I alt møtte det opp 35 turdeltakarar denne dagen.
21 av desse gjekk turen i Handelandsdalen.
Bilane blei parkerte på parkeringsplass ca. 200 m ovafor Handeland gard. Turen gjekk på skogsveg oppover Handelandsdalen. Ca. 1,2 km frå parkeringsplassen gjekk me forbi gapahuken på Feto, og vidare derifrå gjekk me ca. 500 m oppover dalen. Der snudde me, og gjekk tilbake til gapahuken der me hadde matpausen. Siste strekningen fram til gapahuken gjekk me ca. 200 m på «gamlevegen», som går parallelt med den nyare skogsvegen.



Foto: Sigmund Erland.






















-o-o-o-
Det var 14 turdeltakarar som gjekk alternativ tur til gapahuken i Skipåsen på Stord.


Foto: Bjørn Østrem.