka på Agdesteinfjedlet.
Foto: Sigmund Erland
Me såg mange froskar på turen. Denne prøvde å gøyma seg så godt han kunne for fotografen. Foto: Sigmund Erland



ALTERNATIV TUR

Det vart 17 turdeltakarar som gjekk alternativ tur.

Johannes Belsvik leia turen som gjekk rundt Frugardselva, med matøkt ved Ådlandsvatnet.

Nordbygdo ungdomsskule hadde utflukt ved vasskanten. Ein flott ungdomsgjeng, med eksemplarisk oppførsel. Dei hadde ikkje noko i mot å koma på heimesida vår (stordgutta.no).

Oddbjørn Kvålsvold

Alle bildene er tatt i Ådlandsvikjo. Foto: Oddbjørn Kvålsvold.
Samtykke til fotografering av ungdomsskuleelevane frå Nordbygdo ungdomsskule er innhenta.