Dugnad ved Buskasmogbekkjen den 12.03.2024.

Den 21.02.2024 sette Stord Gutta På Tur ut eit nytt bord som blei plassert oppå knust asfalt ved Buskasmogbekkjen. På dette bordet kan ein del av benken vippast opp slik at rullestolbrukarar kan koma heilt inntil bordplata.

Dugnaden den 12.03.2024 gjekk ut å på flytta bordet midlertidig til sides, dekka den knuste asfalten med tilkjørt veggrus, og planera denne grusen. Det blei lagt til rette for at rullestolbrukarar skulle kunne koma lett bort til bordet. Til slutt blei bordet sett tilbake oppå grusen og stabilisert.

Grusen vart køyrt med Arne Haugland sin bil og Harry Vorland sin tilhengjar.

Dugnadsgjengen denne dagen var Arne Haugland, Harry Vorland, Johannes Skorpen og Sigmund Erland.

Kartutsnitt som viser dugnadsstad.

Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland
Foto: Arne Haugland
Foto: Johannes Skorpen
Foto: Sigmund Erland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *