Dugnad ved Buskasmogbekkjen den 12.03.2024.

Den 21.02.2024 sette Stord Gutta På Tur ut eit nytt bord som blei plassert oppå knust asfalt ved Buskasmogbekkjen. På dette bordet kan ein del av benken vippast opp slik at rullestolbrukarar kan koma heilt inntil bordplata.

Dugnaden den 12.03.2024 gjekk ut å på flytta bordet midlertidig til sides, dekka den knuste asfalten med tilkjørt veggrus, og planera denne grusen. Det blei lagt til rette for at rullestolbrukarar skulle kunne koma lett bort til bordet. Til slutt blei bordet sett tilbake oppå grusen og stabilisert.

Grusen vart køyrt med Arne Haugland sin bil og Harry Vorland sin tilhengjar.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Haugland, Harry Vorland, Johannes Skorpen og Sigmund Erland.

Kartutsnitt som viser dugnadsstad.

Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland
Foto: Johannes Skorpen
Foto: Sigmund Erland

Tur nr. 903 til Svinavik (Svanevika) på Halsnøy den 07.03.2024.

I alt møtte det opp 42 stk. denne dagen.

25 stk. gjekk turen til Svinavik på Halsnøy der Jens Ivar Østvik og Toralf Røen var turleiarar.

Turen starta og slutta ved garden Sjoangen. Turen sørover gjekk på merka sti gjennom skogen til Svortevika, og vidare derifrå til Svinavik. Frå Svinavik gjekk turen tilbake til Svortevika, og derifrå langs kraftlinja forbi Hansavika og Sjoangevågen tilbake til Sjoangen.

Tur 903 er tegna inn med blå strek.
Tur 903 er tegna inn med blå strek.
Turen starta frå garden Sjoangen. Turleiar Toralf Røen orienterte om området rundt Sjoangen. Foto: Jakob Thormodsæter.
Hytte på Sjoangen. Foto: jakob Thormodsæter.
På merka sti sørover frå Sjoangen. Framme, frå venstre: Turleiar Toralf Røen, turleiar Jens Ivar Østvik, og Kjell Vestrheim. Foto: Sigmund Erland
På veg mot hellar , ca. 400-500 m sør for Sjoangen, der det blei tatt gruppebilde. Foto: Sigmund Erland.
Gruppebilde under hellaren. Foto: Jakob Thormodsæter.
Motiv frå turen sørover. Foto: Sigmund Erland
Svortevik kolerakyrkjegard der berre ein person er gravlagt. Foto: Sigmund Erland
Inngangen til kolerakyrkjegarden. Foto: Sigmund Erland
Den einaste gravstøtta på kolerakyrkjegarden. På denne står det: «Svortevik kolerakyrkjegard. Her kviler Knut Steffenson Sjøvangen. F. 1784. D. 15.03.1849.» Foto: Jakob Thormodsæter.
På veg ned mot Svortevika. Foto: Sigmund Erland.
Ovafor Svortevika. Foto: Sigmund Erland.
Gruppebilde. Foto: Jakob Thormodsæter.
Kårhuset i Svinavik. Foto: Sigmund Erland
Hovedtunet i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Gruppebilde i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Matpause i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Matpause i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Me blei tatt godt imot av dei som oppheldt seg på garden. Foto: jakob Thormodsæter.
Klar for turen tilbake til Sjoangen. Foto: Jakob Thormodsæter.
Det var utført mykje godt arbeid med stein i Svinavik. Foto: Jakob Thormodsæter.
Utsikt frå Svinavik mot Toftekalven. Foto: Sigmund Erland.
Bilde frå Svortevika. Turen tilbake gjekk langs kraftlinja frå Svortevika til Sjoangen. Foto: Sigmund Erland.
På veg frå Svortevika mot Sjoangen. Foto: Jakob Thormodsæter.
Denne «Treormen» låg på stranda i Hansavika. Foto: Sigmund Erland
«Litt» lekkasje i denne båten i Hansavika. Foto: Sigmund Erland
Utsikt ned mot Sjoangevågen. Foto: Sigmund Erland.

Det var 17 stk. som gjekk alternativ tur i området Møllebrua-Ådland-Ådlandsvatnet.

Deltakarar på alternativ tur, her på Møllebrua. Foto: Bjørn Østrem
Deltakarar på alternativ tur, her ved Ådlandsvatnet. Foto: Bjørn Østrem

Dugnad den 05.03.2024. Utplassering av bord i Grovalio.

Leif Arvid Grov hadde tidlegare transportert opp knust asfalt som bordet skulle stå på. Anders Grov har kjørt bordet opp med traktor. Den knuste asfalten vart planert av dugnadsgjengen med god hjelp av Anders Grov som hadde med traktor med skuffe.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Trageton, Arne Runnane, Anders Grov, Knut Reidar Borgenvik, Kjell Vestrheim, Johannes Haugland og Arne Haugland

Fotograf: Arne Haugland