Tur 908 Rundtur frå Løvegapet til Dyrnes Fyr den 18.04.2024.
I alt møtte det opp 38 turdeltakarar denne dagen.
21 av desse gjekk denne rundturen.
Turlengd: 6-7 km.
Turleiar: Arne Haugland
Bilane blei parkerte på parkeringplass ved Bømlavegen, ca. 300 m sør for fjellformasjonen «Løvegapet». Turstien starta på andre sida av Bømlavegen med retning mot sør/vest. Etter ca. 1 km passerte me stranda i botn av Roaldsfjorden der det var mykje plast og anna boss som hadde reke i land. Ca. 800 m lenger framme kom me fram til Sætrehilleren, nesten innerst i Sætrefjorden. Arkeologiske funn viser at det har budd folk her i lange tider, frå steinalderen og fram til 5-600 år e. Kr. Me gjekk vidare frå Sætrehilleren til Dyrnes fyrlykt, ei strekning på ca. 1 km. Fyrlykta blei sett i drift i 1910. Først med parafindrift, men frå 1993 med straum frå solcellepanel. Frå Dyrnes gjekk turen ca. 2,2 km mot nord/aust til Skipavik. Derifrå ca. 1,2 km på Skipavikvegen og langs Bømlavegen tilbake til parkeringsplassen.
Kartutsnitt der turtraseen er tegna inn med blå strek. Foto: Sigmund Erland.Bilde frå parkeringsplassen me starta turen frå. Turstien startar på andre sida av Bømlavegen. Foto: Sigmund ErlandTurleiar Arne Haugland informerer om turen me skal gå.
Foto: Sigmund Erland.«Løvegapet» i bakgrunnen, ca. 300 m nord for parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland.Informasjon i starten av turen. Me gjekk ikkje til Eide, men til Sætre, og vidare til Dyrnes og Skipavik.
Foto: Sigmund Erland.Utsnitt frå informasjonstavle.Ca. 600 m frå parkeringsplassen.
Foto: Sigmund ErlandGruppebilde ved liten foss, ca. 700 m frå parkeringsplassen.
Foto: Sigmund Erland.I botn av Roaldsfjorden er det mykje plast og anna boss som har reke i land.
Foto: Sigmund Erland.Mellom botn av Roaldsfjorden og Slettevika. Slettevika er ei vik i Roaldsfjorden, ca. 300 m sør/vest for stranda i botn av Roaldsfjorden.
Foto: Sigmund ErlandInnerst i Slettevika.
Foto: Sigmund Erland.Oppstigning frå Slettevika. Slettevika til venstre for holmen.
Foto: Sigmund Erland.Ca. midt mellom Slettevika og Sætre. Foto: Arne Haugland.Me nærmar oss Sætrehilleren, og ser Espevær i bakgrunnen.
Foto: Sigmund Erland.Me kjem fram til Sætrehilleren der det budde folk i Steinalderen og fram til 5-600 år e. Kr.. Foto: Sigmund Erland.Utdrag frå oppslag ved Sætrehilleren.
Foto: Sigmund Erland.Postkasse med turbok i.
Foto: Sigmund Erland.Leiinga i Stord Gutta På Tur tek ansvar og skriv i turboka.
Foto: Sigmund ErlandFoto: Sigmund Erland.Ein liten kvilepause i botn av Sætrefjorden. Foto: Sigmund Erland.Her gjer me ein 200-300 m avstikkar ut til Dyrnes fyrlykt på stien mellom Sætrehilleren og Skipavik.
Foto: Sigmund Erland.På veg oppover mot Dyrnes fyrlykt.
Foto: Sigmund Erland.Informasjonsplakat ved Dyrnes fyrlykt.
Foto: Sigmund Erland.
Utsnitt frå informasjonsplakat. Foto: Sigmund Erland.
Fyrlykta fekk solcellepanel og blei automatisert i 1993. Tidlegare var det parafindrift. Foto: Sigmund Erland.Gruppebilde nr. 1 ved Dyrnes fyrlykt.
Foto: Sigmund Erland.Gruppebilde nr. 2 ved Dyrnes fyrlykt.
Foto: Arne Haugland.Matpause nær Dyrnes fyrlykt.
Foto: Sigmund Erland.ScreenshotPå veg ned frå Dyrnes fyrlykt.
Foto: Sigmund Erland.Det er ikkje berre fast fjell på Bømlo.
Foto: Sigmund Erland.Me går på vestsida av Lenutetjørna. Lenuten i bakgrunnen. Foto: Sigmund Erland.Det var anlegg for frisbeegolf mellom Lenutetjørna og Skipavik.
Foto: Sigmund Erland.Me er på veg inn mot Skipavik.
Foto: Sigmund Erland.Her forlet me Skipavik og går oppover mot Bømlavegen.
Foto: Sigmund Erland.Her går me på Skipavikvegen frå Skipavik oppover mot Bømlavegen, og vidare til parkeringsplassen. Foto: Sigmund Erland.
ALTERNATIV TUR HEIANE-VALVATNA-HEIANE.
Det var 17 turdeltakarar som gjekk alternativ tur Heiane-Valvatna-Heiane.